Innenriks

Her er verdas beste byar å jobbe i

Økonomi, politikk og regelverk, livskvalitet og likestilling. Dette er kriteria selskapet Future Learn har brukt for å lage ei liste med verdas hundre beste byar å jobbe i.

Av Tormod Ytrehus / Fri Fagbevegelse / LO Media

Selskapet har brukt datasett frå ei rekke anerkjente organisasjonar, som blant anna OECD og ITUC, for å sette saman lista. I tillegg har dei brukt meiningsmålingar.

Rangeringa er også basert på kor hardt koronakrisa har ramma og kor gode tiltaka frå myndigheitene er.

Her er topp ti: (1) Singapore, (2) København, (3) Helsingfors, (4) Oslo, (5) Dubai, (6) Göteborg, (7) Malmö, (8) San Francisco, (9) München, (10) Genève.

Den norske hovudstaden hamnar altså på ein fjerdeplass, og må sjå seg slått av den finske og danske.

Bak Oslo følger Dubai. Byen hamnar høgt på lista fordi den har låg arbeidsløyse og er lite ramma av koronakrisa.

Når det kjem til arbeidarrettar, er bildet annleis. Dubai hamnar på botn, mens Oslo klatrar opp på ein andreplass berre slått av København.

Denne saken ble først publisert hos Fri Fagbevegelse

Mer fra Dagsavisen