Nyheter

Nokon kjem til å kome: folket

Me kjem ikkje utanom. Det er du og eg - oss - som må gjere det.

Har du det slik som meg – at du no kvar einaste dag tenkjer på kloden vår og bekymrer deg for kva me er i ferd med å gjere mot alt liv på jorda? Har også du begynt å skifte kanal dersom skulle slumpe borti eit naturprogram fordi du ikkje lenger orkar påminningene om isbjørnar som mistar stadig meir av sitt livsnødvendige havisdekke? Eller nok ein sjøfuglart som har hamna på rødlista over truga arter? Får også du vondt i magen når du høyrer forskerane åtvare om at verdas insektar er på god veg mot å bli utrydda (den totale mengda synker no med 2,5 prosent i året og kan forsvinne innan eitt århundre)?

Kjenner du som meg ei blanding av raseri og avmakt når du høyrer Karl Erik Schøtt-Pedersen entusiastisk uttale at ”oljen kommer til å vare i lang, lang tid fremover”? Eller når regjeringa for andre år på rad set ny rekord i oljeutvinningstillatelser? ”Nå må vi kjøre på litt”, sa Frps olje- og energiminister Terje Søviknes i 2017. Den nokså ferske arvtakaren, Kjell-Børge Freiberg følgjer opp og lovar full gass framover.

I følgje FNs klimapanel har me 11 år på oss dersom me skal unngå at den globale oppvarminga skal overstige 1,5 grader – med katastrofale og uopprettelege følgjer. Me har svært dårleg tid. Ein skulle tru at myndigheitene byrja å agere deretter. Men nei. Dei ansvarlege politikarane minnar meir og meir om deltakarar på verdas siste nachspiel: Skål – det er no me lever! La morgondagen bekymre seg for seg sjølv.

Vel, tenkjer du – når klimafornektarane forsvinn ut av regjeringskontora i 2021 så får me endeleg ansvarlege politikarar som vil ta grep. Å ja? Vart du som meg litt håpefull da Espen Bart Eide i januar antyda at det kunne bli endringer i leterefusjonsordninga til oljeselskapa? Kva skjedde? I panikkmodus rykka Jonas Gahr Støre ut og garanterte at ”Ap støtter dagens oljeskatteregime og har ingen planer om å endre det”. Me veit kvifor: omsynet til arbeidsplassar, velferdsstaten, BNP – og sjølvsagt veljaroppslutning. Det hjelper ikkje – i følgje denne logikken – å berge sjølve livsgrunnlaget vårt dersom prisen er tapte arbeidsplassar og statsinntekter.

Sjølv små born ser stupiditeten i denne logikken. Dei ser at det så klart er omvendt: miljøet føreset alt det andre og må difor gå foran. Og i fråvære av modige og handlekraftige statsleiarar er det også borna som no leder an.  ”Eg vil ikkje har dykkar håp. Eg vil ikkje at de skal vere håpefulle. Eg vil at de skal få panikk”, uttalte den16 år gamle klimaaktivisten Greta Thunberg til dei vaksne på klimakonferansen i Davos i januar.

Har ikkje også du skjønt det, eigentleg – innerst inne - at hjelpa ikkje kjem til å kome frå dei ansvarlege politikarane? At dei fleste som vil, ikkje har motet som trengs? At det er kun oss – folket – som må ta til gatene og krevje det? Du og eg. Me kan ikkje overlate jobben til skoleelever medan me berømmer dei for sitt samfunnsengasjement. No er tida komen for at me vaksne slutar oss til dei unge og marsjerer saman med dei. Dei går frå skulen – me går frå jobben. Og me må gjere det regelmessig - igjen og igjen. La oss danne ei bevegelse stor nok til at dei ansvarlege politikarane ikkje lenger tør å ignorere miljøet. La oss gje dei politikarane som faktisk vil handle, mot til å gjere det. Blir du med?