Nyheter

Alt handlar om islam

Når IS byr opp til dans er det ikkje berre lov å sei nei. Det burde være sjølvsagt. Me som ikkje er militær eller politi, og derfor ikkje kan ta kampen direkte med menneska innvolvert i terror, kan og bidra med haldningar mot polarisering.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Påska blei dominert av terroråtaket i Brussels. Som vanleg utført av islamske fanatikarar. Debatten etterpå går i ei retning. Innvandringa må stoppast, spesielt av muslimar, eller går det ille med oss alle. Kommentatorfelta i avisene blir fort fylt med ytre høgre retorikk når tema er terror og islam. Enkelt innlegg er så tett opp til facisme ein kan kome. Her kan moderatorane være litt naive i si tolking av ytringsfridomen, sjølv om desse til no ikkje vekkjer særleg oppsluttnad. Ein del innlegg blir heldigvis stogga før publisering, men stor var overraskinga over at mi oppfordring til å «marginalisere høgrepopulisme» i kampen mot terror blei sletta. Eg skulle kanskje ikkje kalla Helge Lurås for «ein nyttig idiot», når eg prøvde å argumentere for at han og sine blandar begrepa og ryddar veg for motpolar som er så viktig i terrorlogikken. Ei breiare grunngjeving kan være på sin plass etter eit slikt personangrep. Å fremje årsaksamanhengar utan islamfientlege trekk er mest fåfengt mtp å bli høyrt, men er ekstra viktig i ei tid der einsrettinga er aukande. Etter terroren i Brussels var trenden på Twitter at endeleg kan alle einast om at det er ein samanheng mellom islam, ofte kalla «ondskapens religion», og terror. Det er det og, men ein heilt anna enn kva (sosiale)media gjer oss grunn til å tru.

Kva er det som diskuterast. Alt handlar om islam.

Eg vil dele det opp i 3 :

1. Muslimar i Europa bryt i fleire høve med sekulær livsstil og i somme høvet med sekulære lovar. Dette irriterer oss og skapar innvandringsskepsis.

2. Krigen i Syria har øydelagt livsgrunnlaget til folket og millionar har flykta landet. Store folkemengder er på vandring mot Europa. Ei flyktning mengde av ein heilt anna dimensjon enn det me tidlegare har sett og hatt kom til Noreg og Europa førre år. Syrarane har og fått følgje av skjebnebrør frå Irak og Afganistan, samt andre som har slengt seg med. Dette forvirrar oss og skapar innvandringsskepsis.

3. Terror i Europa, Danmark, Frankrike og Belgia. Grusomme handlingar , der min kommentar er overflødig. Dette gjer oss redde og skapar innvandringsskepsis.

Slik eg ser det er desse tre individuelt kompliserte tema i samfunnsdebatten kokt saman til eitt enklare tema : Innvandring! Høgrepopulistar, Kokkohøgre og resten av yttarste høgre har verkeleg fått seg si tid i rampelyset. «Flommen» av flyktningar frå muslimske land har lenge gitt Hege Storhaug mediemerksemd med si spissing mot perversitetar knytt til islam. Helge Lurås koblar og innvandring tilterror i sitt innlegg iAftenposten. Med uttrykk som invandringsevangelium går bodskapen rett i magen på ein. Hos nokon blir den verande der. Det synar seg likevel at dei polariserande høgrekreftene er ein del av probemet ikkje løysinga. Når IS byr opp til dans er det ikkje berre lov å sei nei. Det burde være sjølvsagt. Me som ikkje er militær eller politi, og derfor ikkje kan ta kampen direkte med menneska innvolvert i terror, kan og bidra med haldningar mot polarisering.

Finn det noko logikk bak terroren? I eit brev frå Abu Musab Zarqawi til Osama Bin Laden skildrar han korleis terror åtak mot sjiane vil resultera i massiv represaliar mot sunniar. Strategien bak terroren er å polarisere dei religiøse gruppene og få sunniane til å samle seg om al Qaeda i Irak. Dette er henta frå ein artikkel i theintercept.com 17.11.2015 av Murtaza Hussain

Når muslimar rammar europa er det for å vekke yttarste høgre til å ta opp kampen mot islam på ein måte at det blir ein sivilasjonskamp Muslimar som ikkje er spesielt opptekne av verken politikk eller religion, må etter polarisering bli nøydd til å velje side , dvs det er berre eit val att, og det er å bli i gruppa som no er meir radikal enn det den trengte å være. Han konkluderer og at å leggje noko av skulda for terroren på lokale muslimar og flyktningar er å gje IS ein propaganda siger dei ikkje fortener.

I thenation.com kom eg over einartikkel frå 2.12.2015 som presenterer forsking Robert Pape ogkolegaer. har gjordt av mest alle sjølvmordsangrepa (4600 stk) sidan 1980. I dei religiøst motiverte terroråttaka visar det seg å fremje religion ikkje er målet, men middelet som rekruterar og hjernevaskar sjølvmordsbombaren. Religionen er effektivt rekruteringsreidskap som dei nyttar kynisk. Religion blir brukt til å kome over den naturleg ibuande frykta for døden og aversjon mot å drepe uskuldige mennesker. Han visar og til at IS leiiarane ikkje er særleg opptekne av religion, mange manglar grunnlegande kunnskap frå Koranen. Eit stort fleirtal av leiarane i IS har si bakgrunn i det «sekulære» hæren til Saddam Hussain. Medan Pape trekk fram invasjonen i Irak som den beste måten å produsere ekstremistar på, skryt han no av den grundige jobben USA no gjer ved å kjempe ned IS i heimeområda vha lokale styrkar og luftangrep. IS mister no terreng heime, og dette er ein av grunnene til at IS treng massiv rekrutering for å lykkast som organisasjon. Terroråttaka i Europa er eit prov på at dei slit på heimebane og treng nye rekruttar raskt. Hovudhensikta er å bruke politiske motpolar til eigen rekrutering.

Pape er referansepunktet Mina Adampour brukar i sin argumentasjon i dagsnytt18 fredag 1.4. Ho tek ikkje med samanhengen mellom den sovjetiske okkupasjonen av Afghanistan og al Qaeda som Pape (og Sylo Taraku i Debatten) visar til, men der ho omtalar droneangrep og mindre vestlege militære aksjonar som attentat i muslimske land virkar det som ho avvik frå Pape sitt forslag til nedkjemping av IS. I si innsiktsfulle innleiing til Debatten 31.3 finn eg Ola Kaldager å ligge nært Pape, Kaldagermeinar at «vesten må kome i symetri med den asymetriske krigføring me blir utsett for». Han og tonar ned kor religiøs terrorisane er og korleis dei brukar religion som reidskap

Synd at forskaren Lars Gule må bruke av si media tid til å korrigere dei som koblar innvandring til terror, men ifølge Pape er gjerne det vel anvent tid.

I nettutgåva til Scientific America ligg og ein presentasjon av psykologien baksjølvmordsbombarar. Igjenn ser ein religionen blir nytta som eit middel, og artikkelen stadfestar og polariseringsteorien. At menneske påverkast i grupper til å akseptere logikken i gruppa finst det fleire døme på her. Religion er ikkje avgjerande, men kan gje eit betre resultat. 

Terror er i stadig framgong med ei tidobling i drepte sidan århundreskiftet, illustret på besialsk vis i Lahore, men ikkje enno i vest Europa. Belgia er ein jevn produsent av framandkrigarar til IS skriv Åse Marit Befringpå NRK Ytring.

Her rekruterast dermed jihadistar til eige og eksternt bruk. Terrorfaren er deretter. Frankrike er eit naturleg val for terroristane. Etter ei lang kolonihistorie i muslimske land har dei idag ei stor gruppe muslimar (5%). I fleire tiår har Nasjonal Front hatt stor oppsluttnad der framandfrykt er ein viktig del av grepet rundt tilhengjarane. Ein treng ikkje være samfunnsforskar eller terrorleiar for å forstå at ei terrohandling vil aktivere NF til ein kampanjepolitikk retta mot muslimar. Om denne reaksjonen blir tøff nok er håpet til terroristane at frontane blir så brutale at det legitimerar deira maktbruk. Frankrike er og med i koalisjonen mot IS. Trekk dei seg ut er det og ein siger for terroristene.

Som ateist og tidlegare forskar er eg svært kritisk til tru, og eg er ikkje framand for tanken om å minke påverknad frå islam i samfunnet. No er det eingong slik at mange av dei andre som ikkje likar islam finn ein på yttarste høgrekant i det politiske landskap, ei side som eg slett ikkje identifiserer meg med og som gjer islamkritikk til eit krevjande øving. Det er ikkje urimleg å stille krav til dei muslimske miljøa for at dei ikkje ender som eit paralellsamfunn somdet Frank Rossavik skildrar frå Brussels, men at dette arbeidet er ikkje slikt ein tek fram i nekrologtala etter terroråttak.

I høvet islam er det mykje den store gruppa har teke med seg heimanfrå som ikkje fremjar sunne menneskerettar eller demokratiet. Truleg er det naudsynt å plukke av dei uvanar bit for bit for å unngå stigmatisering. I eit såpass gudlaust samfunn som Noreg bør det vere god kunnskap om korleis store grupper forlet religionen utan at det svekker demokrati og menneskerettar. Me har forutsetjing til å ta vare på dei fråfalne, og om islam finn seg ei fornuftig plassering i samfunnet kan me nok leve med denne religionen og. I Sverige blir det sett krav som knytt menneskerett og likestillingskrav til trusamfunna. Der betalar dei berre ein tiendel i støtte til trusamfunn. Det kan tenkast at trusamfunn som ikkje har kvinnlege skriftlærde eller kjønnskilde inngongar fell utanfor statsstøtte i ein slik modell. Det ville være tenleg for samfunnet på sikt. Uansett tiltak frå meg, Rossavik eller ytre høgre er det slett ikkje det er her me må setje inn kreftene mot terror då mange radikaliserte idag ikkje går i moskeen lengre.

Me er alle evolvert med ei redsle frå naturen. Redsla er ei viktigt reidskap for å kome oss unna farer, men den overadvarar oss og mot andre grupper. Legg ein litt logikk til redsla har den ein tendens til å minke. Det me ser no er ein kamp mellom det evolverte og det reflekterte menneskesyn. Evolvert kunnskap har hjelpt oss gjennom fortida, men sivilasjonen sett i tusenårsperspektiv er verkeleg prega av valdelege samfunn som burde vore lagt døde. Skal vesten sjå for seg eit fredeleg samfunn framover må me i størrre grad la kunnskapen me har etablert dei siste 70 åra overstyre magekjensla gitt oss av evolusjonen. Det høyrest alltid godt ut når folk snakkar rett frå levra, men som samfunnsorden er det lite å trakte etter. Empirien kan ofte gje andre konklusjonar.

Ein konkluksjon eg finn frå dette er at kamp mot terror går i mange retningar. Ei av dei er synleggjering av populistiske vendingar som polariser store grupper mot einannan. Populisme om det kjem frå høgre eller venstre vil alltid definere verklegheit frå omtrentligheter. Det gjer bodskapet lettere å formidla. Empirien visar at me er ikkje oversvømt av høgrekrefter eller muslimar. Dei får berre for mykje merksemd. Dei antimuslimske partia som NF, Frp eller Sverigedemokratene er sjølvsagt ikkje årsak til terroren, dei er berre symptom på den potensielle samfunnsfrykta. Ein usikkerhet i folket som terror kan spele på. Frå å være eit parti i fritt fall, har Frp klart å doble oppsluttnad på meiningsmålingane. Det har skjedd i ei tid der deira regjering har fått inn i landet fleire flyktningar enn nokon andre før dei, 10 gongar fleire flyktningar kom til Noreg i 2015 enn SV hadde akseptert som eit mål. Då kan populariteten ikkje kome frå godt politisk handverk, men utelukkande frå å vekkje ei potensiell framandfrykt i folket. Enn så lenge framandfrykta er ein viktig grunnstein i politikken deira vil kritikk og synleggjering av manglande ansvar være legitime og målbare kriteri for å minke polarisering i samfunnet. Dei må gjerne ta offerrolla, men me andre må bruke kunnskap til å betre sjølvkjensla til alle individ, ikkje berre hos dei som er med oss. Eit samfunnsproblem som kjem i skyggen av mengda innvandrarar er kor mykje kriminalitet i form av menneskesmugling o.l politikken til redde europeiske politikarar fører med seg. Slik tilrettelegging av organisert kriminalitet kjem tilbake til oss seinare, men er for komplisert i eit evolvert tankesett. Inspirerande å vakne opp tysdag morgon etter påske til meiningsmålingar frå NRK som visar at Frp får mindre oppslutnad om sin invandringspolitikk (22%) og har lite truverd (5%) i økonomiske spørsmål.

Mer fra: Nyheter