FOTO: BERIT ROALD / NTB SCANPIX

Trives som populær

Odd Nordstoga krysset grensen for å spille inn nytt album.

Odd Nordstoga (42)

Ute med albumet «Dette landet» dom ble anmeldt til en femmer i Dagsavisen

 

Måtte du til Sverige for inspirasjon?

– Den nye plata ja. Det er moro! Veldig spennande å gje ut ny plate. Er jo veldig fornøgd med den, så gledar meg veldig til å arbeide hardt på turné og på andre måtar for å gje songane eit så bra liv som mogeleg. Me spelte inn plata i Sverige. Det var mest for å prøve noko anna, vera i eit anna miljø, og kanskje få litt svensk inspirasjon. Svenskane er jo veldig gode på slik musikk som eg lagar. Rart med det, eg høyrdest like norsk ut sjølv med svensk mikrofon og ledning.

Trives du med prosessen som kreves av en innspilling, eller er det konserter som er din greie?

– Det er to sider av same sak. Det er to fasar liksom. Det eine inspirerar det andre. Spør Arne Brimi om han likar å lage maten, og så ikkje servere den. Han vil nok helst servere den både med garnityr frå fjellnoreg og ei lita skrøne eller to ved sida. Det heng saman det der.

Hvor viktig er det at musikken din og du er populær?

– Det er for meg eit fantastisk privilegium å nå ut til så mange som eg har gjort. Eg likar det godt! Når det er sagt trur eg også eg kunne trivast godt i eit smalare felt, og det var litt tilfeldig også at det blei som det blei. Men ambisjonar om å nå ut og ha litt pondus på den måten også. Det har eg vel alltid hatt.

Hva gjør deg lykkelig?

– Folk med godt humør, fint ver, overkommelege men utfordrande oppgåver og passe tett program. Det gjer meg lykkeleg. Og sjølvsagt familie i nesten parodisk harmoni. Det er jo fantastisk. Men vil jo tilføye at eg stort sett er veldig lykkeleg berre av den grunn at eg har ein familie, parodisk harmoni eller ikkje.

Hva misliker du mest ved deg selv?

– Eg mislikar at eg er så sjølvrettferdig at eg ikkje finn på noko som verkeleg stikk seg ut her. For innst inne veit eg at det er både det eine og det andre eg her kunne avslørt for ålmenta. Det er mykje å ta tak i, men eg er for makeleg til å gjera noko med det. Og så syns eg det er fint å vera lykkeleg. Det er ein grunn til at eg laga ein låt som heiter «Kunsten å gå» og ikkje «Kunsten å nispurte».

Hva er du villig til å gå i demonstrasjonstog mot?

– Språk og landbruk/distrikt er to saker som står meg nære. Men eg veit ikkje. Har ropa «Hærnes må fjærnes!» på nittitalet ein gong, som student. Dei seinare åra har eg vore lite i demonstrasjonstog. Om eg hadde gått på ein demonstrasjon no ville eg vore livredd for at ein med kamera skulle koma bort til meg fordi han hadde sett meg på TV og ville ha ein kommentar.

Hvem ville du helst stått fast i heisen med?

– Det er veldig enkelt å svara på. Eg blei spurd om å underhalde på avslutningsfest for Jens Stoltenberg då han gjekk frå leiarverv i Arbeiderpartiet til Nato. Då sa eg til han frå scena at eg alltid hadde tenkt at om eg ein gong fekk dette spørsmålet frå ei avis skulle svaret bli han. No fekk eg då endeleg dette spørsmålet og svaret er altså: Jens Stoltenberg.