Nyheter

Bomway to heaven

DEBATT: På Twitter var det ein som tidlegare hadde «Survivor of the Norwegian butter crisis» som profilnamn. Om nokre år er det sikkert nokon som kan kalle seg «Overlevar etter den norske bompengekrisa», skriv Jarl Wåge.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Jarl Wåge

I USA har dei valt ei realitystjerne til president. For mange fortonar det som skjer i «The Land of The Free» seg unekteleg som eit realityshow. I Ukraina har dei nyleg valt ein klovn. Kva slags politikk han vil føre, er det ingen som veit enda.

I Bergen kan dei etter kommunevalet i haust få ein byråds-leiar som ikkje har nemneverdig greie på politikk (bortsett frå bompengar). I alle fall om vi skal tru på meiningsmålingane. I fylgje fleire er Bompengepartiet med Trym Aalfløy i spissen, største parti i byen med ein oppslutnad på opptil 25%. Bompengeopprøret som starta på Jæren, har vakse seg stort.

Dette har sjølvsagt gjort Aalfløy til ein interessant person. Det eine mediet etter det andre gjer intervju med nykomlingen som stig frå ingenting som ein nyttårsrakett. I eit intervju med nettavisa Filter Nyheter 23. mai avslører han at han eigentleg ikkje har nokon politikk. Men han skal skaffe pengar til valløfta sine gjennom effektivisering av kommunen. Og det utan å seie opp eit einaste menneskje! I fylgje Aalfløy er alle kommunar, spesielt dei største, usannsynleg ineffektive. 

LES OGSÅ: Anti-bompengetopper avviser Støres løsning

Vil skrote Byvekstavtalen

Noko budsjett har han ikkje å leggje fram. «Det er jeg nødt å vise deg på et papir når vi kommer så langt,» svarer han intervjuaren. Og han er ikkje viljug til å komme med tal. «Jeg har en formening om hvor mye penger vi skal hente, men sier jeg det, så skriver du det,» er svaret hans på det. Det er vel det journalistar har som oppgåve; å opplyse folket? Men her må altså folket, bergensarane, vente til han har noko å vise på eit papir. Om det blir før eller ettger valet, ja, det står att å sjå.

I tillegg vil Aalfløy skrote Byvekstavtalen mellom Bergen og staten. Ein avtale der staten forpliktar seg til å delfinansiere satsing på mellom anna kollektivtrafikk og bidra til nullvekst i biltrafikken. Han vil også stoppe vidareutbyggjing av Bybanen der det allereie er blitt investert milliardar av kroner.

Bompengepartiet i Bergen har utløyst eit politisk jordskjelv. Alle andre parti har brått innsett at om dei trakkar billistar på dekka, ja, då kan dei vinke farvel til makt og posisjonar.

LES OGSÅ: Rundt 10.000 elever streiker 31 steder i Norge fredag

Har skjedd mykje bra på miljøfronten

I år har vi opplevd at titusenvis av barn og unge har teke til gatene og demonstrert for eit betre miljø. Seinast i dag. Barn og unge som er uroa over utviklinga på klimafronten og for si eiga framtid. Ungdommen no til dags. Engasjementet og entusiasmen dei viser, har skapt håp og optimisme. Kanskje er det dei unge som skal redde verda? Kanskje det er dei som skal bidra til at vi når ambisiøse klimamål? I alle fall har vi opplevd at politikarar har lytta til dei og tatt dei på alvor. Om ikkje anna, så veit dei at viss dei ikkje har dei unge med på laget, så har partiet deira heller inga framtid.

Det har faktisk skjedd mykje bra på miljøfronten. I Oslo har målretta innsats frå Byrådet ført til at byen er kåra til Europas miljøhovudstad. I Bergen har liknande satsing ført til at dei der i byen har nådd mange av sine klimamål.

Noregs klimapolitikk er forankra i Stortinget gjennom to klimaforlik. Eitt av måla er å redusere bilkjøring i byområde og dermed skape mindre forureining og betre luft. Difor er det utvikla «Byutviklingspakkar» i samarbeid med dei største byane i pakt med klimaforlika.

Dette er tiltak som, i likskap med demonstrerande ungdommar, har bidratt til ei kjensle av at det nyttar. At det er noko på gong.

LES OGSÅ: Bompengemotstand truer bymiljøavtaler

I samla flokk

Men det var før Bompengepartiet fekk vind i segla. Noko som har ført til ein kollektiv politisk hestehandel. Borte er alle grøne tankar. Alle fine klimaord. All applaus for demonstrerande ungdom. Kvar einaste politikar utan respekt for seg sjølv, fêr av garde i samla flokk, som hylande ungjenter etter eit popidol. På fullt firsprang etter misnøgde billistar, viftande med bompengereduskjonvalløfte.

Finansministeren har innkalt regjeringa til bomkrise(!)møte. Handlekraft. I FrP, dei som eigentleg var bompengepapiret. er det likevel opprør. Enkelte vil sparke Siv Jensen om ho ikkje sporenstreks fjernar ein kvar bom som måtte komme i vår veg.

Jonas Gahr Støre vil plutseleg fjerne alle bomringar og kjøre i gong vegprising. Høgre må sjølvsagt fylgje opp, og SP vil i alle fall ikkje ha bompengar i distrikta. Miljøpartia Venstre, Rødt, SV og MDG har vore merkeleg tause. Fångad av ein bompengestormvind. 

LES OGSÅ: Solberg: Mindre bompenger, tregere utbygging

Eit parti med ballar

Lokalpolitikarar flørtar skamlaust med billistar. Som dominobrikker veltar den eine byvekstavtalen etter den andre. I Drammen, Grenland og Arendal. I Bergen. Gløymde er ambisjonar om auka kollektivsatsing. Gløymd er mindre forureining og friskare luft. Gløymde er klimamåla. No er det fri flyt av bilar det handlar om. Igjen. Koste kva det koste vil. Eller rettare sagt; det skal helst ikkje koste noko.

Eg tenkjer: Gje meg eit parti med ballar. Eit som ikkje viser finger`n til og sviktar unge miljøforkjemparar. Eit som tør å stå imot presset frå kortsynte vaksne. Eit som er langsynt nok til å ikkje tape klimamåla av sikte. Så får heller bergensarane velje ein Byråds-leiar utan peiling på politikk.  Det er nesten så eg unner dei det. Om dei er heldige, dukkar det kanskje opp eit budsjett på eit papir ein gong ut på hausten òg.

Mer fra: Nyheter