Debatt

Debatt: Storregion er ikkje bra for Vestlandet

Eit sterkt vestland skjer ikkje ved å svekke folkestyret og fordele/flytte på dagens oppgåver og ansvar, skriver Geir Pollestad, Kjersti Toppe og Liv Signe Navarsete.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Geir Pollestad, stortingsrepresentant Sp, Rogaland, Kjersti Toppe, stortingsrepresentant Sp, Hordaland og Liv Signe Navarsete, stortingsrepresentant Sp, Sogn og Fjordane

Fylkesordførarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har underteikna intensjonsavtale om nytt storfylke som skal erstatte dagens tre fylker. Dette er i tråd med regjeringa sitt mål om færre og større regionar i Norge. Forslaget skal handsamast i fylkestinga før jul. Vi meiner at den blå-blå regjeringa sin politikk og denne avtalen ikkje er til det beste for innbyggjarane i våre fylke.

Det er uklokt å ommøblere regionen vår på så dramatisk vis, utan at ein veit om ein skal bruke det nye storfylket til noko nytt. Utan å vite klart kva ansvar eit nytt storfylke får, er det feil å sentralisere den folkevalde makta over det lokale skule-, samferdsle- og kulturtilbodet som fylkeskommunen har i dag, og slik skape enno større avstand mellom folk og folkevalde. Dette vil ikkje betre samfunnsutviklinga eller skape betre tenester for våre innbyggjarar. Heller tvert i mot.

Vi representerer i dag Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland på stortinget. Desse fylka har ingen problem med det ansvaret som fylkeskommunen har i dag. Å håpe på at nye oppgåver frå staten kjem, berre ein fyrst legg ned eige fylke, er ein strategi vi har erfaring for vil mislykkast. Vi vil minne om at det er H/Frp- regjeringa som har lagt løpet. Dei same partia som vil legge ned heile det regionale nivået, og sentralisere makt til staten og tilhøyrande direktorat. Dei har bedt fylkestinga gjere sine prinsippvedtak om nye folkevalde regionar, utan å vite nokon ting om kor vidt nye oppgåver kjem. Sjølvsagt.

Prosessen er identisk med kommunereforma, som heilt klart er ein rein sentraliseringsreform. Men vi kan ikkje gjere same feilen to gonger. Regjeringas regionplan legg ikkje opp til desentralisering av makt frå staten, og vil undergrave folkestyret, gi meir byråkrati og auka forskjellar i mellom folk og stader. Interessene til folk flest og regionen som heilheit vil svekkast dersom forslag til intensjonsavtale for «Vestlandsfylket», blir vedteke.

Våre regionale fortrinn er nært knytt til vår identitet. Då er også språk viktig. Men intensjonsavtalen legg opp til at eit nytt storfylke skal vere språknøytralt. Det har naturleg nok skapt sterke reaksjonar, spesielt i Sogn og Fjordane. Men dette er berre eitt døme på kva tilpassingar og kultureinsretting som vil skje, når ein sentraliserer makt.

Vestlandet er ein viktig landsdel i Norge, med stor verdiskaping og rike naturressursar. Senterpartiet kjempar for geografisk fordeling, aktivt folkestyre og samarbeid for desentralisering av arbeid, makt og kapital til vår landsdel. Men eit sterkt vestland kan berre skje ved å styrke den regionale makta i forhold til staten. Eit sterkt vestland skjer ikkje ved å svekke folkestyret og fordele/flytte på dagens oppgåver og ansvar.

Mer fra: Debatt