Bussjåførar har ikkje tid til å gå på do. Åse Randi tør ikkje drikke for mykje vatn

Sjåfør Åse Randi må rasjonere vatn og kaffi i løpet av ein arbeidsdag, for det er ikkje sikkert ho har tid til å finne eit toalett.

Av: Tormod Ytrehus / FriFagbevegelse

For mange arbeidstakarar er det ein sjølvsagt ting, å ha tilgang på eit toalett når naturen kallar i løpet av ein arbeidsdag. Sånn er det ikkje for bussjåførane.

Når Åse Randi Lien Grøtting (55) startar eit skift, har ho rasjonert ut vatnet og kaffien ho kan drikke.

– Men eg kjem stort sett heim med vatnflaska full, seier ho og viser fram ei flaske som rommar 2,5 desiliter.

Grøtting køyrer flybuss mellom Oslo og Gardermoen på deltid, som regel tidlege morgonskift. Med seg har ho eit nødtoalett i veska, som kan brukast om det trengst. Mannfolka har fortalt at dei bruker flasker om nødvendig.

Helseproblem

– Det er eit helseproblem for heile bransjen at det ikkje er fysisk mogleg å gå på do, seier bussjåfør og bransjerådsleiar i Fellesforbundet, Per Ole Melgård.

Halvparten av bussjåførane i Yrkestrafikkforbundet har vanskar med å få tid til nødvendige pausar til å for eksempel gå på do, viser ei fersk undersøking YS-forbundet har gjort.

– Eg har ein kollega som var sjukmeldt eitt år med urinveisproblem. Første dag på jobb var det trafikalt kaos, og han måtte tisse på bakhjulet midt i trafikken, fortel Melgård.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Verst for damer

Årsaka til problemet er todelt. Tilgangen på toalett er dårleg, og rutetidene så stramme at ein ikkje alltid har tid til å leite etter toalett mellom avgangane.

– Mange ruter sluttar i bustadfelt, og då må ein gå på do i hagen til folk. Det er lite ålreit både for dei som går på do og dei som får besøk. Vi mannfolk kan stille oss på eit hjørne og gjere det vi må, men for damer er det verre.

For flybuss-sjåførane hos Norgesbuss Ekspress, der både Melgård og Åse Randi Grøtting jobbar, er problemet minkande. Dei er i ferd med å legge om rutetidene, sånn at sjåførane får eit meir fleksibelt tidsskjema. I tillegg har dei inngått avtalar med bedrifter ved endehaldeplassane om bruk av toalett.

– Men dette er eit bransjeproblem, seier Fellesforbundet-medlem Grøtting som har jobba som bussjåfør i 33 år.

Saka held fram under bildet.

Foto: Håvard Sæbø

Foto: Håvard Sæbø

Rekrutteringa

Norge treng bussjåførar. Nærmare bestemt 1000 nye sjåførar årleg for å få fleire til å bruke kollektiv transport, ifølgje ein rapport frå NHO Transport.

– Om du som ung, engasjert dame kjem inn i bransjen og oppdagar at ein ikkje får gått på do, er ikkje motivasjonen til å fortsette i bransjen stor og heller ikkje til å reklamere for at dette er ei karrieremoglegheit, påpeikar Per Ole Melgård.

– Arbeidsgivarar er opptatt av at vi skal framsnakke yrket, men då må vi i det minste få moglegheit til å gå på do.

Les også: Lillian ga fra seg barna for å få sosialhjelp. – Det er helt forferdelig

Anbods-trøbbel

I tariffavtala til bussjåførane, Bussbransjeavtala, står det at sjåførane skal ha pausar til personlege behov. Melgård oppfordrar derfor medlemmene til å krevje dopausar.

– Dessverre er problemet samansett. Selskapa vi jobbar for bestemmer ikkje kor rutene går. Det er fylkeskommunen eller selskap som Ruter i Oslo og Akershus. Dei har ikkje arbeidsgivaransvaret og den nødvendige lokalkunnskapen til å legge rutene der ein kan gå på do, seier han.

Åse Randi Lien Grøtting trur løysinga for bransjen sin del, er at dei som lyser ut anboda stiller med alle fasilitetar, som for eksempel toalett bussjåførane kan bruke.

– Alt som går på botnlinja til operatørane, blir kutta i. Oppdragsgivarane bør ta ansvar for alt av infrastruktur, meiner ho.

Toaletta kjem

Ruter forsikrar om at toaletta er på veg. Administrasjonsselskapet har avgjort at dei skal ta ansvar og fase inn toalett og pauserom etter kvart som kontraktane går ut, skriv dei i ein epost til Magasinet.

Nokre linjer har toalett i kvar ende, nokre i ein ende og nokre ikkje i det heile, seier dei.

Dei skriv vidare at det kan vere utfordrande å sette opp toalett og pauserom, fordi ein må søke byggeløyve og det kan vere lokal usemje. «Dette tar tid og er kompliserte prosesser», skriv Ruter.

– Det er strålande at dei omsider tar ansvar. Det er mange dotrengte sjåførar som blir glade når behovet for å ta med tomflaske på bussen blir mindre. På den andre sida er det dumt at dei ventar til kontraktane går ut, sidan dette skulle vore på plass for lenge sidan, seier Fellesforbundets Per Ole Melgård.

Les også: «Likelønnskampen går framover, men det går ikke fort nok»