Innenriks

Hotellkongane har utbyttefest, mens tilsette får smuler eller ingenting i lønnstillegg

Dei tilsette er rasande og meiner dei lokale lønnsforhandlingane ikkje er reelle.

Av Tormod Ytrehus, FriFagbevegelse

Hotellkjedene Scandic, Choice og Radisson gjennomførte årets lokale lønnsforhandlingar i oktober og november. Resultatet er 15 øre i timen hos Choice og null i dei andre kjedene, viser undersøkinga Magasinet for fagorganiserte har gjort.

Det har også tidlegare år vore lite å hente for reinhaldarar, resepsjonistar, servitørar og kokkar i dei store hotellkjedene. Ingen har fått lokale lønnstillegg, bortsett frå fjorårets 15 øre frå Scandic-kjeda og 10 øre frå Thon-kjeda. Bodskapen er at det ikkje er pengar igjen.

Dette vekker harme blant tillitsvalde og tilsette i Fellesforbundet. Dei gjennomførte ein tøff og langvarig streik i 2016, nettopp for retten til å forhandle lønn også lokalt.

15 øre i Choice

Håpet var at dette skulle løfte lønna i ein av bransjane med både lågast lønn og lønnsvekst. I tariffavtala står det no at dei tilsette skal ha lønn over minstesatsane i tariffavtala og at lokale forhandlingar skal vere reelle. Noko økonomisk løft har det likevel ikkje blitt.

– Dei tilsette eg har snakka med synest det er heilt håplaust. Tilbakemeldinga er at ein føler seg verdilaus, seier Merethe Sutton, Choice-tilsett og leiar for konsernsamarbeidsutvalet.

For mens årets lønnstillegg vart nokre få øre, går Nordic Choice så det susar. Topplinja og botnlinja i konsernet har aldri sett betre ut.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Utbyttefest for Stordalen

Konsernet har dratt inn årlege inntekter på mellom ni og elleve milliardar kroner sidan 2016, viser konsernrekneskapa. Driftsresultata ligg på mellom 450 og 700 millionar kroner dei siste tre åra.

Blant eigarane, Petter Stordalen (56) og dei tre barna i 20-åra, har det vore utbyttefest. Barna tok ut til saman 18 millionar kroner i utbytte i fjor.

Petter Stordalen sjølv har tatt ut 285 millionar kroner i utbytte i løpet av dei tre siste åra, gjennom eigarskapet i eit selskap som leiger ut eigedom til Choice-hotella.

10 øre i Thon

Veslebror Thon har enno ikkje gjennomført årets lokale lønnsforhandlingar. I fjor vart resultatet ti øre i lønnstillegg. Det utgjer ein årslønnsvekst på under hundrelappen, ifølge dei tilsette.

– Det er ein hån. Dei tilsette er rasande. Dei gir oss ti øre berre for å unngå usemje om det har vore reelle forhandlingar eller ikkje, seier Elin Karlsen, Thon-tilsett og medlem i lønnsutvalet.

Les også: Stordalen kjøper Ving: – Jeg har mye hjerte og har fått med partnere som har mye hjerne

Titals millionar

Samtidig har Thon-konsernet årlege inntekter på mellom ti og elleve milliardar kroner, med driftsresultat på mellom to og tre milliardar kroner dei siste tre åra.

Det vakte oppsikt då Olav Thon (96) i 2013 valde å opprette ei stifting som tok over eigarskapet i konsernet. Av ein profitt på til saman over fire milliardar kroner dei siste tre åra, har stiftinga delt ut i overkant av 180 millionar til gode formål.

Styreleiar Olav Thon har framleis til salt i grauten. Gjennom enkeltpersonsforetaket sitt eig Thon verdiar for godt over éin milliard kroner. Dei siste tre åra har han tatt ut totalt 40 millionar kroner i utbytte, viser rekneskapen.

Småpengar i Scandic

Også i Scandic fekk dei tilsette i fjor lønnstillegg på nokre øre. I år var resultatet null.

I protokollen frå forhandlingane skriv dei tilsette at dei er «svært skuffet» over at tre rundar med lokale lønnsforhandlingar ikkje har gitt eit løft for dei tilsette og at forhandlingane vil «bli oppfattet som en formalitet uten reell hensikt».

Bedrifta meiner på si side at dei ikkje har økonomi til å gi lønnstillegg.

Milliardutbytte

Det svenske konsernet har årleg dratt inn mellom 13 og 20 milliardar kroner dei siste tre åra, og driftsresultata ligg på mellom 900 millionar og éin milliard kroner etter 2016.

Det førte til at eigarane i det børsnoterte selskapet kunne ta ut godt over éin milliard kroner i utbytte fordelt på dei tre siste åra.

Blant aksjonærane finn vi den norske investoren og redaktøren Trygve Hegnar (76), som saman sine to barn i 20-åra eig fem prosent av konsernet. Størst utbytte fekk den styrtrike, svenske reiarfamilien Olsson, med sine 17 prosent av aksjane. Den svenske kasinomilliardæren Rolf Lundström og familien hamnar på ein solid andreplass, med 16 prosent av aksjane.

Radisson braut

Den minste hotellkjeda på den norske marknaden er børsnoterte Radisson, nyleg kjøpt opp av ein kinesisk hotellgigant. Konsernet har hatt årlege inntekter på over ni milliardar dei siste tre åra, og driftsresultat på mellom 30 og 300 millionar kroner.

Dei tilsette kravde tre kroner i lønnstillegg i år. Svaret var eit tilbod om 30 øre, noko som førte til at dei tilsette braut forhandlingane.

– Eg synest det er ein hån mot dei tilsette. NHO gjekk med på lokale forhandlingar, men dei er ikkje reelle. Reiselivsnæringa går betre enn aldri før, og konserna bygger nye hotell. Så det må vere pengar der, seier Jan Roger Ulvang, Radisson-tilsett og medlem i lønnsforhandlingsutvalet.

Avviser påstandar

Magasinet har spurt alle hotellkjedene om dei meiner forhandlingane har vore i tråd med tariffavtala, kva dei meiner om resultata av forhandlingane og opplevingane til dei tilsette.

I ein epost forsikrar HR-direktør Elin Ekrol i Scandic at dei har gjennomført reelle forhandlingar i tråd med Riksavtala sine paragrafar. «Forhandlingene har vært ført med god dialog og gjensidig respekt», skriv Ekrol.

«Ja, vi har helt klart gjennomført reelle lønnsforhandlinger i tråd med tariffavtalen», er svaret frå Karin Sjögren, HR Manager i Norge for Nordic Choice Hotels. «Den totale lønnsutviklingen for 2019, inkludert lokale og sentrale, har resultert i en akseptabel lønnsutvikling for våre medarbeidere, også sammenlignet med andre bransjer». (FriFagbevegelse)

Thon og Radisson har ikkje svart på Magasinet for fagorganiserte sine førespurnader.

Om hotellkjedene

* Scandic har ein marknadsdel på 17,5 prosent, Choice har 16, Thon 12,5 og Radisson 7,5.

* Scandic har 85 hotell i Norge, med over 5.500 tilsette. Konsernet har til saman 183 hotell fordelt på 7 land i Norden og Europa.

* Coice har 92 hotell i Norge. Konsernet har til saman 194 hotell med 13.000 tilsette, fordelt på 6 land i Skandinavia og Baltikum.

* Thon har 80 hotell i Norge og utlandet. Konsernet driv også med utleige av eigedom til andre verksemder enn eigne hotell.

* Radisson har 22 hotell i Norge, med oppunder 900 tilsette. Konsernet har til saman 380 hotell fordelt på 79 land i Europa, Midt-Austen og Afrika.

Kjelde: Konserna sine årsmeldingar for 2018 og kjedene sine nettsider.

Mer fra Dagsavisen