Debatt

Kronikk: Trygg oppvekst for alle i Stavanger

Barnehage og skule skal gje barn og unge kompetanse, ikkje berre fagleg, men også sosialt, skriver Anne Kristin Bruns (KrF).

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Anne Kristin Bruns, oppvekstpolitiker (KrF)

Ei kvinne kom nyleg til meg og sa: «Tenk eg trudde eg var dum då eg var liten sidan eg ikkje klarte å få det heilt til på skulen. Karakterane var ikkje så gode og eg strevde med å få med meg det som skjedde. Dette har eg trudd heilt til eg nyleg fekk 6 på eksamen som eg tok etter at eg var blitt voksen. Heime var det rot, krangel og alkohol. Eg fekk ikkje sove. Derfor var eg veldig ofte trøtt på skulen, og hovudet mitt var så fult av bekymringar og redsel. Læraren var snill, men der var for mange andre i klasserommet som også trengde oppmerksomhet, så eg tenkte at det var best å vere stille, usynleg og ikkje plage henne.»

Ho blei ikkje sett på som eit risikobarn. Ho var ikkje i kontakt med PPT. Ho var ikkje på Lenden eller andre kompetanse-senter. Ingen individuelle planar. Ho var ein av dei 95% barna våre som er i klasserommet, som har særlege utfordringar, men som ikkje fekk tilpassa opplæring.

Dette er kvardagen for mange barn og unge i dag. Barn som føle seg utanfor, kjenner seg annleis, ikkje har det bra inni seg og lever i fattigdom. Vi finn dei i alle barnehagar, på alle skular, i heile vår by. Det er difor det er så viktig å styrke fellesarenaen i budsjettet.

KrF er eit oppvekst- og skuleparti. Eg er stolt av at vi i samarbeid med fleirtallspartia har klart å snu kutt til styrking i årets skulebudsjett. For KrF er det viktig at vi i komande år legg til rette for at barn blir sett. Barn og ungdom som treng at ein ikkje berre forstår og ser gjennom fingrane, men både har kapasitet til og gjer noko med det ein ser. Derfor har vi saman med dei samarbeidande partia arbeidt hardt for å styrke nettopp denne arenaen. Det handlar om å styrke driftsramma slik at den enkelte barnehage og skule kan ha eit større handlingsrom utifrå sitt behov.

I årets budsjett har vi lagt vekt på det ved å styrke klasserommet, som den forebyggande arenaen. Der alle barn er, både dei som treng ekstra hjelp fordi dei har ulike utfordringar i livet som gjer at ein strevar med å henge med, og dei som intellektuelt kanskje skulle gått to klasser over fordi dei er ekstra evnerike.

Her skal elev og lærar ha sin kvardag. I dette rommet skjer spesialundervisning og tilpassa opplæring. Her skjer språkopplæring. I dette rommet er arbeidsdagen til lærarane. Opplevinga av å stadig ikkje rekke over alle, ikkje ha nok tid eller nok folk, slit. Opplevinga av å ønske å gjere ein god jobb kan stå i kontrast til den kvardagen ein møter dag etter dag, og veke etter veke. Gjennom styrking av klasserommet, styrke ein også arbeidssituasjonen for dei tilsette. For KrF har antall lærarstillingar i 1–4 trinn vore ei hovedsatsing. Dette fekk vi nyleg fortsatt vidareført gjennom øremerka midlar til nettopp styrking av antall lærarar i skulen.

Stavanger kommune manglar pedagogar i barnehagane. Gjennom årets budsjett vil vi legge til rette for å styrke kompetansen for barnehagepersonell og legg til rette for at ukvalifiserte får ta både fagbrev og utdanning som pedagogar.

Helsesøster eg har vore i kontakt med seier den psykiske helsa «brenn» blant barn og unge. På dei mange skulebesøk vi har gjort denne hausten får vi ei massiv tilbakemeldingar på at psykisk uhelse er aukane. Skulevegring, spiseforstyrrelsar, sjølvskading, stress, press om å prestere på alle områder samtidig og mobbing. Dette ønsker vi å ta på alvor gjennom mellom anna å styrke skulehelsetenesta, auka ressursar til å faktisk sjå dei stille og dei aktive barna. Alle skal bli sett og barnehage og skule skal vere ein god stad både å lære og vere, som Jåtten skule har som motto. I denne samanheng har vi også styrka mobbeombod. Tilbakemeldinga etter at vi fjor sette av midler til eit mobbeombod er at ombodet berre i haust har hatt over 100 enkeltsaker. Arbeidet har i hovedsak bestått i å bistå foreldre og elevar i møte med skulen, og derfor styrker vi dette slik at ein også kan starte med kunnskapsformidling og informasjon.

Barnehage og skule skal gje barn og unge kompetanse, ikkje berre fagleg, men også sosialt og det å vere medborgar, slik at dei skal vere rusta til å mestre utfordringar og oppgåver dei vil møte vidare.

Når 98 prosent av barna i Stavanger går i barnehage og alle går på skule, er desse stadane den naturlege arena for utvikling av holdningar og den sosiale utjamning. Derfor er KrF glad for styrking av skulehelsetenesta i årets budsjett med 6 årsverk. Sentralt har også KrF forhandla fram 250 mill. til helsestasjon og skulehelsetenesta, og når vi også får støtte frå regjeringa gjennom statsbudsjettet på ein opptrappingsplan for psykisk helse og øremerka midler til helsesøster, jobbar vi godt i lag, lokale og sentrale politikarar.

KrF og Venstre fekk saman med regjeringspartia forhandla fram ei auka ramme til kommunane slik at vi også reverserte kutt både til Lenden skule- og ressurssenter og barnehagane sitt ressurssenter for dei særleg sårbare barn og unge. Det er eg og KrF svært glad for.

Når eg jobbar med dette feltet, ser eg for meg Mari 2 år, Thomas 6 år, Fredrik 10 år, Lea 12 år og Rune 16 år. Barn og ungdom som lukkast, som streve og samtidig veks gjennom rettelegging for gode læringsarenaer.

Om en kjenner seg dum gjennom heile oppveksten, er det ikkje enkelt verken å gå på skule, fullføre vidaregåande eller etablere seg i arbeidslivet.

Mer fra: Debatt