Innenriks

Nav tilbakebetaler trekk i dagpengar. Sånn får du pengane tilbake

Nav har slutta å trekke forskot frå utbetalinga av dagpengar, men du må sjølv be om å få pengane dine tilbakebetalt.

Av Tormod Ytrehus, Fri Fagbevegelse

Arbeidsministeren opplyste 19. mai at Nav sluttar å trekke forskot frå utbetalingar av dagpengar fram til lønnskompensasjonen frå Nav er på plass.

Nav har fått kraftig kritikk for å krevje tilbake pengar samtidig som permitterte manglar ei utbetaling frå Nav på nesten ei heil månadslønn.

Les også: Så lenge har permitterte rett på dagpengar

Sjølv be om å få pengane

På nettsidene sine skriv Nav at du må melde frå sjølv dersom du ønsker å få tilbakebetalt trekk av forskot i dagpengane dine. Dette gjer du på sidene «skriv til oss» på nav.no.

Eit månadleg forskot har permitterte og arbeidsledige kunna søke om i snart to månader. Nav har så langt utbetalt tre milliardar kroner i forskot til 165.500 personar.

Nav er nemleg grundig forseinka i behandlinga av dei 442.000 dagpenge-søknadene som har komme inn etter 12. mars. Nav har tidlegare sagt at saksbehandlinga vil ta unormalt lang tid fram til august.

Les også: Dette er Nav-ytingane du har krav på i dei fem forskjellige fasane som permittert

Også lønnskompensasjonen er forseinka etter at den vart vedtatt av Stortinget 20. mars. Ordninga skal sikre permitterte ei utbetaling frå Nav tilsvarande 18 dagar full lønn.

Les også: Skoleklasse i Oslo i karantene etter at elev fikk påvist korona

Mer fra Dagsavisen