Navn i nyhetene

Magne Aasbrenn er irritert på Dagsavisen

– Snakkar eg med gamle Arbeiderbladet? Som skifta namn til Dagsavis-EN.

Kven: Magne Aasbrenn

Kva: Leiar i Noregs Mållag.

Aktuell: Held foredraget «Språk og makt», om dialekter, på Deichmanske bibliotek, avdeling Torshov, i morgon.

Du snakkar med ein journalist som fekk S i nynorsk.

– Gratulerer! Journalistar har jo eit litt tvilsamt rykte, så det høyrest lovande ut.

Ja, no er du i trygge hender. Men du, kor god er du på dialekter?

– Ikkje suveren. Eg er ganske god på Østfold-dialekta, då. Og nynorsk skriftleg.

Les også: Unni Askeland: – Nå er jeg litt forelska! Jeg skjønte det på søndag.

«Klukka æ hælgon ølløv. E må ta me ei kakuskive med rauost». Kor er eg frå?

– Hmm. Nord-Austlandet? Har du palatalisering?

Øh, eg er ikkje heilt sikker, faktisk. Det er mi dialekt frå barndomen, men eg har ikkje snakka ho på 25 år. Så eg er litt rusten.

– Kan det vere Hallingdal? Ikkje? Gausdal, ja. Då bomma eg ein del.

Men kva synest du eigenleg om slike som meg? Som har lagt vekk dialekta si?

– Det er valfritt for alle menneske å snakke som dei vil. Eg skal ikkje ta frå deg den fridomen. Men det er synd du ikkje har halde ho vedlike. Det å kunne fleire språk eller dialekter er både fint og nyttig. Tenk om alle dialektene hadde dødd?

Ja, då kunne vi alle ha snakka oslomål?

– Det hadde vore stussleg. Eg trur du hadde lykkast vel så bra om du hadde halde på dialekta di og stått imot – det er eit kulturtap å miste dialekta. Men dette er mest eit fenomen rundt Oslo. Eigenleg lever dialektene som berre det. Tenk på Stein Torleif Bjella! Og Frida Ånnevik.

Så om berre det rette menneska bruker gausdalsdialekta, så kan ho få seg eit løft?

– Ja. Dessverre snakkar heller ikkje Kjetil Jansrud (frå Vinstra. journ.anm.) dialekt.

Men ein blir erta i byen om ein snakkar bygdemål... Kvifor har nokre dialekter så låg status?

– Særleg har dialekta til industriarbeidarane låg status. Eg snakkar forresten med gamle Arbeiderbladet? Som skifta namn til Dagsavis-EN.

Ja...

– Det irriterer meg frykteleg, og var heilt unødvendig. Moralen er at alle som opnar kjeften sin har eit ansvar. Også de i media. Du har også eit ansvar.

Når fekk du augo opp for nynorsk?

– Det er ei lengre historie. Eg var med på visebølga på 70-talet, der song vi på dialekt. Så har eg vore lærar. Vi starta opp Østfold Mållag i 1989, mot mobbing av dialekt. Der var eg leiar frå 2002 til eg vart leiar for Noregs Mållag i fjor. Og så har eg skrive ein roman på østfolddialekt.

Den har eg høyrt om!

– Jøss, ryktet har nådd hipsterane? Men sist eg så boka var den fyllmasse i ei bokhylle i eit møbelhus i Vestby. Ho hadde ein pen rygg.

Les også: Vi testet Marta Breen i kvinnequiz: – Toppserien, er det damefotball?

Men nynorsken?

– Mønsteret for bøying av substantiv er det same på østfoldialekta og nynorsk. Guttæne – gutane. Kastær – kastar. Men det treng eg ikkje fortelje deg som har S i nynorsk.

Kva gjer deg lukkeleg?

– Den siste augeblinken eg hadde av perfekt lykke var da det vart liv att i Elverum Mållag.

Kva gjer du når du skeiar ut?

– Eg er ikkje særleg oppteken av alkohol, sjølv om eg ikkje er avholds. Så i fare for å høyrast prektig ut: peanøtter og farris.

Kven ville du helst stått fast i heisen med?

– Torbjørn Røe Isaksen. Eg skulle gjerne funne ut kva han eigenleg meiner med ønsket om å ta bort skriftleg sidemål i den vidaregåande skulen.

Takk skal du ha. Eg sender deg sitatsjekk på nynorsk. Kan du gi meg ein karakter her?: «Eleven er litt ute av trening, men neste gong er ho heilt tilbake til nivået frå ungdomsskolen» – karakter 5/6.

Mer fra Dagsavisen