Hotellgjestane trur dei gjer ei god gjerning, men reinhaldarane får ein verre dag på jobb

For kvar tier Choice gir til Unicef, sparer dei tretti kroner i lønnskostnader. Skjult nedbemanning, kallar Fellesforbundet-tillitsvalde ordninga der gjestar kan reservere seg mot dagleg romreinhald.

Av Tormod Ytrehus, FriFagbevegelse

«Adelia» vaskar i eit rasande raskt tempo, med innøvde bevegelsar. Magasinet for fagorganiserte er med på reinhaldet av eit avreiserom på eit Choice-hotell, under føresetnad om at ingen namn blir nemnd.

På dette hotellrommet har ingen reinhaldarar vore inne på tre dagar.

Når du overnattar på eit Choice-hotell, blir du nemleg oppfordra til å henge opp eit skilt på døra. Der står det at du ikkje ønsker dagleg reinhald av rommet. I staden gir du 10 kroner til Unicef sitt arbeid for barn utsette for menneskehandel. «Sweet Dreams Stay» blir ordninga kalla.

Les også: Hotellkongane har utbyttefest, mens tilsette får smuler eller ingenting i lønnstillegg

Større belastning

Skitne handkle, sengetøy og søppel skal ut. Adelia tar på nytt sengetøy, fyller på tørke- og toalettpapir. Badet skal vaskast. Ho tørkar støv av alle flatar, i krikar og krokar. Til slutt støvsugar ho golvet, før neste rom står for tur.

Adelia skal vaske tre rom i timen og må bruke rundt 20 minutt på kvart rom. Ho vaskar omtrent tjue rom i løpet av ein arbeidsdag på 7,5 timar. Arbeidspresset er hardt.

Og utan dagleg reinhald på romma, blir jobben større. Det seier seg sjølv at romma blir skitnare når dei ikkje er vaska på tre dagar. Og når ein skal vaske like mange rom som før, der ein større del er avreiserom, må ein jobbe raskara.

– Det er mykje tyngre arbeid og meir gris. Eg vil ha dagleg reinhald, seier Adelia mens ho tørkar sveitte og hastar vidare ut i korridoren.

TRE DAGAR: Choice lanserte ordninga i 2017, der gjestar kan reservere seg mot reinhald på hotellrommet i opptil tre dagar. Foto: Håvard Sæbø/FriFagbevegelse

Reddar verda

Den auka belastninga i arbeidskvardagen, er ein av tre grunnar til at dei tilsette er kritisk til at gjestar blir oppfordra til å reservere seg frå reinhald. Den andre er jobbtryggleiken.

Etter klokka 23 går nattevaktene ei runde og sjekkar kor mange som har hengt skiltet på døra. Resultatet er grunnlaget for kor mange reinhaldarar på deltids-, nullprosentkontraktar eller frå bemanningsbyrå som blir kalla inn på jobb neste dag. Det fortel tillitsvalde Magasinet har snakka med.

«It saves our planet står det på skiltet» gjestane henger på døra. Dei tillitsvalde meiner Sweet Dreams Stay i verkelegheita er eit sparetiltak for hotell-konsernet.

Skjult nedbemanning

Magasinet har sett Choice sitt eige rekneeksempel på korleis ordninga slår ut økonomisk. Det avslører at hotella sparer 40 kroner i lønnskostnader per reservasjon mot dagleg reinhald. Dette skal vere eit forsiktig anslag, og skattefrådrag er ikkje med i reknestykket.

For kvar tier som går til Unicef, kan altså hotella stikke minst tretti kroner i eiga lomme, spart inn på lønn til reinhaldarar.

– Det er skjult nedbemanning, seier Merethe Solberg, leiar i Fellesforbundet avdeling 10, som organiserer hotelltilsette i Oslo og Akershus.

Les også: Stordalen drømmer om en ny og annerledes hotellkjede

Våpen og narkotika

Fellesforbundet-avdelinga er også bekymra for tryggleiken til tilsette og gjestar på hotella.

Kriminelle handlingar er nemleg ikkje uvanleg på norske hotell. Det kan gå føre seg narkotika- og våpensal bak lukka hotelldører. Det er heller ikkje uvanleg at gjestar tar overdosar eller livet sitt.

Utan dagleg reinhald, blir hotellrommet ein fristad for uønskte handlingar, meiner Solberg.

Gjestar blir lurt

Under Fellesorganisasjonen sitt landsmøte på eit Choice-hotell i oktober, hadde forbundet ei avtale med hotellet om at romma ikkje skulle vaskast med mindre gjestane bad om det. Etter ei oppfordring frå Fellesforbundet, bad alle delegatane om dagleg reinhald.

– Vi som gjestar, blir lurt. Vi trur vi gjer noko godt ved å avstå frå dagleg reinhald, men i verkelegheita blir arbeidskvardagen til dei tilsette verre, seier Merethe Solberg.

– Vi synest det er fint at dei støttar Unicef, men Stordalen har råd til å donere pengar til gode formål i tillegg til å gi dei tilsette ordentlege arbeidsforhold.

Kjenner seg ikkje igjen

– Formålet er å bidra til ei god sak. Vi donerer pengar til Unicef, og forhåpninga er at vi sparer miljøet gjennom bruk av mindre kjemikaliar, vatn og energi.

Det seier berekraftsdirektør Harald Bjugstad-Holm i Choice. Han kjenner seg ikkje igjen i påstandane frå Fellesforbundet-avdelinga eller situasjonen tilsette skildrar overfor Magasinet.

– Dette er ikkje skjult nedbemanning. Det hadde vi vore opne om, forsikrar han.

Bjugstad-Holm fortel at Sweet Dreams Stay-ordninga er drøfta med tillitsvalde og kravet til effektivitet ikkje skal vere større enn tidlegare.

Underbemanning

Ifølge berekraftsdirektøren skal ikkje ordninga føre til meir bruk av tilsette på nullprosentkontraktar og frå bemanningsbyrå.

– Vi opererer med faste vaktlister, og så ringer vi etter ekstravakter ved behov utover det normale. Ein planlegg dermed ikkje for underbemanning, og det skal heller ikkje vere sånn at ein systematisk planlegg frå morgon til morgon.

Vanskeleg å anslå

Bjugstad-Holm kjenner heller ikkje til rekneeksempelet Magasinet har sett, som viser at Choice sparer inn meir pengar enn dei gir til Unicef.

– Det er vanskeleg å seie noko om kostnader. Nokre hotell bruker dei tilsette til periodisk reinhald eller har opplæring, sånn at dei bruker arbeidstida til noko anna.

– Vi har heller ikkje fått tilbakemeldingar frå gjestane om at dei kjenner seg lurt. Stort sett er dei supernøgde med at vi støttar ei god sak.

Les også: Denne jobbannonsen fekk svenske Nav til å bannlyse Stordalen si hotellkjede

Ikkje forstyrr

Berekraftsdirektør Harald Bjugstad-Holm meiner det ei avsporing å hevde at Sweet Dreams Stay svekker tryggleiken til tilsette og gjestar.

– Om ein vil gjere noko kriminelt er det berre å henge opp eit «ikkje forstyrr»-skilt på døra, påpeikar han og forsikrar om at konsernet tar problematikken på alvor.

Han viser også til at sjukefråveret innanfor housekeeping har gått ned etter at ordninga vart innført, at medarbeidarundersøkingar viser at tilsette er meir nøgde og generelt positive til Choice sitt berekraftsarbeid.