Innenriks

Ryszard Jankowski har jobba i Norge siden 2008, men står utan inntekt når grensa er stengd

Blodig urettferdig at arbeidspendlarar blir ståande utan inntekt, meiner Fellesforbundet, og ber regjeringa ta ansvar.

Av Tormod Ytrehus, FriFagbevegelse

Ryszard Jankowski (44) har jobba i Norge sidan 2008.

Då regjeringa korona-stengde grensene natt til 29. januar, stod han plutseleg utan inntekt i jobben som målar og sandblåsar i ISO-bedrifta Solidenergy AS.

– Stenginga av grensa tok levebrødet frå meg og mange av kollegaene mine. No pådrar eg meg gjeld fordi eg ikkje kjem inn i Norge, fortel han til Magasinet for fagorganiserte.

– Eg jobbar lovleg i Norge, betaler skatt, og likevel har den norske staten latt oss stå utan hjelp, seier Fellesforbundet-medlemmet.

Jankowski fortel at situasjonen begynner å gå utover psyken.

– Stresset plager meg meir og meir.

Regjeringens innreiseregler: Staffan mistet all inntekt da grensa ble stengt: – Jeg blir diskriminert og er helt rettsløs

– Stolt over jobben

Polakken har jobba på ei rekke verft på Vestlandet dei siste 13 åra, og no skulle han vore på jobb hos Aibel i Haugesund.

Vanlegvis jobbar han 14 dagar i Norge, før han er 21 dagar heime med kona og dottera i den vesle byen Niekłończyca. Under koronaen har han vore heile 24 dagar i Norge, sidan han må sitte 10 dagar i karantene.

– Å jobbe hos Solidenergy er givande, eg er stolt over å vere tilsett i dette selskapet. Eg ser på Norge som mitt andre heimland, forklarer Jankowski.

Ønsker kompensasjon

No ber han fellesskapet om økonomisk støtte i form av kompensasjon for tapt arbeidsinntekt, sånn andre skattebetalande arbeidsfolk har fått frå den norske staten under koronaen. Det krev også LO.

– I tider som dette, bør det ikkje vere skilje mellom dei som har og ikkje har. Vi er alle menneske og bør bli behandla likt, slår Ryszard Jankowski fast.

Ingen rettigheter: Anleggsarbeideren Mats får verken lønn, dagpengar eller sykepenger

– Blodig urettferdig

Jankowski er langt frå det einaste Fellesforbundet-medlemmet som no ikkje kjem seg på jobb. Forbundet har mange medlemmer som pendlar til jobben i norsk byggebransje og industri, frå både Norden og Aust-Europa.

Mange står no heilt utan inntekt, sjølv om dei altså har betalt skatt til fellesskapet, gjort pliktene sine og tent opp rettar i det norske trygdesystemet.

– Det er kjempefortvilande og blodig urettferdig. Regjeringa har skyvd det politiske ansvaret frå seg, seier forbundssekretær Kine Asper Vistnes til Magasinet.

– At dei ikkje tenkte på dette då dei stengde grensene er ille nok, men at dei ikkje tar ansvar når vi fortel om situasjonen, er enda verre. Dette står berre på politisk vilje, meiner ho.

Regjeringa og Frp seier nei

Ap, Sp og SV foreslo førre veke at grensependlarar skal bli omfatta av ordningar som sikrar dei økonomisk kompensasjon.

Regjeringspartia og Frp stemte ned forslaget på Stortinget.

Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) forklarte i debatten at det etter deira vurderingar ikkje går an å lage ei ordning berre for éin del av EØS-borgarane.

– Det ville medført at norske skattebetalarar vil måtte vere med på å betale pengar til mange austeuropearar, sa Frp-politikar Erlend Wiborg.

Les også: Fredric blir kalt «han koronasvensken»: – Føler vi har seks millioner nordmenn mot oss

– Skammeleg

Forbundssekretær Kine Asper Vistnes reagerer sterkt på at politikarane framstiller det som eit problem at austeuropeiske arbeidspendlarar skal få kompensasjon for tapt inntekt.

– Austeuropearane er arbeidstakarar på lik linje med norske arbeidstakarar, som kjem hit for å halde hjula i gang, poengterer ho.

– Det er skammeleg at folk blir behandla på denne måten, seier Vistnes.

Gir seg ikkje

Forbundet opplyser at dei jobbar med saka gjennom alle kanalar: i møter med regjeringa, opp mot partssamansette Arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd, og saman med LO for å få regjeringa til å ta ansvar.

– Vi jobbar veldig hardt med dette no. Vi har ikkje gitt oss, vi meiner det er djupt urettferdig og kjem til å halde trykket oppe, understrekar Vistnes.

Forbundet råder også medlemmene til å klage inn saka til det statlege Solvit-senteret som hjelper EØS-borgarar med rettane sine, og Vistnes opplyser at forbundet undersøker korleis overvakingsorganet Esa steller seg til saka.

Ho viser også til oppfordringa frå LO-advokatane om å søke dagpengar frå Nav sånn at kravet blir registrert.

– Ein må prøve alt som kan prøvast, seier ho.

Mer fra Dagsavisen