I dag koster dagsparkering for fylkesansatte 19 kroner. Fylkesrådmannen foreslår å øke prisen til 30 kroner. Det protesterer de ansatte på. Foto: Pål Karstensen

Debatt: Regionreforma på Vestlandet

Av: Daniel Ducrocq, fylkesleiar, Raudt Hordaland, Sara Nustad Mauland, fylkesleiar, Raudt Rogaland, Ingunn Kandal, fylkesleiar, Raudt Sogn og Fjordane

Raudt Sogn og Fjordane, Raudt Hordaland og Raudt Rogaland går sterkt imot den planlagde Vestlands-regionen. Fylkesordførarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har lagt fram ein plan om å slå fylka sine saman til ei ny eining - den såkalla Vestlandsregionen. Me i Raudt i dei tre vestlandsfylka kan ikkje sjå at ein slik region vil gje innbyggjarane nokon fordelar, men me ser mange ulemper.

Til dømes risikerer me lengre avstandar mellom innbyggjarar og avgjerdstakarar, meir avmakt og mindre reell innverknad.

Når ein erstattar det fylkeskommunale forvaltingsnivået med eit regionnivå, er baktanken utan tvil å flytta forvaltinga (byråkratiet og dei politiske organa) lenger bort frå innbyggjarane, dei offentleg tilsette, kommunane og bygdene. På den måten sikrar sentralmakta at administrasjon og folkevalde identifiserer seg mest med systemet og mindre med dei tilsette eller dei som dei er valde for å tene.

Me i Raudt registrerer òg at leiaren i NHO Service, Petter Furulund, ved fleire høve har uttala seg om kommunesamanslåingar, og kvifor dette er viktig for NHO Service: «(...)for oss som bedrifter er det positivt at man lager større enheter, både når det gjelder innkjøp og drift av velferdstjenester. Det blir mer volum. Små kommuner gjør det vanskelig å tjene penger på å drive velferdstjenester», sa Furulund til Klassekampen 2.4.2014.

Me er overtydde om at arbeidet for privatisering, altså private sugerøyr ned i statskassa/skattepengane, er ei hovuddrivkraft i arbeidet for større kommunar og større fylke (=regionar).

Raudt registrerer òg med stor misnøye at intensjonsavtalen ikkje tek avgjerande omsyn til at Vestlandsfylka er nynorskfylke. Framlegget tek ikkje stilling til administrasjonsspråk, noko som er tolka som eit signal om at regionen skal vera språknøytral. Dette vil svekka stillinga til nynorsken i det som har vore ein av dei verkelege store og sterke bastionane for eit skriftspråk bygd på dialektane i bygd og by.

Meiningsmålingar utførd av Sentio i oktober og november i år viser at det ikkje er folkeleg oppslutnad for ein ny Vestlandsregion. På spørsmål om fylket deira burde slå seg saman med eitt eller fleire nabofylke eller fortsetja som eit eige fylke svara 57 % i Rogaland, 52 % i Hordaland og 52 % i Sogn og Fjordane at dei ville behalda dagens fylke. 41 % i Sogn og Fjordane var positive til å slå seg saman med andre fylke, og berre 33 prosent i Rogaland.

Raudt Sogn og Fjordane, Raudt Hordaland og Raudt Rogaland vil på grunnlag av dette krevje at saka skal ut til folkerøysting på ein felles dato i alle dei tre fylka før endeleg avgjerd blir teken.