Debatt

Debatt: Nynorsken si stilling er viktig for Høgre

Lat meg først få streka under ein ting: Eg har alltid vore ein stor tilhengjar av Tore Renberg og bøkene hans. Det er eg framleis, sjølv om eg vart svært vonbroten over Renberg sitt utspel om Høgre og nynorsk i Rogalands Avis laurdag 24. september.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

av Anne-Kathrine Bergh, Stavanger Høgres bystyregruppe

Renberg uttala mellom anna at «Høgre er seg sjølv. Dei driv framleis og hakkar på nynorsken» og held fram med at «Høgre viser seg frå si mest arrogante side».

Grunnlaget for disse påstandane er ikkje godt å få tak på, då resten av artikkelen handla om at Renberg vart utsett for eit verbalt åtak av ein perifer kjenning på flyplassen som var misnøgd med at han no har skrive ei bok på nynorsk. Hans andre poeng handla om ei utsegn han ikkje likte som kom frå fylkesordføraren, som representerer KrF. Det er vanskeleg å forstå kva disse døma har med Høgre å gjera. Likevel går han til åtak på Høgre. Eg vel å tru at påstandane skuldast ei misforståing frå Renberg si side.

Som Høgre-medlem gjennom fleire år er det vanskeleg å kjenna seg att i Renberg sine karakteristikkar. For eit konservativt parti er det både viktig og naturleg å ta vare på våre tradisjonar. Det gjeld i aller høgste grad også nynorsken. Me skal aldri gløyma vår kulturarv og historie, og difor meiner Høgre det er viktig at alle elevar har god kjennskap til begge målføre.

Dette er fullt mogleg å oppnå sjølv om ein ikkje har obligatorisk skriftleg opplæring i både nynorsk og bokmål. Difor har Høgre programfesta at det skal nyttast tekstar på både bokmål og nynorsk i norskfaget gjennom heile skuleløpet.

For ordens skuld må det strekast under at norskfaget kan vera anten nynorsk eller bokmål. Poenget er at ein skal ha kjennskap til og forståing for begge målføre, uavhengig av hovudmål.

Høgre vil avvikla ordninga med eigen karakter og eksamen i sidemålet, fordi det ikkje er naudsynt å kunna skriva feilfritt på begge målføre. Det som likevel er heilt naudsynt er at alle kan lesa og forstå det andre målføret, og difor skal alle elever kunna lesa tekstar på sitt sidemål.

Mange elevar har i dag eit negativt tilhøve til sidemålet sitt, som for dei fleste her til lands er nynorsk. Er trur dette hadde betra seg monaleg dersom skriftleg sidemålsundervisning vart gjort valfri. Eg trur fleire då ville sett at nynorsk er både vakkert og ein viktig del av vår historie.

Å vera for valfritt sidemål handlar ikkje om eit nei til nynorsken. Det handlar om ein betre moglegheit til å lære eit målføre godt, uavhengig om det er nynorsk eller bokmål. Eg ønskjer Renberg lykke til med si nye bok, den gler eg meg til å lesa. På nynorsk, sjølvsagt.

Mer fra: Debatt