Debatt

Debatt: Innsats for klima og arbeid heng saman

Målet må vere å gjera Noreg til ein sentral del av ei europeisk energiforsyning, skriver Leif Knudsen (Ap).

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Tekst: Leif Knudsen, Fraksjonsleiar Stavanger Arbeiderparti,  Storhaug bydelsutvalg

Stavanger Arbeidarparti har tatt til orde for eit temposkifte i satsinga på fornybar energi. Den historiske erfaringa Noreg og i særs Rogaland har gjort, er at ei aktiv forvaltning av fellesskapet sine naturressursar har etablert arbeidsplassar, utvikla teknologi og skapt store verdiar som over tid kjem heile samfunnet til gode i generasjonar. Det går ei line av politisk vilje og satsing frå dei fyrste fossefallkonsesjonane ved byrjinga av førre hundreår til installasjonane i Nordsjøen: Frå ikkje å ana at me rådde over dei enorme verdiane under havbotnen til me i dag har utvikla verdsleiande kompetanse i forvaltning, fagmiljø for forsking og fagarbeidarar. 50 år seinare ser verda til Noreg og korleis me «har fått det til». Denne lærdommen må me nytta til å setja i verk ein heilskapleg politikk for forvaltning av dei fornybare energiressursane med ein tilhøyrande plan for kompetanseutvikling etter modell frå oljeforvaltninga.

Målet må vere å gjera Noreg til ein sentral del av ei europeisk energiforsyning, som sikrar rimelegast mogleg tilgang på 100 prosent fornybar energi innan 2030.

Me må byggja opp ein heimemarknad for fornybar energi. I dag snakkar ein mest om å gjera seg attraktiv mot vindkraftutbyggjarar i England, Tyskland og Danmark. Oljeleverandør­­­­industrien vår hadde ikkje vore noko å skrive heim om dersom ambisjonen berre var å støtta opp om oljeutvinninga i andre land. Det er ikkje å nytta lærdomen vår frå oljeutvinninga.

Me må etablera konkurransedyktige industriklynger for fornybar energi med utgangspunkt i Rogaland. Investeringsfondet Fornybar AS må leggjast til Rogaland som eit like strategisk sentralt fylke mot fornybarlanda rundt Nordsjøen som det er for oljenæringa.

Den viktigaste ressursen me har er folk. Dei som bygde for handelsflåten lærte seg å laga dei mest avanserte forsyningsskip og konstruksjonar for oljeutvinning på djupt vatn me kjenner. Denne evna til omstilling har eit moderne utdanningssystem heldt intakt og må no rettast inn mot utdanning av fagfolk innan vatnkraft, vindmøller og kraftliner, både på land og til havs.

Men folk flest bur ikkje i Noreg, og kanskje kan også andre ha gode idear? Mellom anna har den tyske professoren Olav Hohmeyer, som har motteke nobelpris og rådgir Angela Märkel om fornybar energi, har i fleire år peikt på Noreg si nøkkelrolle og synt kor primitiv den norske måten å forvalta vatnkrafta står fram på: det regnar, og me tappar ned magasina. Med å kombinera med vindkraft kan me få både meir stabil energiforsyning og smartare bruk av naturressursane. Desse tankane om Noreg som Europa sitt grøne batteri har i seinare tid vorte framheva av både NTNU-forskarar (Korpås og Vereide) og nyleg av EU-kommisjonen sin visepresident med ansvar for energi, Maros Sefcovic (Aftenposten 10.2.2016).

Nokre fryktar for høgare straumprisar som fylgje av ei slik satsing. Det er kan hende ei sanning med store modifikasjonar. Studiar til m.a. Hohmeyer syner at straumprisen i ein lukka nordisk marknad vil utvikle seg høgare enn i eit europeisk system. Fornybar overskotsenergi frå kontinentet vil halde straumprisen nede og over tid gi lågare pris enn om ein ikkje er del av eit europeisk kraftsystem. Det vil kosta å investera, men det vil vere vel anvendt om det fekk oss over i ei grønare lei.

Ikkje minst i ei tid der me treng å styrka verdiskaping og sysselsetting, står Stavanger Arbeidarparti sitt vedtak fram som ein svært truverdig kombinasjon av visjonen om ei grønare framtid og at arbeid til alle er jobb nummer ein.

Mer fra: Debatt