Nyheter

Bokmål og nynorsk bør leva godt side ved side i byen vår

DEBATT: Bokmål og nynorsk bør leva godt side ved side i byen vår. Å få fram og styrkja grunnlaget for nynorsk i byen vil og styrkja byen sin kultur og historie.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Tekst: Einar Schibevaag, styret i Stavanger mållag

Kommunen du bur i har mål og strategiar for dei aller fleste politikkområde. Det viktigaste verktøyet for å formidla oppgåver og tenester er språket. Kvifor har ikkje de ei tydelegare haldning til det når politikk skal formast og tenester bys fram?

I ei digital tid der innbyggjarane skal løysa fleire og fleire oppgåver sjølv på nettet for det offentlege, er klart språk avgjerande.  Sjølv om dei sentrale styresmaktene har kampanjar og opplæringsprogram som set fokus på kor viktig språk er, har det altfor lite plass i den kommunale kvardagen.

Haldningane til målføre og nynorsk har endra seg gjennom generasjonar. Viktige stemmer og organisasjonar viser oss at fleire ser den kulturelle rolla språket spelar for oss som bur i Rogaland med Stavanger som fylkessete. Stavanger er byen for alle i fylket. Den same byen er avhengig av dei bygdene som den er by for. No skal nokre av desse bygdene bli ein del av Stavanger kommune, og dei folkevalde i Finnøy utfordrar byen til å vera klar over det språklege ansvaret byen har. Mellom anna ved å meisle ut ein politikk som skal utvikla eit språkleg mangfald i nye Stavanger og å sjå nynorsken si rolle under eitt i fylket.

Stavanger by bør sjå til Bergen. Byen tar på alvor at dei er byen også for omlandet sitt. I desse dagar meislar dei ut politikk for byen si haldning til nynorsk og verdien av at nynorsk er ein viktig del av grunnlaget for den bykulturen Bergen har utvikla over år.

Det er på høg tid at Stavanger by også tar den hansken. Bokmål og nynorsk bør leva godt side ved side i byen vår. Å få fram og styrkja grunnlaget for nynorsk i byen vil og styrkja byen sin kultur og historie.

Språk er inga privatsak som kan overlatast til den enkelte. Folk som kjem hit, eller som bur her, bør sjå to levande målformer i bruk i det offentlege rom. Eit språk som er godt og klart utan flosklar og framandord, men med røter i talemålet vårt.

Eg trur ordførar Christine Sagen Helgø sjølv tar Finnøy si utfordring på strak arm, eller.

Mer fra: Nyheter