Nyheter

KrF-nestor peiker på retningsval som grunn til nederlag

KrF når eit nytt botn-nivå på årets stortingsval. Parti-nestor Einar Steensnæs peikar på retningsvalet i 2018 som ein grunn til at partiet hamnar under sperregrensa.

– Det vart ein veldig spesiell kveld, seier KrF-nestor Einar Steensnæs.

Rundt midnatt, natt til tysdag, vart det klart at KrF ikkje klarer sperregrensa.

Dermed slår partiet ein lite lystig rekord: Fram til no har 2017-valet vore det dårlegaste sidan krigen. For fire år sidan fekk KrF ei oppslutning på 4,2 prosent.

Partiet går tilbake i alle fylke samanlikna med 2017, med eitt unntak: Vest-Agder.

Kommentar: Dette er KrFs mørkaste kveld

Peiker på retningsval

Einar Steensnæs har lang fartstid bak seg i KrF. Han har representert partiet i tre periodar på Stortinget, frå 1993 til 2005. Han har bekledd tre statsrådspostar og vore parlamentarisk leiar.

For å forklara den historiske KrF-nedgangen, peiker Steensnæs på det dramatiske retningsvalet i 2018.

– Etter retningsvalet valde viktige personar å forlata partiet. No ser me at det er små marginar som gjer at KrF hamnar under sperregrensa. Med eit samla parti trur eg me hadde kome over sperregrensa. Retningsvalet kan ha ført til at me ikkje fekk den vesle vippen over sperregrensa, seier Steensnæs til Vårt Land.

Under retningsvalet i 2018 skulle KrF velje om dei skulle samarbeida med raudgrøn eller borgarleg side. Steensnæs støtta raud side, medan Kjell Ingolf Ropstad vann fram med ønsket om å samarbeida mot høgre.

– Eg vil ikkje spå om me hadde fått fleire veljarar i dag om me hadde vald venstresida. Det kunne gått begge vegar, seier Steensnæs.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Slår ring om Ropstad

Steensnæs er framleis engasjert i KrF lokalt og på fylkesnivå i Rogaland, utan å ha formelle verv.

– Vil det dårlege resultatet føre til krav om Ropstads avgang?

– Partiet samla må ta ansvar for at ein ikkje nådde veljarane. Det ansvaret tenker eg ikkje skal leggast på ein person. Eg har ikkje merka at nokon koplar valresultatet med tilliten til partileiaren.

Trass nye botn-rekordar: KrF-nestoren vil likevel vera optimist for framtida.

– Dette er ikkje tid for å dyrka skuffelsen. Me må jobba målbevisst for å koma tilbake i norsk politikk, og det er ingen grunn til å gje opp. Tenk på Venstre, dei har jobba seg opp over sperregrensa frå dårlegare nivå tidlegare.


Mer fra Dagsavisen