Bustad er, ved sidan av arbeid og helse, det viktigste for folks velferd

KRONIKK: Ved sidan av utdanning, arbeid og helse er ein plass å bu det viktigaste for folk sin velferd. Den norske bustadpolitikken kan seiast å vere vellukka, då dei aller fleste i Noreg bur godt og eig eigen bustad.

Rogalandsavis

Av Antonia Kvalsvik, bystyrerepresentant Stavanger Arbeiderparti

Ved sidan av utdanning, arbeid og helse er ein plass å bu det viktigaste for folk sin velferd. Den norske bustadpolitikken kan seiast å vere vellukka, då dei aller fleste i Noreg bur godt og eig eigen bustad.

Frå å tidleg på 1900-talet ha tronge kår, har vi i dag ein av dei høgste standardane i verda. Det er likevel mykje som må endrast, og som må endrast raskt.

Stavanger Arbeiderparti ynskjer at unge skal ha moglegheit til å etablere seg på bustadmarknaden til ei overkomeleg pris, og at eit sterkare samarbeid mellom stat og kommune må leggje til rette for dette.

Overgongen frå å vere student til nyutdanna er stor, og mange sit med økonomiske bekymringar for framtida. Dei aukande bustadprisane har gjort det vanskeleg for mange, og då særleg dei unge, å etablere seg i sin eigen bustad. Dette har også ført til eit høgare gjeldsnivå i norske hushaldningar.

Ikkje alle unge har foreldre som kan stille med økonomiske bidrag eller kapital, og i det store bildet hjelp det heller ikkje at kvar enkelt hjelp sine eigne. Bustad er ei nødvendigheit, og her må både statleg og kommunal politikk bidra i større grad. Ein må samstundes ha eit forpliktande samarbeid mellom det nasjonale og det lokale, med eit krav om bustadplanar som dekkjer det som ikkje er tilstrekkeleg i dag.

Stavanger slit i dag med utflytting og lågare fødselstal. Det er her lett å skulde på nedgongstider og dårleg økonomi. Ein må difor legge eit ekstra fokus på å leggje til rette for situasjonen slik som den er, og gjere Stavanger til den attraktive byen den fortener å vere – også for dei unge.

Ein burde ikkje ha bekymringar om ein har råd til å få borna ein ynskjer seg, eller om ein i det heile tatt vi ha moglegheit til å eige bustad nokon gong i framtida.

I 2014 innførte regjeringa innstrammingar for unge med liten eigenkapital, og desse befinn seg no ikkje lengre i målgruppa som kan få startlån. Dette er uheldig, då det svekkjer moglegheitene for unge å skaffe eigen bustad. Fleire unge vert då tvinga inn i ein dyr leigemarknad, i staden for å kunne etablere seg i eigarmarknaden. Ein dyr leigemarknad minskar samstundes også dei moglegheitene ein vil ha til å spare opp ein sterk eigenkapital.  Dette er ein politikk som treng endring, og det er unge eller fyrstegongsetablerarar med god betalingsevne som må vere målgruppa.

Politikarar må ta bustadpolitikken på alvor. Ved å bygge meir retta mot dei unge og fyrstegongskjøparane, kan ein bidra til å dempe presset og prisveksten på denne type bustadar. Ein er avhengig av at Stavanger kommune utarbeidar gode bustadplanar for dei gruppene som treng det mest.

Slik som bustadpolitikken utviklast i dag, vil det vere vanskeleg for unge å i det heile tatt sjå for seg ei moglegheit for å etablere seg i Stavanger.

Stavanger Arbeiderparti meiner det er behov for nye grep og ein ny politikk. Bustadmarknaden har endra seg, og har eit behov for at ein tør å tenke nytt. At folk skulle ha moglegheit til å ha ein god stad å bu til ein overkommelig pris, og at unge kan få etablere seg er viktige mål.

Startlånordninga må styrkast slik at fleire unge kan få lån til å etablere seg, og kommunane må leggje til rette for fleire areal til bustadar. Ein må her også knyte infrastruktur til bustadbygging, og sørge for at bygging av nye bustadar skjer der kollektivtransport er tilgjengelig.

Bustadpolitikken, spesielt for dei unge, er noko som vidare vil bli sentralt for Arbeiderpartiet i programprosessen fram mot valet i 2019. Vi ynskjer at dei unge skal ha moglegheit til å oppfylle draumen om bustad i Stavanger!