Navn i nyhetene

Krev fortau utan elsparkesyklar

Fortaua er ikkje trygge. Elsparkesyklane må vekk derfrå, insisterer nestleiar Magnhild Sørbotten i Handikapforbundet.

To elsparkesykler deler fortau med gående i Oslo sentrum i 2019.

Kven: Magnhild Sørbotten (57).

Kva: Nestleiar i Norges handikapforbund.

Kvifor: Strengare reglar for bruk av elsparkesyklar trer i kraft 18. mai.

Sjølv om det no blir strengare reglar for bruk av elsparkesyklar vil det framleis vere lov å køyre på fortau. Det likar Handikapforbundet dårleg. Kvifor det?

– Vi er opptatt av at fortaua skal vere trygge soner for funksjonshemma og andre fotgjengarar, det er dei ikkje i dag. Barn skal få lov å virre rundt på fortauet, folk med dårleg balanse skal få lov å ikkje gå rett fram heile tida. Spesielt barn og mennesker med utviklingshemming og demens vil oppleve det som vanskeleg å forutsjå kor ein elsparkesykkel vil kjøre vidare. Både bevegelseshemma og andre kan oppleve det som vanskeleg å flytte seg raskt nok når elsparkesyklar kjem susande på fortauet. Vi ser at både eldre og funksjonshemma vel bil framfor gange og rullestol på fortau nettopp på grunn av elsparkesyklane, mange vel også å vere mindre ute, spesielt i sentrumsområder. Slik sett har elsparkesykkelbruk på fortaua bidratt til at andre deltar mindre i samfunnet.

De nye og strengere regler for bruken av elsparkesykler er ikke strenge nok, mener Magnhild Sørbotten, nestleder i Norges Handikapforbund

Har Handikapforbundet medlemmar som er blitt påkøyrt av elsparkesyklar på fortau?

– Ja, men vi har nok ikkje full oversikt over alle. Nokre har klart seg overraskande bra, andre har slitt med skadene ei stund.

Dei nye reglane innebær at dei som køyrer elsparkesykkel på fortau, ikkje får køyre fortare enn 6 kilometer i timen når dei passerer gåande. Vil ikkje det redusere talet påkøyrsler og konsekvensane av dei?

– Allerede før dagens lovendring har elsparkesyklistar vore pålagt å passere gåande i god avstand og i tilnærma gangfart. Dette veit vi det blir synda mot i stor skala, og det er liten grunn til å tru at ei forskriftsendring der man definerer gangfart til maks 6 kilometer i timen vil medføre særleg endring i praksis. 6 kilometer i timen er også meir marsjfart enn gangfart. Mange elsparkesyklar vil ha problem med å holde balansen i 6 kilometer i timen. Dei fleste har heller ikkje speedometer som kan angi om man ligg over eller under denne fartsgrensa.

Kor vil de at elsparkesyklistane skal gjere av seg i staden for å bruke fortauet?

– Vi meiner sykkelfelta er rett plass for elsparkesyklistar. Det tydeleggjer jo også behovet for fleire sykkelfelt og adskilte områder for syklar og gåande på gangvegar.

Forbudet mot å vere meir enn éin på kvar elsparkesykkel blir no gjort tydeleg i og med at politiet og Vegvesenet kan gi gebyr på 3.000 kroner. Korleis trur du det vil slå ut?

– Forhåpentlegvis vil det redusere antallet som kjører to på ein elsparkesykkel, men dette avheng nok i stor grad av om politiet og Statens Vegvesen faktisk gjennomfører kontrollar og skriv ut gebyr. Ein elsparkesykkel med to passasjerer vil ha betydeleg større kollisjonskraft og skadepotensial enn ein med berre ein person på.

Også det at elsparkesyklar blir satt igjen nærmest over alt, er noko som opptar dykk i Handikapforbundet. Kvifor er det eit problem?

– For mange av våre medlemmer har dette store konsekvenser for framkommelegheita. Er du rullestolbrukar, har dårleg balanse, går med krykker eller stavar, er det å flytte på ein feilparkert el-sparkesykkel ikkje muleg. Rullestolar kan jo heller ikkje fly over disse elsparkesyklane. Mange rullestolbrukarar opplever at dei må snu og finne andre veiar for å komme seg dit dei skal. Mange trur nok at det berre er å trille ned i sykkelfelt eller vegbane, men ofte vil fortauskanten vere for høg til at det er muleg. Enkelte opplever også at elsparkesyklar står parkert på ein slik måte at dei ikkje kjem seg inn der dei skal.

Dei nye reglane gjev kommunane moglegheit til å gjere noko med feilparkerte elsparkesyklar. Korleis bør Oslo og andre kommunar bruke den moglegheiten?

– Kommunane, og spesielt dei store byane, som Oslo, bør benytte denne mulegheita fullt ut. Ein hard praksis på området kan virke oppdragande på dei som parkerer elsparkesyklar, gitt at utleigeselskapa lar gebyra få konsekvenser for dei som har parkert feil. I dag finst det også tekniske løysingar som gjer det muleg å ikkje få avslutte turen med elsparkesykkel før elsparkesykkelen er innanfor eit definert parkeringsområde. Denne løysinga bør både kommunar og utleigarar sørge for å ta i bruk snarast muleg.

Kommunane får også moglegheit til å lage soner kor det er forbudt å bruke elsparkesyklar. Bør dei opprette slike soner?

– Kommunane bør absolutt bruke denne mulegheita, spesielt i sentrumsområder med mange fotgjengarar. I gater med sykkelfelt vil det vere ein klar aksept av at fotgjengarar ikkje er så viktige om man ikkje raskast muleg etablerer forbud mot elsparkesykkelbruk på fortaua.

Lengtar du tilbake til dagane då det ikkje fantes elsparkesyklar, eller trur du det kan bli mogleg å leve i harmoni med dei?

– Eg trur at elsparkesyklane er kommt for å bli. Handikapforbundet ønsker heller ikkje eit totalforbud, men vi meiner at dei ikkje skal brukast på fortau og i gangsoner. Definerte adskilte soner og bedre kunnskap hos dei som brukar elsparkesyklane er nok ei forutsetning for at dei ulike trafikantgruppene skal kunne fungere saman.

Er du sjølv ein brukar av elsparkesykkel?

– Nei, eg har nok for dårleg balanse til at eg hadde klart å holde meg ståande når eg skulle gått av.

Over til våre faste spørsmål. Kva for bok har betydd mest for deg?

– Her er lista ganske lang. Eg var som barn velsigna med foreldre som ville vi skulle lese og huksar framleis Robinson Crusoe. Olaug Nilsens bok «Tung tids tale» er ei bok som har satt djupe spor og som mange fleire burde lese.

Kva gjer deg lykkeleg?

– At folka rundt meg har det bra, å vere saman med andre folk, gode musikkopplevelser, inkludert korpsa på 17. mai, gjennomslag i saker vi jobbar for og stillheita på hytta. Det er rett og slett mykje som gjer meg lykkeleg.

Kven var din barndomshelt?

– Eg var nok ikkje veldig opptatt av heltar, men kusina mi som var sterkt politisk engasjert, var nok eit forbilde.

Kva misliker du mest ved deg sjølv?

– Eg er opptatt av at folk ikkje skal bruke så mykje energi på å mislike seg sjøl, men eg skulle gjerne hatt større evne til å sei nei og meir kapasitet til å gjennomføre ting.

Kva gjer du når du skeier ut?

– I disse dager er ikkje mulegheitene for å skeie ut så stor, men take-away frå Vinderen sushi er ein utskeielse som er innanfor korona-reglane.

Kva er du villig til å gå i demonstrasjonstog mot?

– Eg går gjerne i demonstrasjonstog for funksjonshemma og andre si likestilling i samfunnet.

Er det noko du angrer på?

– Det er det nok. Då er det viktigaste å lære av det man har gjort feil og gå vidare.

Kven ville du helst stått fast i heisen med?

– Akkurat no hadde det vore greit med ein lengre prat med samferdselsminister Knut Arild Hareide om kva som trengst av grep på transportsida for at funksjonshemma skal kunne delta på like vilkår i samfunnet. Det inkluderer også kva som trengst av ytterlegare tiltak for at fortau og gangvegar skal vere trygge og framkommelege for alle fotgjengarar.

PS! Du leser nå en åpen artikkel. For å få tilgang til alt innhold fra Dagsavisen, se våre abonnementstilbud her!