Debatt

Bondepiker på menyen

Eg kan ikkje gje meg sjølv tid til å sitte og smake på språklapskausen eg blir servert.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Jarl Wåge

Då eg pensjonerte meg, rekna eg sjølvsagt med at karrieren min som historielærar var over. Men ein gong lærar, alltid lærar, er det noko som heiter. I mitt tilfelle har det sanneleg slått til.

Enkelte har kanskje fått med seg at eg oppheld meg mykje i det landskapet som heiter Twitter. For meg eit favorittlandskap blant dei som ikkje involverer natur. Her finn ein alle slags plantar. Enkelte er fargerike og struttar av liv. Nokon er imponerande tre med ranke stammar. Rause plantar byr på søte frukter. Nokon har brune flekkar på blada og kunne trenge litt ekstra stell og omsorg. Andre heng med kronblada og syng på siste verset. Atter andre har skarpe piggar og stikk om ein trør dei for nære.

Ytterst til høgre i det twitterske landskapet, er det eit plantefelt som stadig engasjerer historielæraren i meg sjølv om eg har planlagt å nyte mitt otium og legge peikestokken på hylla. Gong på gong insisterer dei der på at bondepiker er ein ingrediens i desserten Tilslørte bondepiker og at Kim Jong-un sitt Nord Korea er demokratisk fordi The Democratic People`s Republic of Korea (ikkje sugd av eige bryst). Det dei eigentleg hevdar med styrke, er at Hitler var sosialist og Nazismen sosialistisk fordi nasjonalsosialisme. Dette er «a call of the wild» til læraren i meg, og eg ringer inn til time.

Eg teiknar og forklarer etter beste evne. At fascisme og nazisme er to sider av same sak. At dei er antikommunistiske, antidemokratiske, og at idealstaten deira skal styrast av ein sterk førar med all makt. At fascismen oppstod i Italia like etter fyrste verdskrigen blant anna som ei motvekt til kommunismen som stod sterkt i landet. Til inga nytte. Dei pakkar opp nistepakken og forsyner seg med ei bondepike.

Så eg konsentrerer meg om nazismen som Hitler utvikla som ideologi eit par år etter at fascismen blei formulert av Mussoline. Fortel dei at Hitler hata sosialdemokratar og kommunistar. Trekkjer inn Dolkestøtlegenden som gjekk ut på at tyske jødar og sosialdemokratar konspirerte slik at Tyskland tapte 1. verdskrig då dei inngjekk våpenkvile med fienden. Eg spør dei kvifor noko av det fyrste Hitler gjorde då han kom til makta, var å forby det kommunistiske og sosialdemokratiske partiet og ber dei forklare kvifor Hitler kasta sosialistar og kommunistar i konsentrasjonsleirar viss han var ein av dei. Når ikkje det nyttar, utfordrar eg dei på kvifor 22/7-terroristen, som naturleg høyrer heime ytterst i dette plantefeltet, hatar sosialdemokratar så intenst at han prøvde å utrydde AUF.

Dei gidd ikkje svare ein gong. I lunsjpausen står det bondepiker på menyen. Igjen.
Tru for all del ikkje at dei har den minste respekt for læraren. «Din fascistiske nazirasist», blei eg kalla her om dagen. Det nyaste tilskotet i kallenamnsamlinga mi. Saman med «kommunist med bolsjeviksk tankegods». Dei skal pinadø ha for kreativitet. Å prestere å kalle eitt og same menneskje «nazistfascistrasistbolsjevikkommunist» på ein og same dag, er i seg sjølv ein verbal dobbel baklengs salto med heilskru.

Men eg kan ikkje gje meg sjølv tid til å sitte og smake på språklapskausen eg blir servert. Historielæraren i meg tvingar meg til å utarbeide nye pedagogiske metodar for å prøve å nå fram til desse menneskja som er så urokkelege i si tru på at jorda er flat. Ja, det er like før eg går til det drastiske steget å bruke PowerPoint.

Brunskjortene, SA, nazistane sine paramilitære stormtropper, blir av naziorganisasjonen Vigrid opphøgde til forkjemparar for demokrati og ytringsfridom! Visstnok fordi dei var livgarde for Adolf Hitler så han skulle få utfalde seg i fred og ro utan å bli forstyrra av antinazistar. Dei var òg med på å hjelpe han til makte i 1933. Kallenamnet, brunskjortene, fekk dei på grunn av fargen på uniformene. Det er òg ein av grunnane til at brunfarge for evig og alltid vil hefte ved Hitler.

Ein kan lure på om det er julenissen som inspirerer dei som på død og liv vil ikle Hitler raud drakt, rykkje han opp med røtene og plante han i sosialistane sine rekkjer? Det dei ikkje tenkjer på, er at han der vil få elendige vekstvilkår og rotne på rot. 
Kva vil dei oppnå desse Tor og Odins soldatar og sjølvutnemnde forsvarar av norske, kvite, kristne verdiar i kamp mot sosialistar, antifa, miljøvernarar og Fanden og hans oldemor? Trur dei ettermælet, ideologien og det perverterte menneskesynet til Hitler endrar seg om han får ny hâm? At denne toinga av hender av pontiuspilatiske dimensjonar fjernar rustflekkane av eigne riddaruniformer?

Venstresida har så visst nok av eigne despotar å stri med. Despotar som ikkje stod tilbake for Hitler når det gjaldt brutalitet og total forakt for menneskeverdet. Men eg har aldri sett forsøk på å avkommunistisere Stalin, Mao eller Pol Pot ved å kalle dei nazistar. Sjølvsagt ikkje. Det ville bli sett på som hjelpelause, feilslåtte og til latterlege forsøk på å skrive om historien.
Denne pensjonerte historielæraren tar no juleferie. Men fyrst vil eg oppfordre alle som prøver å vere noko anna enn det dei er, til å ta andetesten: Om det går som ei and, svømmer som ei and og kvekkar som ei and, ja, så er det truleg ei and.

Mer fra: Debatt