Jon Fosse er den ellevte norske forfattaren som får Nordisk råds litteraturpris, for «Andvake», «Olavs draumar» og «Kveldsvævd», som samla heiter «Trilogien».FOTO: IVAN TOSTRUP

Nordens beste romanforfattar

KOMMENTAR: Jon Fosse tildelast Nordisk råds litteraturpris for, ikkje ei, men tre bøker.

«Hvis Gud hadde ment at bøker ble lettere å lese uten tegnsetting, ville han skapt verken komma eller punktum. Men det gjorde han altså, uten at Jon Fosse har latt seg affisere synderlig av det» skreiv VG sin litteraturkritikar Tinic Talén då Jon Fosse i 1992 gav ut romanen «Bly og vatn». «Kjedelig roman» var overskrifta, og på terningen var det eitt einsleg auge.

LES OGSÅ: Jon Fosse nominert til nordisk litteraturpris

Det er 23 år sidan, og neppe noko som har halde Jon Fosse vaken om nettene på veldig mange år, om nokosinne. Sjølv om det ifølge Cecilie N. Seiness si fine intervjubok «Jon Fosse. Poet på Guds jord» var romanforfattar Jon Fosse eigentleg hadde tenkt å bli då han starta å skrive som ung student.

Dramatikken som har gjort Jon Fosse til eit kjend namn for teatermenneske over heile verda, kom først etter sju prosautgjevingar, inkludert den ifølge VG «kjedelige» «Bly og vatn». «Det var prosaforfattar eg var. Det var ambisjonen», seier han til Seiness. «Så tok dramatikken over. Etter at eg byrja med dramatikk har eg ikkje hatt ambisjonar som prosaforfattar. Det har kanskje vore like bra for prosaen».

LES OGSÅ: Tilbake til det enkle med Fosse

Kanskje det. For det er slik med Jon Fosse som med fleire av oss, at det hender han ombestemmer seg. På eit storstilt arrangement i Reykjavik i går kveld, og i konkurranse med tretten forfattarar frå ni land og språkområde, var det nemleg prosaforfattaren Jon Fosse som vart tildelt Nordisk råds litteraturpris for ny bok. Ikkje dramatikaren. Den høgthengande prisen fekk han for dei tre korte bøkene «Andvake», «Olavs draumar» og «Kveldsvævd», som er gitt ut i eitt samlebind under det konsise namnet «Trilogien».

Fosse kallar dei sjølv «forteljingar». «Andvake skreiv eg fordi eg ikkje hadde lyst til at prosaen skulle forsvinna», seier han, framleis i intervjuboka til Seiness. Medan han i intervjuet han gjorde med Bergens Tidende då «Andvake» kom ut, går komisk langt i å trekke ein sirkel mot VG-slakten femten år tidlegare – sjølvsagt utan å ha akkurat den i tankane. «Eg er ikkje spesielt glad i punktum, nei. Det får i så fall koma heilt til slutt. Og berre eitt. – Men komma likar du? – Å ja. I forlaget kan dei godt normalisera språket mitt, det kan eg berre vera glad for, men om dei skal ha meg til å rette meg etter kommareglar, brøler eg. Då får det vera det same med heile utgjevinga. Slik eg skriv, skal komma vera rytmisk, ikkje rett.»

Og rytmisk er det. «Andvake» er «typisk Fosse», med korte setningar, ingen punktum, rytmisk repetisjon og minst fem uskrevne linjer som kling i, mellom og rundt kvar av linjene som faktisk står der. Men det er «typisk» på den gode måten, av dei grunnane som gjer Fosse til ein av samtidas mest feira dramatikarar», skreiv eg då eg meldte boka for åtte år sidan, før eg konkluderte med at «Jon Fosse har skrive ein av sine beste tekstar så langt, og fortener eit vake publikum».

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

For det er verkeleg tre sterke tekstar Jon Fosse no har vunne nordisk anerkjenning for. «Trilogien» fortel historia om det unge, forelska paret Alida og Asle, som skal verta foreldre saman. Dei er fattige og huslause, utstøytte frå fellesskapen, alt i den vagt tidfesta epoken «gamle dagar». I desperasjon endar Asle opp med å gjera noko grufullt, som han betaler prisen for i det neste bindet, «Olavs draumar». Der er paret det same, men no har dei no bytt namn til Olav og Åsa. Sonen er nyfødd, Olav leitar etter ein ring slik at dei kan gifte seg.

LES OGSÅ: Reiser til døden med Fosse

Det endar ikkje godt. Så dårleg endar det, at «Kveldsvævd» opnar med at Alida dreg til Bjørvin for å leite etter Asle, med spedbarnet på slep. Ho er sliten, svolten og einsam då ein annan mann plukkar ho opp og fortel kva som har skjedd med kjærasten hennar. At han aldri kjem tilbake. Han tilbyr henne å bli taus, tenarjente, hos seg. Alida takkar ja. Ho har ingen andre gode alternativ, og vert med det frakta i båt attende til bygda ho og Asle kom frå. «Og slik flyt forteljinga fram, høveleg nok om bord på ein båt delar av tida. Setningane bølgjer att og fram, med dei stadige gjentakingane, små vridningane og endringane me er vande med å tenkje på som «typisk Fosse». Den indre monologen rullar og går, avbroten av ordknappe dialogar. Stødig, litt gammaldags nynorsk, ordstilling som leier tankane mot norrøne sagaer» skreiv eg i meldinga av den av dei tre bøkene eg oppfattar som lysast, mest fylt av håp trass alt: «Mykje lyder kanskje trist, men håpet er der. «Trilogien» liknar ikkje noko anna. Slik heller ikkje Jon Fosse gjer det. Håpet er at trusselen hans om å slutte å skrive dramatikk i det minste betyr fleire forteljingar framover. Dei gjer både norsk litteratur og verdslitteraturen rikare».

Noko juryen som gav Jon Fosse Nordisk råds litteraturpris tydeleg er samde med. Forfattaren har sjølv sagt at han særs gjerne ønska seg akkurat denne prisen, som han var nominert til også for «Morgon og kveld» i 2001, då Jan Kjærstad fekk prisen for «Oppdageren». Fosse har også sagt at han ikkje ønska seg Nobels litteraturpris – i alle fall ikkje akkurat no. «Det hadde ikkje vore godt for meg, verken personleg eller litterært, å få prisen no. Difor er eg letta, og litt glad», skreiv han i ein e-post til NRK då Svetlana Aleksijevitsj vert ropt opp som årets mottakar av den kanskje aller gjævaste litterære prisen i verda. Men med Nordisk råds pris under beltet, ligg også Fosse stadig betre an også til Nobelprisen. Det ville ikkje overraske særleg mange om han snart får den, for heile forfattarskapen. Med eller utan gudegitt komma og punktum.

Nordisk råds litteraturpris er på 350.000 danske kroner og ble delt ut i Reykjavik tirsdag kveld.