Han må rydde i kaoset

El-sparkesyklar ligg slengd i hovudstaden. Det har gitt Ramin og kollegaene meir jobb.

Av Tormod Ytrehus, FriFagbevegelse

Det er eigentleg ikkje jobben deira, men likevel er det trafikkbetjentane som må rydde opp i elsparkesykkel-kaoset.

Trafikkbetjentane i Oslo kommune kjenner hovudstaden sine gater betre enn dei fleste. Døgnet rundt patruljerer dei gatene for å sikre fri ferdsel.

I vår fekk trafikkbildet eit nytt tilskot: Plutseleg var gatene fulle av el-sparkesyklar ein kan leige gjennom mobil-appar og sette frå seg når ein har nådd destinasjonen sin.

Talet selskap som tilbyr utleige er oppe i fem, og sparkesyklane susar forbi uansett kor du går. Det skal vere mellom 3.000 og 4.000 sparkesyklar i gatene. Det har skapt engasjement. Nokre har lagt dei for hat, medan andre bruker dei flittig.

– Eg er veldig positiv til desse sparkesyklane. Det er veldig mange brukarar, både eldre og yngre folk, seier Ramin Mirlashari.

Han er trafikkbetjent i Oslo kommune, samt ungdomstillitsvalt i Fagforbundet, og møter FriFagbevegelse ein fredag kveld. Uteserveringane i byen er fulle av folk som har søkt seg ut i sommarvarmen. Og utanfor står det sparkesyklar.

Les også: Mange fyllekjører på elsparkesykler i Oslo

Kaos

El-sparkesyklane har hausta kritikk, både frå innbyggarar, politikarar og etatar i Oslo, for at ein kan parkere dei der ein vil. Dermed er det mange som set frå seg sykkelen midt i gata.

– Jobbmessig var det problematisk med ein gong dei kom, for då slengde jo folk sparkesyklane overalt utan å tenke på svaksynte og mjuke trafikkantar. Det eg gjorde, var å flytte dei inntil nærmaste husvegg sånn at folk kunne komme seg forbi. Men etter kvart har det heldigvis blitt mykje betre. Folk har blitt flinkare til å sette dei frå seg, fortel Mirlashari.

Men er det jobben til trafikkbetjentane å flytte på sparkesyklar? Det er jo hovudsakleg registrerte køyretøy dei skal halde kontroll på.

– Det er eigentleg ikkje ein del av arbeidsinstruksen, men blir ein del av oppgåvene våre likevel, seier Stine Mari Døhl Aksnes, trafikkbetjent og seksjonsleiar i Fagforbundet teknisk fagforeining Oslo.

– Vi skal sikre fri ferdsel sånn at alle kjem fram, også blinde og svaksynte. Når det ligg ein sparkesykkel midt i vegen eller ein klynge på fortauet, er det vanskeleg å komme rundt. Eg har også sett at dei står i vegkryss, seier ho.

– Eg ser og høyrer irritasjon frå publikum. Eg er såpass heldig at eg er frisk nok til å gå rundt sparkesyklane, men bestemora mi er ikkje like sprek, seier Aksnes.

Ein høyrer også om skadestatistikkar som berre har auka, i Oslo frå éin skade per døgn i april til nesten fire skadar i døgnet i juni ifølge Oslo universitetssjukehus. Frå andre storbyar høyrer vi om dødsulukker.

– Vi jobbar jo for ein trafikksikker by, og om eg ser nokon ha stor hastigheit, ser eg alltid rundt meg om det er nokon som kan bli innvolvert i ei eventuell ulukke. Vi tenker jo på om menneska rundt oss er i sikkerheit, seier trafikkbetjent Mirlashari.

Han blir spesielt bekymra når han ser uforsvarleg køyring og to stykk på sykkelen i høg hastigheit. Då kan ein fort skade seg sjølv og andre.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Regulert som sykkel

I byrjinga fekk han spørsmål frå publikum om kva han og kollegaane gjorde for å halde orden på sparkesyklane. Då måtte han svare at han flytter dei inntil husveggane, noko alle andre også kan gjere.

I fjor endra nemleg regjeringa reglane for el-sparkesyklar som no er regulert som ein vanleg sykkel. Det er dermed lite anna kommunen kan gjere for å hindre at sparkesyklane blir parkert midt i vegen.

Både i Oslo og Trondheim har politikarane klødd seg i hovudet når dei har prøvd å finne løysingar som kan gjenvinne kontrollen over gater og fortau. Trafikkbetjentane kan berre oppmode om at syklane skal flyttast, men ikkje ilegge bøter.

I Danmark er derimot politikarane i ferd med å ta kontrollen. Snart skal det bli eit tak på talet sparkesyklar i byen og ein skal berre kunne parkere dei i bestemte soner. Det same skjer i fleire storbyar verda rundt, og i nokre er sparkesyklane forbodne.

Oslo kommune har varsla at dei ønsker nye reglar som regulerer sparkesykkel-bransjen. Det skal blant anna vere aktuelt å ta betalt for sparkesyklane dei samlar inn. Sparkesykkel-selskapa skal vere opne for å samarbeide om strengare reglar.

– Burde Oslo ha gjort som København om det var mogleg?

– Personleg tenker eg at folk bør ferdast akkurat sånn som dei vil, men dei bør ta ansvar og sette frå seg syklane sånn at dei ikkje kjem i vegen for andre. Eg synest sparkesyklane er eit flott tiltak, og det er jo veldig populært. Det viktigaste er at ein tar omsyn til andre, seier trafikkbetjent Mirlashari. (FriFagbevegelse)

Les også: Advarer mot ulovlige sparkesykler