Debatt

Forutsigbarhet er nøkkelen for positiv folketalsutvikling

Stavanger KrF har sagt dei vil jobba for utviklinga av øyane og vegprosjektet Øyfast som bind øyane saman med fastlandet. Det er dei som bur her og har «skoen på», som veit kor skoen trykker.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Det mangla ikkje på idear, forslag og tiltak når politikarane i gamle Finnøy kommune diskuterte negativ folketalsutvikling , og kva som kunne gjerast for å snu dette. Då vedtaket kom om fastlandsforbinding av Finnøy og Talgje, snudde folketalsutviklinga på desse øyane. Det einaste tiltaket som hadde positiv effekt, var eit vedtak som ga forutsigbarhet, frihet og fleksibilitet. Altså eit vedtak om døgnopen veg. Det ga optimisme, framtidstru og bulyst. Kvardagen og logistikken vart enklare for alle; for pendlarane, for familien, for arbeidstakarane, for bedriftene. Om bommen var aldri så dyr, var årstrafikken høgare enn venta kvart år, for vegen ga forutsigbarheten samfunnet vårt trong.

Men så var det desse andre øyane – der folketalsutviklinga stadig peiker nedover, og verst lengst nord i kommunedelen. Statistikken her viser at det er behov for nye utviklingstiltak skal det skapast optimisme på desse ikkje-landfaste øyane. For me som bur her veit at det skal bare eit forslag på bordet, eit fleirtal, og så er eit politisk vedtak, så kan kvardagen kan bli totalt forandra for oss som vågde å busetja oss her. For tilbodet styres ut frå økonomi og politiske vedtak, ikkje etter lover og forskrifter som regulerer og sikrar tilbodet.

Derfor er det stor usikkerhet kvar gong det nærmar seg ny anbudsrunde - korleis vert rutetilbodet no; går det greitt å pendla til jobbtidene (både om du jobbar turnusarbeid og dagtid), går det greitt å levera og henta i barnehagen si opningstid, rekk ungdommane (som reiser til vidaregåande opplæring) skulen på morgonen og heim i passe tid, vil det fungera for borna og ungdommane å delta på fritidsaktiviteter og idrettstilbod på Finnøy på ettermiddags- og kveldstid, kan ein delta i møteverksemd og sosiale aktiviteter og selskap som føregår på kveldstid og i helger og likevel koma seg heim på kvelden, og ikkje minst; vil me få dei helsetenestene me treng for å bu heime lengst mogleg, eller må me flyttast til fastlandet for å motta dei helsetenestene som me har krav på når helsa og alderen ikkje er den same.

Det er forutsigbarhet me treng; då kan ein våge å flytte heim att, våge å bygge seg hus, starte ein arbeidsplass, og kjenna at her vil eg leva og her vil eg bu. For det er nett det forutsigbarheten gjer med oss: optimisme, investeringslyst, framtidstru og bulyst.

Nrk.no belyste nett denne uroen for oss 2. pinsedag. Då kunne me lesa om fylkespolitikarane i Møre og Romsdal som føreslår er leggje ned 12 ferjesamband , og erstatta med skyssbåtbåtanløp, maks ein tur-retur avgang per dag (!) på dei største av desse øyane (mange foreslås å få enno færre avgongar per veke). Forslaget frå fylkesadministrasjonen skal behandlast i samferdselsutvalet 31. mai, og skal sluttbehandlast 19. juni. Folket på øyane sin kvardag vert kasteball i eit politisk spel, og livskvalitet og gode kvardagsliv vert redusert til eit spørsmål om økonomi, og heile livet blir plutselig heilt forandra. Det minner om tvangsfråflytting og avvikling av øysamfunnet.

For oss som er busett på øyane her i nordre del av Stavanger, og som er avhengig av ferje- og båttilbod, er det skræmande lesing. Dette er det me stadig fryktar; ei rasering av dagens tilbod. For det er slik at det skal kun eit forslag til + eit fleirtal = politisk vedtak som kan endra liv og framtid drastisk. Me som har ferjekaien som bom, og kun har opningstid når ferja eller båten ligg til kai, så er det denne usikkerheten som uroar; korleis vert framtida med nye anbud?

Stavanger KrF har sagt dei vil jobba for utviklinga av øyane og vegprosjektet Øyfast som bind øyane saman med fastlandet. Det er dei som bur her og har «skoen på», som veit kor skoen trykker. Intensjonsavtalen mellom Finnøy, Rennesøy og Stavanger forpliktar. Politikarane i gamle Finnøy kommune gjorde forarbeidet; fekk Øyfast inn i arealplanen og satte av midler frå havbruksfondet til eit Øyfastfond for å sikre at Øyfast skulle utgreiast . I løpet av desse fire første åra i ny kommune har alle initiativ for å få Øyfast på sakskartet, blitt nedstemt. No er det på tide med handling og visa at intensjonsavtalepunktet om Øyfast gjeld. Difor er me i KrF opptekne av at Øyfast må utgreiast og realiserast skal me sikre optimisme og framtidstru i denne delen av kommunen vår. Det er god grunn til å få til breiast politisk eining om å greia ut dette vidare.

For det handlar om forutsigbarhet og å trygge framtida for innbyggjarane våre!

Mer fra: Debatt