Debatt

Politiet må få verktøy i kampen mot narkotika

Kronikk: Skiljelinjene går på kva rolle politiet skal ha i avdekkinga og oppfølginga av narkotikabruk.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

I mange år har eg jobba innanfor rusfeltet. Ei av dei erfaringane som sit sterkast igjen hjå meg er at når ein er i ei tidleg fase av bruken av rusmiddel, ser ein ikkje farane sjølv. Då opplevast det som spennande og ufarleg. Det er når ein har blitt «sliten av rusbruken» at ein vil ta imot hjelp. Den forebyggande delen av arbeidet er blitt svekka gjennom den forvirringa som har oppstått etter regjeringas forslag til rusreforma ikkje ble vedteke. Reglane har blitt uklare og politiet har ikkje dei verktøya som dei hadde før. Som KrF-politikar meiner eg at vi må ta dette på alvor.

Lat det vere heilt klart: Det er ingen i dag som vil straffe tunge rusavhengige. Det er ikkje her debatten står. Skiljelinjene går på kva rolle politiet skal ha i avdekkinga og oppfølginga av narkotikabruk, og ikkje minst om hjelpa skal være «tvunge på» eller ikkje.

Vi har alle høyrt slagordet «Hjelpe, ikke straffe». Det er det vanskeleg å vere ueinig i, men det er først når vi bryt ned kva ein meiner med hjelp at usemja oppstår. KrF meiner at å avkriminalisere eller legalisere narkotika er alt anna enn hjelp.

Anne Kristin Bruns (Krf)

Sjølv om Stortinget har stemt ned forslaga til rusreform har Høgsterett gjennom fleire dommar vedteke endringar i bruken av strafferettslege reaksjonar i saker om rusavhengige sin bruk av narkotika, samt kjøp eller oppbevaring av narkotika til eige bruk.

Med nye retningslinjer frå Riksadvokaten har politiet si rolle i å avdekke narkotikakriminalitet blitt sterkt avgrensa. Retningslinjene slår blant anna fast at det ikkje skal gjennomførast tvungen rusmiddeltesting for å stadfeste mistanke om bruk av narkotika åleine, og at ransaking retta mot ein mistenkt rusmiddelbrukar ikkje må bli gjennomført.

Slik KrF ser det har politiet fått sine hender bundne på ryggen, og bruk av narkotika er i praksis avkriminalisert. Politiet har ikkje verktøya til å kunne straffeforfølgje kriminelle bakmenn. Dei har heller ikkje høve til å kunne teste rusbruk blant unge for å kunne rettleie dei inn i eit avrusingsprogram. Det einaste høvet unge har for å komme seg ut av narkotikaproblemet er å melde seg sjølv, og her veit eg at mange ikkje forstår alvorlegheitsgrada før det er for seint.

Resultatet av slagordet «hjelp, ikkje straff» er at unge blir overlatne til seg sjølv, og må finne vegen til avrusing på eiga hand. Det kallar KrF alt anna enn hjelp. Kripos kunne berre for nokre veker sidan melde om at antal narkotikasaker er det lågaste sidan årtusenskiftet. Sjølv om antal narkotikasaker går ned er det ingen teikn som vitnar om at rusbruken går ned. Nye tal frå FHI viser ei dobling i kokainbruk i løpet av dei siste to åra. Dette vitnar om at færre i dag blir tatt for narkotikabruk og då vil dei heller ikkje få den hjelpa dei kunne fått.

Vektarane på utestader melder om ein stadig meir normalisert dopkultur. Skuleelevar har også varsla ei normalisering. Tidlegare russepresident ved Sandefjord sa det veldig klart om kokainbruk «Det er blitt som å ta en snus under leppa». Sjølv om russepresidenten i Rogaland ikkje kjende seg igjen i denne trenden, er dette skremande. Uansett er det heilt klart at vi treng eit linjeskifte i norsk ruspolitikk, der ein rydder opp etter dei siste åra sine mislukka forsøk på reformar.

Vi må gje politiet verktøy til å kunne avdekke rusbruk. Dette vil vere viktig for å kunne gje hjelp. Det er eit paradoks at politiet har heimel til å kunne ta spyttprøve ved promilletest i trafikken utan mistanke, men dei kan ikkje ta spyttprøve av ungdommar ved mistanke om rusbruk. Her må det sikrast gode nok verktøy som ikkje minst enklare kan avdekke kriminelle bakmenn som utnyttar sårbar ungdom. Eit verktøy kan vere at politiet blir sikra heimlar både for å gjennomføra spyttprøve og for å ransake ein narkotikakjøpar sin mobiltelefon, nettopp for å avdekke kven han eller ho kjøpte det av og for å avsløre seljar av narkotika.

Vi har og sett artiklar der fortvila foreldre spør om vi skal stå og sjå på at ungdomar tek livet av seg i rusen. Dette er eit samfunnsproblem som vi må ta på alvor, og både foreldre, politi, samt tilbod der ein kjem i nær kontakt med ungdommar må ha utarbeida rutinar og høve for hjelp. Dette må vi ha på plass i alle kommunar. Ruskontaktar er ein sentral del av oppfølginga. Desse forslaga vedtok eit samla landsmøte for KrF denne våren.

Ein av mine gode vener som etter mange år framleis strevar med å bli rusfri, seier med eit tungt trykk: «De må hjelpa så tidleg som mogleg så dei ikkje hamnar så hardt uti det som eg har gjort. Det er eit helvete å kome seg ut av det».

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt