Debatt

Utviklinga i norsk økonomi

Siste året har både statsrådar, sentralbanksjef og kommentatorar gitt eit svært positivt bilde av utviklinga i norsk økonomi.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Tal og prognosar i det fremste internasjonale økonomi-tidsskriftet, The Economist, bekreftar ikkje dette bildet. Tvert imot tyder det på ei viss mistillit til norsk økonomi at krona lenge har svekka seg. Denne svekkinga er også ein viktig grunn til at vi har fått høgaste prisstigning i Vest-Europa (3,4 %). Economist-tala viser ingen reduksjon i arbeidsløysa (3,9 %) og prognosen deira peikar mot redusert økonomisk vekst for 2018 (1,6 %).

I det heile tyder slike tal og prognosar på ei svakare økonomisk utvikling samanlikna både med tidlegare tidsrom og med utviklinga i dei fleste andre land i Vest-Europa.

Mer fra: Debatt