Innenriks

Bussjåførar i streik: Vi ber berre om det vi har blitt lova

Fellesforbundet og LO meiner arbeidsgivarane må ta skulda for at dei måtte bruke streikevåpenet.

Bilde 1 av 2

Av Tormod Ytrehus, Fri Fagbevegelse

ALNABRU/OSLO: – Vi har eit stort ansvar, fraktar mange menneske og gjer ein viktig jobb for samfunnet. Det er ikkje bra at vi ikkje har meir i lønn, seier bussjåfør Jeylani Muhuyadiin til Magasinet for fagorganiserte.

Fellesforbundet-medlemmet har møtt opp på Unibuss avdeling Alnabru i Oslo, der han måndag ettermiddag står streikevakt.

Halvannan dag tidlegare la 500 bussjåførar på Alnabru, og til saman 3.800 bussjåførar i Oslo og Viken, ned arbeidet etter at meklinga om tariffoppgjeret i bussbransjen ikkje førte fram.

Busstreiken blir trappa opp: Her streikar 4.500 bussjåførar frå laurdag

Verd lønna

Lokal Unibuss-tillitsvald Annstein Garnes i Fellesforbundet peikar på at bussjåførane ligg langt bak industriarbeidarlønna.

– I løpet av ein dag fraktar ein gjennomsnittleg bussjåfør fleire passasjerar enn ein flypilot. Så ansvaret er stort, og vi står verkeleg på. Vi er der ute heile tida, 24 timar i døgnet, året rundt. Utan oss stoppar samfunnet opp. Derfor synest vi at vi er verd den lønna vi ber om, seier han.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Heng etter

– Og vi ber jo faktisk berre om å få det vi har blitt lova, poengterer Garnes.

Han siktar til at arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane for 13 år sidan vart einige om at lønnsnivået i bussbransjen skal hevast til eit nivå meir på linje med industriarbeidarlønna. Det har ikkje skjedd, til stor misnøye blant bussjåførane.

– Medlemmene seier til meg at no gir vi oss f … ikkje før vi får det vi har krav på. Nok er nok, slår Garnes fast.

Les også: Bussjåførane har mindre å rutte med enn for fem år sidan

Kjenne på alvoret

Laurdag kan bussjåførane i Oslo og Viken få med seg ytterlegare 4.500 streikande kollegaer i seks fylke. Det vart klart måndag då Fellesforbundet, Fagforbundet, Jernbaneforbundet og Yrkestrafikkforbundet varsla at dei trappar opp streiken.

– Vi ønsker at NHO Transport kjenner på alvoret og kjem til forhandlingsbordet sånn at vi får fullført, seier Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum til Magasinet.

Saman med LO-leiaren møtte han same dag streikevakter og eit oppbod av journalistar på Alnabru. Begge understrekar at arbeidsgivarane må ta ansvar for at forbunda måtte ta i bruk streikevåpenet.

SKULDA: Arbeidsgivarane må ta skulda for at det vart streik, meiner Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum og LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen. Måndag møtte dei streikande bussjåførar i Unibuss avdeling Alnabru i Oslo.

Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum og LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen. Foto: Tormod Ytrehus

Les også: Krever en halv milliard etter at byene har sviktet syklistene

Mørkredde arbeidsgivarar

– Vi har ikkje stilt nokre krav som gjer at dei skulle bli mørkredde av den grunn. Gjennom mange år har bussjåførane sakka akterut lønnsmessig. Når NHO Transport sjølv har vore med på å legge opp til at vi skal ha ei fornuftig avlønning i tråd med industrien, burde dei ha vore klar til å innfri dette når vi sit i forhandlingar, og ikkje minst med meklaren sin hjelp.

3.800 sjåførar i streik: – Det får ta den tida det treng

LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen seier streiken er rettferdig og forsikrar om at dei streikande har heile hovudorganisasjonen i ryggen.

– Dette er ei yrkesgruppe som har blitt hengande etter lønnsmessig og som utfører ei utruleg viktig oppgåve for oss alle i samfunnet. Dei får barna våre til skolen, pendlarar til jobben og står på for å binde infrastrukturen saman, seier Gabrielsen til Magasinet.

Mer fra Dagsavisen