Debatt

«Det e`sjynt å kjøra buss»

Mener at Kolumbus har en lang vei å gå.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Jarl Wåge

«Det e` sjynt å kjøra buss. Det finnes ikkje herlegare skyss», var ein del av refrenget i ei Stavanger-vise som dura og gjekk på radio forrige gongen eg budde i Stavanger. Forfatta av Ajax og framført av mellom andre Tor Inge Kristiansen. Så ofte blei ho spelt at ein etter kvart lærte delar av teksten utanåt.

Eg har vore «landflyktig» i 35 år, men flytta nyleg attende til Siddis-land. Her er det framleis «sjynt å kjøra buss». Men ikkje pokker om det er 35 år sjynnare enn sist eg budde her.

«Det koste litt. Og humpe gjør det titt.» Enkelte stader, som mellom Stavanger holdeplass 44 og Stavanger holdeplass 8, humpar det tittare enn nokon gong. Ja, det heiter det. Holdeplass 44 i Klubbgata og Holdeplass 8 ved Busstasjonen.
På rute 4 er det Jorenholm, Holdeplass 44, Holdeplass 8 (forstå det den som kan) og så Politistasjonen. Mellom 44 og 8 humpar det som sagt noko så inn i hampen. Der er det brustein som gjeld. På denne strekninga burde det vere påbode med nyrebelte i staden for setebelte.

Ikkje bare humpar det på bussane i Stavanger. Det rykkjer òg. Titt og kraftig. Det går i rykk og napp, for å seie det sånn. For folk som er enda eldre enn eg, kan det å ta buss vere reine risikosporten. Mange sjåførar har nemleg ein lei tendens til å stoppe brått. Som om dei plutseleg oppdagar at «Oi! Der var det jammen meg eit busstopp». Då kan ein plutseleg fly gjennom lufta som ein basehoppar om ein ikkje har funne seg ein plass.

Bråstoppsjåførane tar i tillegg gjerne av frå busstoppa som er dei deltakarar i Rally Monte Carlo. Nåde den «kånebak» som då ikkje har eit sete å kvile seg på. Det kan bli ufriviljug, baklengs salto av slikt. Av og til føler eg meg freista til å rope, som ein tidlegare elev av meg gjorde etter at ho var blitt vaksen og hadde barn i barnevogn: «Hei. Har du fått sertifikate` i posten?»

Eg foreslår for Kolumbus (ikkje han oppdagaren, de veit, som bomma så kapitalt på reisemålet at han trudde han var i India då han eigentleg var komen til Amerika. Det er busselskapet med same namn eg foreslår for) at dei kjører alle sjåførane gjennom eit anti-rykk-og-napp-kurs. Sånn for passajerane si helse si skuld. Forresten; hiv på eit smilekurs samtidig. Smil gjer òg godt for helsa.

Medan eg framleis budde i Oslo, fylgde eg hovudristande med på bompengeopprøret på Nord Jæren. Det glødande, intense raseriet. Trugsmål mot politikarar. Sjikane av born til politikarar. Bompengar var med eitt det viktigaste på jord.
Viktigare enn miljø, helse, eldreomsorg og utdanning.

Då eg blei pensjonist, gav eg bort bilen til sonen min. I hovudstaden var kollektivtilbodet så fabelaktig at eg aldri hadde bruk for den firhjulte etter at eg slutta å jobbe. Eg kom fram overalt for ein billeg penge. Etter at eg flytta til oljebyen, ristar eg framleis på hovudet over intensiteten i bompengemotstanden. Samtidig forstår eg meir av kva opprøret handlar om.

Byen er på amerikansk vis planlagt og organisert på bilen sine premissar. Digre kjøpesentra og svære spesialbutikkar er plasserte i bilavstand frå byen. I sommar då eg pussa opp den nye leilegheita mi og hadde bruk for å besøkje Megaflis, IKEA, El-kjøp og Tvedtsenteret, blei det heildagsutflukt med buss, vandring, ny buss, ny vandring og ny buss.

Noko av det eg likar aller best med Jæren, er dei fantastiske strendene langs kysten. Nokre av dei beste i landet. I mitt forrige liv i Stavanger, elska eg å vere der. Sjølvsagt aller mest på solskinnsdagar. Men og når stormane fillerista oss og jaga havet i digre bølgjer innover land.

Ein laurdag lova dei fint vêr søndagen etter. Så eg bestemte meg for å gå den fine turen frå Hellestø til Boresanden og tilbake igjen. På Busstasjonen kunne dama i informasjonen fortelje meg at «Dessverre. Det går ikkje buss dit på søndagar. Ikkje på dei andre dagane heller.» Den einaste måten eg kunne komme meg dit på, foreslo ho, var å ta tog til Klepp og taxi vidare derifrå. Og det same attende. «Til Solastranda, då?» spurde eg. Nei, dessverre. Ingen buss dit heller. Då vurderte eg faktisk å skaffe meg bil att.

Som sagt er det ganske så «sjynt å kjøra buss» i Stavanger-området. Det går grøne Kolumbus-bussar i mange retningar, og ganske så ofte. I alle fall når det ikkje er sommar og halvert rutetilbod. Vi kan til og med hoppe på eitt og anna tog på månadsbilletten.

Men eg beklager å måtte seie det; det er ikkje «sjynt» nok. Kolumbus har ein lang veg å gå, for ikkje å snakke om å kjøre. Det må leggjast opp til mange fleire ruter og hyppigare avgangar.

Kolumbus kan forresten ikkje klare det åleine. Det må storsatsing til frå politikarane si side. Både lokalt og nasjonalt. Det er framleis altfor mange bilar på vegane. Og det blir slett ikkje færre når gigantiske vegprosjekt stadig legg til rette for meir bilkjøring.

Ønskjer ein verkeleg å få folk over frå bil til buss, ja, då er det ein føresetnad som må vere til stades. Det må stå billege, hyppige bussar klare til å ta over for bilane. Klarer ein å fikse det, vil truleg Bompengepartiet vere irrelevant ved neste lokalval.

Og medan de jobbar med saka; kva med i alle fall «solskinnsbussar» til Jær-strendene? Det hadde vore «sjynt» det, Kolumbus.

Mer fra: Debatt