Debatt

Barnevernet må utdanne kultursakkyndige

Utifrå kjennskap til situasjonen er det mange som opplever at barneoppsedinga er ei «opptaksprøve».

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.
Anne Kristin Bruns

Forsking viser at i møte med velferdsstaten har innvandrarforeldre frykt, ikkje berre overfor barnevernet, men møte med velferdsstaten og det norske synet på barn og barndom (Tembo, 2022).

Vi i KrF meiner at vi må jobbe med kulturforståing gjennom heile det offentlege tilbodet i barnehage, skole, helsestasjon, barnevern og resten av velferdssamfunnet. Ulike universitet og høgskular har kompetansesenter innan fagfeltet, som vi må gjere oss endå meir nytte av. Eksempel på det er Senter for interkulturell kommunikasjon ved VID vitskapleg høgskule i Stavanger.

Barnevernet er for mange vanskeleg å forhalda seg til, og forstå.

Barnevernet er for mange vanskeleg å forhalda seg til, og forstå. At etaten både har ein hjelpefunksjon, men også er ein kontrollinstans gjer det vanskeleg også for våre nye landsmenn. Oppretting av erfaringsformidlargrupper beståande av foreldre med ein annan kulturell bakgrunn enn norsk kan bidra til gode prosessar for både familien og barnet. Behovet for kultursakkyndig i barnevernet er aukande, noko vi meiner vi må vidareutvikle.

Mange som kjem til Noreg har traumatiske opplevingar både frå heimlandet, men og opplevingar på reisa til eit nytt land. Det er viktig å ha forståing for at det difor kan vere vanskeleg å etablere seg i eit nytt land. Dette må vi som samfunn ta på alvor og gje tilbod om hjelp til.

Forståing for kulturen, normer og verdiar kan vere ulikt, og då er det viktig å etablere dialog om dette så tidleg som mogleg. Dialog er avgjerande for at ein skal oppleve seg sett og forstått, og mange er i ein sårbar situasjon og ukjende med å snakke om sine utfordringar.

Manglande forståing for kvarandre, og møte med ein ny kultur, kan gjere dialogen og samarbeidet vanskeleg. Det kan skape unødig frykt for kva som vil skje med familiane og borna som kjem hit.

Utifrå kjennskap til situasjonen er det mange som opplever at barneoppsedinga er ei «opptaksprøve» for at ein skal sjå om du klare å gjennomføre denne «prøven». KrF meiner at skal ein klare å vere gode foreldre, må ein forstå kva reglar som gjelder, og få opplæring i korleis det er i Noreg, samtidig få styrke og verktøy til å stå i det.

I KrF vil me:

  • Styrke kunnskap om tru og religion. Det er viktig allmennkunnskap som har stor verdi i ei rekkje yrker i velferdstenestene til dømes innan helse og omsorg, barnevern og skule. Derfor er det naudsynt å gå gjennom retningslinjer og rammeplanar for høgare utdanning som er relevant for desse tenestene for å styrke vekta på dette i desse utdanningane.
  • Vidareutvikle og satse på forsking ved høgskular og universitet, for kompetanseheving og kunnskapsutvikling for kulturforståing /fagleg utvikling i arbeid med familiar med annan kulturell bakgrunn enn norsk i møte med velferdsstaten.
  • Opprette «Erfaringskompetansegrupper» innanfor det kommunale barnevernet av foreldre som har ulik kulturell bakgrunn og samtidig erfaring med barnevernet.
  • Utdanne kultursakkyndige som kan bistå familiar som treng det i møte med barnevernet
  • Opprette traumesenter for barn og foreldre i ulike delar av landet, gjerne i samarbeid med ideell sektor.
  • Etablere ordning av vertsfamiliar/nettverksfamiliar i samarbeid med frivillige organisasjonar og menigheiter når familiar flytter til ny kommune
  • Arrangere foreldrekurs i samanheng med språkopplæring/introduksjonsprogram gjerne i samarbeid med frivillige

Her i landet har det offentlege ei viktig og stor rolle i oppsedinga av born og ungdom – og her har det offentlege ei større rolle i barna sin kvardag enn i mange andre kulturar. Derfor er det naudsynt å styrke nye familiar i landet med alt dei treng av kunnskap.

Mer fra: Debatt