Debatt

Eldreomsorg: Nokon som kjenner meg

Stavanger KrF har ein seniorpakke som vi ønsker å jobbe for dei neste åra

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

KrF vil ha ei eldreomsorg som ser heile mennesket, heile livet. Vi vil implementere prinsippet om «nokon kjenner deg» i heile eldreomsorga. At nokon kjenner deg er godt og viktig for alle menneske sin tryggleik og sosiale behov. Vi trur ikkje at det er kommunen eller staten som kan gjere dette åleine, men saman med frivilligheita, ideelle organisasjonar og dei pårørande. Vi veit at ressursane framover også blir mangelvare, så spørsmålet blir til sjuande og sist korleis vi skape god og verdig eldreomsorg, ikkje berre helseomsorg til eldre, på ein berekraftig og trygg måte.

Politikken må leggast opp etter reelle livssituasjonar. I dag er dei tilsette i vår kommune sterkt pressa og vi veit at det er mangel på folk, at det er lite tid til den enkelte.

Korleis skal vi møte desse behova?

Stavanger KrF har ein seniorpakke som vi ønsker å jobbe for dei neste åra, der vi legg vekt på ei framtidsretta eldreomsorg med kvalitet. Vi vil styrke pårørande arbeidet i kommunen med støtte til aktuelle ideelle og frivillige aktørar. Pårørande gjer ein formidabel omsorgsjobb og vi vil at dei pårørande skal kjenne at den jobben dei gjer skal bli sett pris på. Vi vil gje dei moglegheit til å ta ut ti pårørande/ fråversdagar som velferdspermisjon på same måte som ein er heime med sjukt barn. Vi veit at mange pårørande tek seg fri frå jobb, eller bruker feriedagar til å følgje sine kjære til tannlege, lege eller utføre nødvendige ærend.

I ulike fasar i livet kjenner vi alle på eksistensielle spørsmål og har ønske om å samtale om andelege behov. Den andelege omsorga meiner vi skal vere ein naturlig del av vårt omsorgs- arbeid i kommunen. Vi har ulike eksempel på gode rutiner på dette ved mellom anna Tasta sjukeheim. Der har dei lagt til rette for at om ein ønsker det, kan ein både bli lest for i Bibelen og Koranen. Det er laga eit system slik at det ikkje er avhengig av kven som er på jobb til ei kvar tid. Alle skal ha blitt «skolert» i korleis møte slike spørsmål.

Å møte andre og vere sosiale er viktig for oss alle. Einsemd kan ramme alle, også unge og mennesker midt i livet. Men eldre er særlig utsett: slekt og vener går bort, det sosiale livet krymper og kreftene minsker. Rundt omkring i vårt land sit mange eldre heime åleine og sakner nokon å snakke med, gå en tur med, ha som måltids ven, men det blir altfor ofte med ønsket. Eit tiltak for å forebygge einsemd er at vi ønsker å opprette fleire dagsenterplassar for eldre i kommunen, og vi vil difor utvide dagsenter tilbodet.

KrF i Stavanger vil snakke om ei meistringstrapp der dei ulike tilboda blir gjevne etter behov: heimebuande med oppfølging, til bufellesskap eller omsorg pluss tilbod i samarbeid med ideell sektor, for så å få tildelt ein sjukeheimsplass når ein treng det.

For å møte dei komande behova vil KrF bygge samfunnet nedanfrå gjennom samarbeid på ulike nivå.

Mer fra: Debatt