Nye takter

Ser seg sjeldan attende

- Eg ser meg sjeldan attende. Prøver å væra 100 prosent til stades no og ser framover, seier Karl Seglem.

Dagsavisen anmelder

Karl Seglem (51)

Musikar

Vinnar av Egil 
Storbekkens 
Musikkpris for 2012

Gratulerer med Egil Storbekkens Musikkpris for 2012. Kva betyr ein slik pris for deg?

- Det er først og fremst veldig inspirerande og gjev meg lyst til å arbeida vidare med å skapa og spela musikk. Både prisen for bukkehornspelet, mitt arbeid med norsk folkemusikk, og NOPA-prisen for tingingsverket «Som spor» er det ei ære å motta.

Du brukar bukkehorn og bevegar deg i eit heilt eige terreng. Er det spesielle utfordringar ved instrumentet samanlikna med ditt vanlege instrument, tenorsaksofon?

- Ja. Det er utfordrande i seg sjølv for ein tenorsaksofonist å gje seg i kast med eit så «minimalistisk» instrument som i utgangspunktet vart brukt meir som skremmereiskap enn til musikk. Eg prøver stadig «å gå til åtak» på det med nye innfallsvinklar og speleteknikkar. Og med å bruka det i nye instrumentsamansetningar.

Kvar går vegen vidare?

- Vegen er å skapa. Nye inn­spelingar, nye konsertar, finna rom, ny tid til komponering, til skriving av poesi og historiar for barn.

Kva for bok har betydd mest for deg?

- Det er fleire. Men «Dalen Portland» og «Fyr og flamme» av Kjartan Fløgstad var viktige.

Kva gjer deg lukkeleg?

- Å ha gjort ein god konsert, ein fottur, hogga ved, god mat, eit glas vin, elskov, å lesa noko som gjev meining, musikk til rett tid og med rette musikarar.

Kven var din barndomshelt?

- Thomas Alva Edison.

Kva mislikar du mest med deg sjølv?

- At eg litt for ofte seier ja, og at eg er for ofte på fjesboka.

Kva gjer du når du skeiar ut?

- Drikk dyr vin, går på dyr restaurant. Eller kjøper ny Mac.

Kva er du villig til å gå i demonstrasjonstog for?

- For eller imot? Eg er imot dårleg stilte spørsmål og bakgrunnsmusikk.

Er det noko du angrar på?

- Eg ser meg sjeldan attende. Prøver å væra 100 prosent til stades no og ser framover.

Kven ville du helst stått fast 
i heisen med?

- Joni Mitchell.