Nyheter

UDI-direktøren: Veit ikkje om Noreg klarar å ta imot 100.000 flyktningar

Når ein ny flyktningstraum no nærmar seg norske grenser, er UDI-direktør Frode Forfang ein av dei som står i første linje for å ta dei imot: – Vi må førebu oss på veldig ulike scenario, også med veldig høge tal.

– Bilda av menneske på flukt i Europa er noko som pregar oss all desse dagane. Du er den i embetsverket som har det øvste ansvaret for å ta imot dei når dei kjem til Noreg. Får du nattesøvnen du treng?

– Jau då, det skal eg klare. Men det er mange hos oss som jobbar veldig mykje og er under ekstremt press no. Det er veldig mange som vil få oppgåver i dette, men vi er blant dei som får det første trykket. Så vil dette forplante seg gradvis inn i resten av samfunnet.

– Var du budd på at noko slikt kunne skje?

– Det er ein situasjon som er lett å kjenne att frå tidlegare situasjonar. Samstundes er det ein del som er annleis. Det kom veldig brått på. Vi har hatt veldig låge tal på asylsøkjarar dei siste åra, og så blir det snudd på hovudet i løpet av nokre får veker.

– Korleis har desse siste vekene vore for UDI?

– Vi har måtte omstille oss ekstremt raskt. Vi er i utgangspunktet ikkje rigga for å handtere ein så stor situasjon på så kort tid. Då må vi vere kreative med dei ressursane vi har. Vi må skalere opp nok til at vi er sikre på at ingen hamnar på gata når dei kjem til Noreg.

– I 2015 kom det 31.000 asylsøkjarar til Noreg i det som til då var den største flyktningstraumen til Noreg. No seier Støre at vi må vere budd på å ta imot meir enn tre gongar så mange. Klarar vi det?

– Det må vi vere budd på. Vi veit ikkje kor mange som kjem, så vi må førebu oss på veldig ulike scenario, også med veldig høge tal.

– Men klarar vi 100.000?

– Det veit eg ganske enkelt ikkje. Det handlar ikkje berre om UDI, men også om andre delar av samfunnet. Når vi skal rekne ut kapasitet på mottaksplassar, så er det ikkje berre kor mange som kjem som er avgjerande, men også kor lenge dei må vere i vårt system før dei kjem seg vidare ut i kommunane. Viss kommunane er raske til å ta imot dei som kjem, så kan vi klare å ta imot fleire på våre mottak.

Det betyr også ein del at vi har fått mottakssenter på Råde. I 2015 sto folk i lange køar på Tøyen

—  Frode Forfang, UDI

– Finst det eit scenario der vi får flyktningleirar i Noreg?

– Det trur eg ikkje. Det er krevjande å ta imot så mange på så kort tid, men eg trur ikkje vi kjem dit. Det som skil denne situasjonen frå ein del andre flyktningsituasjonar, er at dei som kjem frå Ukraina får kollektivt vern. Det betyr at sakshandsaminga er veldig rask, og det er veldig kort tid frå dei kjem til dei kan busettast i kommunane.

Saken fortsetter under bildet

Frode Forfang er direktør i Utlendingsdirektoratet (UDI)
Foto: Tuva Skare/Vårt Land

– UDI utarbeida ein beredskapsplan i etterkant av flyktningkrisa i 2015, som har vore mykje omtala dei siste vekene. Kor relevant er den planen for den situasjonen vi står i no?

– Beredskapsplanane handlar om å vere budd på å skalere opp i ein situasjon med massetilstrøyming av flyktningar. Men ei kvar krise har sine eigenartar som må handterast, så ingen kriseplan kan seie akkurat korleis vi skal løyse situasjonen.

– Kva slags tiltak er det i ein slik plan?

– Vi har rammeavtaler med leverandørar på førehand, vi har kartlagt kva slags fasilitetar som skal kunne brukast dersom det oppstår eit behov, vi dreier om korleis vi organiserer oss internt, og vi set krisestab for å forsterke koordineringa internt. Det betyr også ein del at vi har fått mottakssenter på Råde. I 2015 sto folk i lange køar på Tøyen. No har vi fått dette inn i meir ordna former.

– Apropos Råde. Det har vore nokre historier frå folk som ikkje har opplevd måten dei har blitt tekne imot på der som spesielt bra. Blant anna skal ei kvinne ha følt seg så dårleg behandla at ho tok bussen til Sverige for å søke asyl der, i staden.

– Eg høyrde også ei slik historie, men eg veit ikkje noko om kort omfanget av det er.

– Var ho spesielt utolmodig, eller har UDI vore litt for treige med å få kapasiteten på plass?

– Det veit eg ikkje. Men tanken er at Råde ikkje er ein stad ein skal vere veldig lenge. Det er for å handtere ein kø for registrering. Og så har vi etablert ein del andre stadar òg, kor folk ventar på å bli registrert.

– Det private engasjement for å ta imot ukrainske flyktningar er enormt, men ikkje alt engasjement er blitt ønska velkommen. Kvifor oppmodar de folk til ikkje å gje gåver til flyktningar på mottak?

– Det er eit veldig stort apparat som skal til for å handtere gåver. Det skal sorterast, det skal vere nyttig for dei som bur der, og det kan også vere eit tryggleiksspørsmål. Dei som kjem til Noreg får alt dei treng. Skulle vi ta imot gåver måtte vi nesten hatt eigne tilsette for å handtere det, og bemanning er ein kritisk ressurs i denne situasjonen.

Saken fortsetter under videoen

– Og så er det ein del som har reist meg eigne bilar og bussar for å hente flyktningar i Polen. Kvifor blir dei oppmoda om å ikkje gjere det?

– Den oppmodinga kjem frå regjeringa. Men vi er også bekymra, fordi dette jo skjer heilt utanfor styresmaktene sin kontroll, og vi veit verken kven som kjem eller kor mange som kjem. Det set også mottaksapparatet på ei prøve. Det dukkar plutseleg berre opp ein buss med 50 menneske, og så har styresmaktene ansvar for å ta vare på dei. Eit par bussar kan fort vere eit heilt asylmottak. Og så er det også ein ganske kaotisk situasjon i Polen og dei andre landa, så det er ein risiko at det kan blande seg inn folk saman med flyktningane som har heilt andre hensikter.

– Kvifor reiser ikkje styresmaktene ned og hentar flyktningar, då?

– Ska vi reise ned og hente folk frå til dømes Polen, så må det skje etter oppmoding frå polske styresmakter. Og ei slik oppmoding har vi ikkje fått enno. Det kan godt hende ei slik oppmoding vil komme, men no går det føre seg samtaler i EU om ein slags omfordelingsmekanisme. Det er regjeringa som tek stilling til korleis Noreg skal delta i dette arbeidet.

– Er det ein tøff jobb å ha, å stå i alle desse enkeltskjebnane?

– Ein føler jo eit stort ansvar for at vi skal få det til. Det er krevjande å ikkje vite kva vi står framfor. Og det blir sannsynlegvis vanskelegare og vanskelegare dess lenger det varer. Også fordi vi må rekne med at dei som kjem seinare vil ha større hjelpebehov enn den første bølgja. Og så er eg usikker på korleis vi skal halde ved like den store viljen til å hjelpe ute i kommunane dersom tala blir veldig store og dette varer veldig lenge.

Saken fortsetter under videoen

– Er det ei erfaring de har frå 2015?

– Ja, vi såg litt tendensar til det då. Men det er vanskeleg å samanlikne. Det som bidreg til at det er så lett å få forståing for dei ukrainske flyktningane, er at det er så lett å ta stilling til krigen. Det er ofte meir komplisert å ta stilling når det gjeld andre flyktninggrupper. Dei aller fleste andre som kjem som asylsøkjarar til Noreg kjem frå borgarkrigar og indre konfliktar. Då er det ikkje like lett for folk i Noreg å vite kven som er kven, og ta stilling til kven som er «good guys» og kven som er «bad Guys».

Saken ble først publisert i Vårt Land.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

---

Frode Forfang

  • Direktør i Utlendingsdirektoratet (UDI) sidan 2012
  • Har vore tilsett i UDI sidan 1998
  • Tidlegare statssekretær for bistandssaker i regjeringa Jagland (1996–97)
  • Utdanna statsvitar frå London School of Economics and Political Science

---






Mer fra Dagsavisen