Verden

Dette er dei ti verste landa for arbeidsfolk

Massive brot på streikeretten, retten til kollektive forhandlingar og organisasjonsfridom. Slik er situasjonen for mange arbeidsfolk.

Av Tormod Ytrehus, FriFagbevegelse

I rapporten

, har Den internasjonale fagrørsla (ITUC) peika ut dei verste landa for arbeidsfolk i 2018. Det er femte gong fagorganisasjonen publiserer ein slik rapport, basert på dokumenterte brot på arbeidarrettar.

Dette er dei ti landa der situasjonen for arbeidsfolk er verst, ifølge ITUC:

• Algerie
• Bangladesh
• Kambodsja
• Colombia
• Egypt
• Guatemala
• Kasakhstan
• Fillipinene
• Saudi-Arabia
• Tyrkia

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Mindre makt til arbeidsfolk

Rapporten konkluderer med at arbeidsfolk si politiske innverknad har blitt mindre på verdsbasis, medan private selskap får stadig meir makt.

ITUC trekk fram blant anna desse utviklingstrekka: restriksjonar i ytringsfridom, valdelege angrep på fagforeiningsaktivistar, svekking av arbeidarrettar og auka forskjellar.

Dei vanlegaste brota på arbeidarrettar, er brot på streikeretten (87 prosent av landa), retten til kollektive forhandlingar (81 prosent) og retten til å bli med i eller starte ei fagforeining (65 prosent).

Best ut kjem dei 13 landa med berre sporadiske brot på arbeidsfolks rettar. Her finn vi Norge, i tillegg til Belgia, Danmark, Finland, Tyskland, Island, Irland, Italia, Nederland, Slovakia, Sverige, Uruguay og Østerrike.

Krig og kuttpolitikk

Midtausten og Nord-Afrika er dei verste regionane for arbeidsfolk, ifølge rapporten. ITUC viser til krigar som har tekne frå befolkninga grunnleggande rettar. I tillegg viser dei til at arrestasjon og fengsling av fagforeiningsaktivistar ikkje er uvanleg i fleire av landa i regionen. Brot på retten til kollektive forhandlingar og streikeretten er regelen framfor unntaket.

Europa er regionen som kjem best ut. Her er ITUC likevel bekymra for nedbygging av kollektive forhandlingar i samband med kuttpolitikken til EU-kommisjonen, Den europeiske sentralbanken og Det internasjonale pengefondet etter finanskrisa.

Arbeidarrettar i verda

Dette er noko av det arbeidsfolk opplever:

• Arrestasjon og varetekt i 59 prosent av landa (44 prosent i 2017)
• Vald i 65 prosent av landa (59 prosent)
• Manglande ytringsfridom i 54 prosent av landa (50 prosent)

Ni fagforeiningsaktivistar vart drepne i fjor.

Kjelde: ITUC, Global rights index

Mer fra Dagsavisen