Debatt

Debatt: Kvar vart det av dei nye store oppgåvene til kommunane?

Det er inga grunn til å tru at det venter nye store oppgåver for kommunane rundt neste sving, skriver Geir Pollestad (Sp).

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Geir Pollestad, Leder av næringskomiteen og stortingsrepresentant for Senterpartiet

Du har sikkert høyrt at kommunalminister Jan Tore Sanner har lova at kommunane skal få nye og tunge oppgåver.

I desse dagar så er desse oppgåvene på høyring og kommunane i Noreg er sjølvsagt på høyringslista. Når kommunalministeren legg vekk festtalane sine og skal vera konkret om nye oppgåver så er det mest komisk. Her er eit lite oversyn over kva oppgåver Sanner vil gje til kommunane:

Vigslerett til ordførar. Eg er trygg på at både dei fleste ordførarane vil vera gode vigslerar og vera i stand til å skape ei høgtidsstund på ordførarkontoret. Dette vil dei greie utan omsyn til kor «robuste» kommunane er.

Stadfesting av rett underskrift og rett kopi. Dette er ei oppgåve som kommunane fint vil løyse, men om det vil vera eit viktig bidrag til auka kommunalt sjølvstyre er eg langt meir usikker på.

Utslepp frå grønsaksvaskeri og støy frå motorsportbanar, skytebanar og vindmøller. Her må ein ikkje tru at kommunane skal få det fulle og heile ansvaret for grønsaksvaskinga. Departementet seier at om grønsaksvaskinga er ein del av anna verksemd så er det framleis fylkesmannen som skal ha oppgåva.

Fastsetting av jakttid og løyve til innlandsfiske. Dette kan høyrast ut som noko med litt hald i, men det er berre jakttider for kanadagås og stripegås som skal overførast. For fiske er det mynde til å forby fiske av artar som er lokalt eller regionalt truga.

Tilskot til etablering i eigen bustad og tilskot til tilpassing av bustad. Eg er ikkje trygg på at kommunane ynskjer å ha ansvar for dette. Den økonomiske risikoen er stor og det er ikkje sikkert at pengane ein får frå staten er nok til å gje eit godt tilbod.

Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av symjeanlegg. Det er inga stor overdriving å seie at det er nokså sjeldan at ein bygger nye symjeanlegg. Det gjeld sjølv i dei største kommunane. Det er difor litt vanskeleg å sjå kvifor kommunane skal ha kompetanse til å gjera ei slik godkjenning.

Nærings- og miljøtiltak i skogbruket og tilskott til tiltak i beiteområde. Dette vil vera nye oppgåve. Men her legg departementet det overordna ansvaret på fylkesmannen slik at det einaste kommunen skal gjera er å sakshandsame søknader innafor rimeleg tronge føringar. Kommunane skal få lov å fastsetja søknadsfristen.

Kollektivtransport. Dette gjeld truleg berre kommunar med meir enn 100.000 innbyggjarar. Eg trur vidare me skal kjempa for at det er same eining som har ansvar for kollektivtransporten innafor eit bu- og arbeidsmarknadsområde. Og sjølv ikkje i NHO sine draumar vil norske kommunar vera så store. Kollektivtrafikk er ei oppgåve med stordriftsfordelar og då skal me halda på at fylkene løyser denne oppgåva.

Dette kan vera godt å hugse på neste gong det kjem ein høgrestatsråd med lakksko og lovar nye og større oppgåver til kommunane. Det er heller puslete og det er inga grunn til å tru at det venter nye store oppgåver for kommunane rundt neste sving heller. Det er berre når det kjem til sentralisering at regjeringa verkeleg er villige til å ta i.

Mer fra: Debatt