Debatt

Endelig fri

DEBATT: Frp-begeret, som vanlegvis fort blir tomt, var denne gongen breiddfullt. Så fullt at det bare var tre dråpar som skulle til før det rann over. Ei IS-kvinne og dei to barna hennar.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av:  Jarl Wåge

Om du høyrer hurra-rop som gjallar frå kyst til dal til fjell, så ikkje fortvil. Det er ikkje 17. mai som kjem dundrande som julekvelden på kjerringa. Det er bare å la bunaden henge i skapet og la flaggstanga forbli naken.

Det er bare alle Frp sine «bundne treller, de som regjeringsmakten knuget har», som feirer at dei endeleg er fri, at dei har fått att sjølvstende og handlinghsfridom. Dei skulle glitre og stråle på maktas tindar. Gjere Noreg til eit ytre-høgre-paradis. I staden blei det ei ørkeslaus vandring i skuggedalar heilt sidan Siv Jensen for meir enn seks år sidan brølte «Mornaaaaa Jeeeeeens» så kongeriket skalv i grunnvollane.

Free at last. Endeleg kan dei rakrygga senke skuldrene og sjå framover med mørkeblå blikk. Å vere ansvarsfull har tatt på. Så mykje at politikken og det å ha regjeringsmakt har blitt grått og gørrkjedeleg. Er det noko ein ikkje kan skulde FrP for, ja, så er det å vere gørrkjedelege. Frp-begeret, som vanlegvis fort blir tomt, var denne gongen breiddfullt. Så fullt at det bare var tre dråpar som skulle til før det rann over. Ei IS-kvinne og dei to barna hennar.

Sjølvsagt har det ikkje bare vore gråvêr å sitte med regjeringsmakt. Dei insisterer på at dei har vunne mange sigrar: Segway til folket (korleis klarte vi oss utan?). Lakrispiper (ditto?). Rett til uhemma å bråke i skjærgarden med vannscooter. To ekstra flasker taxfrre-vin.

Og sist men ikkje minst. Sjølve fundamentet i politikken deira: Partiet «for folk flest» har skatteletta rike folk flest med milliardar av kroner.

No har dei kasta av seg åket og kjørt gassen i bånn for å fremje ekte Frp-politikk. Ja, de veit, den typen som ikkje fungerer så godt i regjering. Endeleg kan dei vere så høgrepopulistiske dei vil utan at Erna ber dei «ikke bruke akkurat de ordene». Dei kan sutre, syte, klage og protestere så mykje dei lystar utan at nokon kan slenge i fleisen på dei at: «Ja, men de set med regjeringsmakt for pokker. Sjå til å gjere noko med det.»

Dei kan rett og slett vere heidundrande ansvarslause og love og lyge av hjartans lyst. Det er klart for ny løftebonanza. Som å sette ned bensinprisane. Skikkeleg drastisk. Til det ugjenkjennelege. Det skar seg jo. Medan Siv Jensen sat på regjeringspengesekken, steig prisane år for år til stadig nye høgder. Men no…

«Jeg garanterer at det blir bompengefritt med Frp i regjering», lova Bård Hoksrud i 2013. Det viste seg fort at FrP ikkje var like dyktige til å hoppe over vegbommar som Karsten Warholm er til å forsere hekkar. Dei snubla, datt og heldt på å knekke ryggen på dei helsikes bommane. Så ille blei det at det reiste seg eit storbyfolkeopprør fordi bompengar gjorde skikkelege innhogg i folk flest sin privatøkonomi. Eit opprør som sjølvsagt burde ha vore regissert av FrP. I staden blei det FrP sitt møte-med-seg-sjølv-i-døra. Dei hadde hatt samferdsleministeren i alle desse åra og slapp ikkje unna hovudansvaret for fleire og dyrare bomvegar.

Endeleg kan dei bli antiinnvandringspartiet par excellence igjen. Restriksjonsfritt og med bravour: «Ikkje ein muslim over våre grenser. Ikkje ein velferdsprofitør. Ikkje ein lykkejeger. Vi kan ikkje ta imot heile Afrika (vil heile Afrika hit?) eller vere verdas sosialkontor.» Der er eg einig. Sosilakontor for over 7.6 milliardar menneskje er i drygaste laget.

Det stoppar ikkje der. Mulla Krekar! Dei kan i det minste papirutkaste han. «Han skal vere ute av landet i løpet av 100 dager om Frp kommer til makten», lova Carl I Hagen. Dei sat med makta i godt over 2200 dagar, men neiggu om dei fekk han ut. Dei mislukkast til og med i å forvise han til Kyrkseterøyra som dei prøvde på. Kva som var straffa med å bli sendt dit, er det ingen som har skjønt. Kanskje tenkte dei at det var straff for mullaen å komme til ein stad han aldri ville klare å uttale namnet på?

Det Frp-løftet vi alltid kan stole på, er at rikfolk flest vil få enda meir skattelette kasta etter seg om FrP skulle komme i regjering igjen. Men vil dei klare det? Å komme i regjering igjen? Eit framstegsparti i fri utfalding som kan dyrke det dei er best på, rå populisme, vil heilt sikkert sjå lystelegare tal i meiningsmålingane framover. Men skal dei klare å komme i regjeringsposisjon, må dei vel ha reint fleirtal for å lukkast?

Høgre vil vegre seg for på nytt å gå i samarbeid med eit parti som skrota eit regjeringsprosjekt på grunn av tre norske statsborgarar som blei henta heim. Dessutan kan det tenkast at Frp si regjeringsflukt er med på å styrke sentrum i norsk politikk. Dei «små tullepartia» som har tapt veljarar ved å gå i regjering med Frp, kan etter å ha lege under sperregrensa lenge, kanskje oppleve ei vekkjingsbølgje over landet som gjev dei auka oppslutnad. Ein ting er i alle fall sikkert; ingen Venstre- eller KrF-leiar som liker jobben sin, vil våge å lure veljarane sine inn i ei ny regjering med ytre høgre.

Endeleg fri, altså. Til å føre Frp-politikk. I media, på gater og torg. Med kors på halsen hos Visjon Norge. Som eit firkanta støttehjul for den nye Solberg-regjeringa. Så får vi sjå om dei oppnår meir i opposisjon enn i posisjon.

Mer fra: Debatt