Innenriks

«Mari» har donert egga sine: – Men eg blir ikkje mor av den grunn

Ho proppa kroppen full av hormonar for å kunne hjelpe nokon som drøymer om eit barn. For 32-åringen er eggdonasjon ein del av ein samfunnsdugnad ho ønsker.

Bilde 1 av 2

Av Ruth Einervoll Nilsen, Vårt Land

Tysdag blir ein årelang strid om bioteknologi avgjort. Då får Norge truleg ein langt meir liberal bioteknologilov, som mellom anna opnar for eggdonasjon.

For «Mari» er den nye lova eit steg i retning verda ho ønsker me skal leve i. Allereie for ti år sidan gjekk det eit lys opp for ho: Å donere egg kunne bidra til rettferd.

– Eg forsto kor urettferdig systemet er. Menn som ikkje kan bli biologiske fedrar, kan få hjelp. Men kvinner kan ikkje, seier ho.

Mari er ikkje kvinnas eigentlege namn. Men sidan ho allereie har gitt egg i Sverige, og dei der kan få vite kor donoren kjem frå, kan identiteten hennar bli avslørt ved å stå fram. Mari vil òg stå tidleg i køen viss eggdonasjon blir lov i Noreg. Det får me vite på tysdag.

Les også: Frp-Amundsen vil stemme mot eget parti: – Det handler også om at radikal feminisme slår gjennom

Drøymer om eit samfunn på dugnad

Sjølv om Mari ikkje vil bli mor sjølv, har ho sett kor vondt det kan vere å ønske eit barn så inderleg, men ikkje klare det.

– Eg ser for meg kor veldig, veldig trist det må vere å drøyme om å bere fram sitt eige barn, men ikkje få det til. Det skapar livskriser hos mange.

Men det aller viktigaste som driv henne, er det store og filosofiske, som ho seier.

– Eg ønsker eit samfunn kor menneske med overskot av tid, pengar, kjærleik eller fiskefangst bidrar med det dei kan. Nokon kan ofre mykje fordi dei har økonomisk overskot, eller energi til å vere fotballtrenar. Andre kan ikkje det, av ulike grunnar, og det er heilt greitt.

– No har eg overskot av tid, og veldig mange egg eg ikkje brukar. Det å gi egg er ein hyggeleg og konkret måte å bidra på – viss ein er skodd for oppgåva. Det føler eg at eg er no, seier ho.

Hold deg oppdatert: Få nyhetsbrev fra Dagsavisen

Gjenom strenge kontrollar og mange sprøyter

Før Mari kunne få donere egg i Sverige, måtte ho gjennom det ho kallar «ein skikkeleg EU-kontroll».

– Eg snakka i timevis med ein sosionom. Ho spurde: Korleis er den sosiale situasjonen din? Har du vener, nettverk, hus, bil, utdanning, jobb, pengar? Korleis er den psykiske helsa di? Kvifor vil du bli donor?

Denne samtalen betydde mykje for donoren. Mari var open om alt ho tvilte på, bretta ut om fortid og framtid, og var klar for at konklusjonen kunne ende i at donasjon blei for belastande. Etter fleire medisinske testar og samtalar fekk ho grønt lys eit halvt år seinare.

Så venta to hormonelle veker. For å kunne produsere så mange egg som mogleg, måtte Mari stikke seg med hormonsprøyter. Mottakarmora startar behandling samtidig.

– Sjølvsagt er det ikkje optimalt å føle på alle desse hormona, men du veit kor lenge det varar. Det er litt som PMS. Ikkje gøy, men eg visste kvifor det var slik, og tok det med eit smil.

– Eg trur dei to vekene er mykje verre for damene som legg alle sine håp om framtida i denne behandlinga.

Les også: KrF fikk gjennomslag for krav om full sal på Stortinget når bioteknologiloven behandles - det koster staten rundt 225.000 kroner i pleksiglass

Stiller spørsmålet: Vil eg angre?

Den 14. dagen fekk Mari ei sprøyte som slapp egga laus. Egga kan ende opp som maks seks barn – tre barn på to familiar. Viss Mari vil, kan ho få vite om donasjonen blei til barn.

– Eg er så nysgjerrig at det trur eg at eg vil. Eg har jo lagt ned ein innsats i håp om at dette skal gjere nokon lukkelege.

Ho har fått spørsmålet mange gonger, både frå seg sjølv og andre: Trur du du vil angre?

– Det kan ein jo aldri vere heilt sikker på, men sånn er det med veldig mange ting i livet. Du tar eit val som følast rett der og då, og så kan ein sjølvsagt angre etterpå. Men den brua må du krysse når du kjem dit.

– Eg ser ikkje for meg å angre på noko eg synest er ein hyggeleg gest for å hjelpe andre.

Når hennar egg potensielt har blitt eit svensk barn, har det ved «moden alder» rett på informasjon om kven som har donert halve genane deira. Viss ein 19-åring dukkar opp etterkvart og lurer på kven Mari er, er ho klar for å snakke.

– Men eg blir jo ikkje mor av å gi egg – det skal mykje meir jobb til. Eg har berre bidratt i den enklaste delen. Ein blir mor av å gi omsorg og kjærleik til eit barn. Det er når egget er befrukta og barnet blir fødd at mors- og farsjobben byrjar.

Les også: Valgforsker om bioteknologiendringer: – Et dobbelt nederlag for KrF

Legar klamrar seg til håpet om gjennomslag

Det medisinske fagmiljøet sit ytst på stolen før tysdagens avgjerd om ny bioteknologilov. Saka dei har diskutert i 15 år kan endeleg bli røyndom

– Du anar ikkje kor spennande det er. Skuffelsen blir uuthaldeleg viss lova ikkje går igjennom. Frå vår ståstad er eggdonasjon den viktigaste delen av bioteknologilova, seier seksjonsoverlege Sigrun Kjøtrød ved St. Olavs hospital.

Ho leiar fertilitetsseksjonen der, og seier det er unisont frå dei som jobbar med barnlause at eggdonasjon må bli lovleg i Noreg.

– Det følast rart å kunne hjelpe mange, men ikkje denne gruppa som treng egg. Det kan vere ganske brutalt om du allereie i starten av 20-åra får vite at du aldri kan få eigne barn.

Overlegen er tydeleg på at det norske systemet må vere godt kontrollert, og sikre opne donorar som gir egg på riktig grunnlag.

– Me veit at pengane rår i fleire andre land, som går ut over tryggleiken i det medisinske. No kan norske kvinner som treng hjelp sleppe å utsetje seg for det, seier Kjøtrød, og legg til:

– Eg ser for meg at det kan bli mangel på egg, såpass at me må ha veldig mange givarar. Me håpar det blir nok entusiasme blant unge kvinner til å donere, seier gynekologioverlegen, som møter mange som lengtar etter tilbodet.

Les også: Samlet helsekomité vil forby foreldre å genteste egne barn

Ønskebarn: – Få barn er så ønska som desse

Foreininga Ønskebarn, som jobbar for dei ufrivillig barnlause, har inntrykk av at ein del kvinner ønsker å bidra med egg.

– Og når fleire blir kjent med moglegheita, og systemet kjem opp og står, trur eg absolutt det vil skje, seier styreleiar Lise Boeck Jakobsen.

– Dette vil bety mykje for veldig mange. Få barn er så ønska som dei som kjem til verda gjennom assistert befruktning, seier ho.

Les også: Thorvald Steen: – Nå er det mulig å velge vekk sånne som meg

Tryglar om ja til liberalisering

– No synast eg politikarane skal slutte med spelet og hestehandelen, og berre ta det fornuftige valet og seie ja, seier donor Mari.

Ho slit med å forstå dei som ikkje vil tillate det ho har gjort, og håpar eggdonasjon blir lovleg etter tysdag.

– Det verkar som om haldningane til motstandarane er fundert emosjonelt, ikkje fornuftig. Eg trur det er ein idé djupt i folk, som ein ikkje heilt vil innrømme, om at mor er litt viktigare enn far. At kvinnekroppen, den må me passe litt ekstra på.

Mari får aldri vite kva slags folk som kanskje fekk barn av egga hennar.

– Men tanken på at dette kan vere ein viktig ting for det menneske eller paret, er nok for meg.

Mer fra Dagsavisen