AV: ANDERS M. ANDERSEN
Må 60 på Rosenberg slutta når Storbritannia går ut av EU? Det er typisk oppspinn frå NHO, som vil ha oss til å tru at alt anna enn EU er kaos. Det måtte då etter norsk lov vera ulovleg for andre enn folk frå EU å ha arbeid her i landet, og det er det ikkje. Ingen andre enn me sjølv kan stenga folk ute eller senda dei ut herifrå. Dette landet er fritt.
Med EØS-avtalen har Ap, Høgre og Frp gitt alle borgarar frå EU-landa rett til å ta arbeid her i landet, og dei har fått til at dei skal ha løn og vilkår som i landet dei kjem frå. Altså lågare enn norske løner. Denne sær-retten er ingen einerett. Her arbeider folk frå mange land utanfor EU. Det skulle då berre mangla og er vel noko alle veit.
NHO vil ha oss til å tru at utan EU blir me og alle andre isolerte. Det er ikkje sant. EU og britane kan ikkje og vil aldri slutta å handla med kvarandre. Til det er dei økonomiske interessene alt for store, på begge sider. Storbritannia kan ikkje ha interesse av å hindra engelskmenn og skottar frå å arbeida på Rosenberg? Tåpeleg katastrofeteori.
Partia som har opna for ubegrensa arbeidsinnvandring frå EU dekker over dette med å forby andre å få arbeid her. Då han sat i regjering, laga Gahr Støre dess reglane. Berre flyktningar blir utsette for slikt; slett ikkje engelskmenn og skottar.