Innenriks

Permitterte Torill (51) måtte hente mat hos Frelsesarmeen: – Du står med lua i handa

Torill skulle få ei utbetaling frå Nav på nesten ei månadslønn. To månader seinare har ho ikkje fått ei krone.

Bilde 1 av 3

Av Tormod Ytrehus, Fri Fagbevegelse

BERGEN: Klokka ti på kvelden 12. mars møtte nattresepsjonist Torill Evensen opp på arbeidsplassen, Comfort-hotellet på Flesland. Der var både leiinga og tillitsvalde. Ho skjønte kva som skulle skje.

Same dag hadde regjeringa sette inn dei mest omfattande koronatiltaka. Torill hadde berre hatt jobben i fire veker. Ho var derfor den første til å bli permittert.

Les også: Nav tilbakebetaler trekk i dagpengar. Sånn får du pengane tilbake

Med lua i handa

Då ho kom heim tidleg på morgonen, sende ho søknad om dagpengar til Nav, men ut månaden måtte ho klare seg på det ho hadde tent i starten av mars.

Som mange lågtlønte har ho ikkje pengar på bok.

– Eg gjekk til Frelsesarmeen på slutten av månaden for å hente mat sånn at eg ikkje svalt, fortel Fellesforbundet-medlemmet.

Saka held fram under bildet.

– Koronaen og økonomien har gjort noko med humøret til menneske. Eg har kollegaar som ikkje søv, har blitt innadvendte og fått trøbbel med magen fordi livet er usikkert, seier ho.

Foto: Tormod Ytrehus

For Torill var dette ei rar oppleving. Før ho fekk jobb på hotellet, arbeidde ho nemleg på Matsentralen som fordeler overskotsmat til ideelle organisasjonar.

– Du står med lua i handa … For meg som kjenner systemet, er det kanskje ikkje like nedverdigande, men eg fekk kjenne på kjensla av å be om hjelp. Den kjensla er ikkje så kul.

Torill meiner alle som treng hjelp skal be om hjelp. Samtidig er det stor forskjell på å søke stønad frå Nav etter å ha bidratt og betalt skatt, og det å be om velgjerd.

– Eg blir sint, for om systema hadde vore på plass hadde eg slept å gå til det skrittet.

Les også: Dette er Nav-ytelsene du har krav på i de fem forskjellige fasene av tiden du er permittert

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Ei månadslønn

Systemet ho snakkar om, er den såkalla lønnskompensasjonen frå Nav.

Vi må spole tilbake til 20. mars. Regjeringa hadde foreslått å redusere talet dagar arbeidsgivarar må betale full lønn til permitterte, frå 15 til to dagar.

Permitterte ville tape mange tusen kroner på å måtte gå over på dagpengar tidlegare enn før. Det ville ikkje opposisjonen ha noko av.

Stortinget vedtok derfor å sikre permitterte 18 dagar full lønn gjennom ei utbetaling frå Nav. Til saman skulle permitterte få ei månadslønn.

Godt over to månader seinare er framleis ikkje ordninga på plass.

Les også: Sofienberg skole har en av Oslos trangeste skolegårder (+)

Provoserande

– 18 dagar utan utbetalingar er hårreisande, det er ikkje greitt i det heile, seier konserntillitsvald Merethe Sutton i Choice der Torill Evensen er ein av mange permitterte.

Merethe Sutton fortel at ho har blitt kontakta av mange medlemmer som lurer på når skjemaet frå Nav kjem.

– Folk burde fått dagpengar frå første dag, så kunne Nav heller trekt dagpengane frå lønnskompensasjonen når den er på plass.

Les også: Så lenge har permitterte rett til dagpengar

Torill peikar på at bedriftene fekk ei kompensasjonsordning i løpet av eit par veker, der bedriftene sjølv rapporterer inn informasjon.

– Det er utruleg provoserande å sitte som arbeidssøkar og sjå at staten pøsar ut pengar til bedrifter utan krav om dokumentasjon.

– Kvifor kan ikkje dei som lagar regelverket ha same tillit til oss på golvet?

Tør ikkje stole på Nav

Det er uvissa rundt økonomien som er aller mest slitsam som permittert, fortel ho.

Saka held fram under bildet

Dagane som permittert er kjedelege, Torill håpar ho får jobben tilbake. I mellomtida går ho turar for å halde seg i aktivitet. – Eg håpar eg treff på nokon som vil slå av ein prat, seier ho.

Foto: Tormod Ytrehus

– Om eg hadde hatt ein dato, hadde eg heilt sikkert fått låne pengar frå vennar eller banken. Men eg vil ikkje sette meg i gjeld utan å vite når eg kan betale tilbake.

Nav seier no at lønnskompensasjonen skal komme i midten av juni, etter at lovnaden først var innan mai månad.

– Eg tør ikkje stole på det.

Nyeste fra Dagsavisen.no: