Kultur

Warlord Isaksen og allmennlærarene som kanonføde

Rigid gjennomføring av kompetanseforskrift med tilbakeverkande kraft handlar kanskje meir om å tvinge kommunane enn den einskilde lærar. Læraren blir likevel offeret.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Gjennom heile kampen som har vore om ny kompetanseforskrift med tilbakevirkande kraft har eg stussa over kor urokkelig Torbjørn Røe Isaksen har stått fram med sitt standpunkt, og kor tause KS har vore om det heile.Vi som arbeider i trygg avstand frå Løvebakken veit at kommunane slett ikkje er overlukkelege for denne endringa av kompetanseforskriften.

Vi veit og at når det gjeld regulering av løn og arbeidstid er det KS i forhandling med organisasjonane som ut frå sine rammer blir samde om nye avtalar, medan kunnskapsministeren ikkje har ein formalisert funksjon i denne prosessen. Han kan seie eller ikkje seie noko og endar gjerne opp med det som gjer han minst upopulær hjå begge partane.

Mellom oppgjera er det ministeren får utfalde seg, gjennom implementering av politiske vedtak, då gjerne med handplukka ekspertutval som støttehjul. Her han høve til å pålegge kommunane stort ansvar og stadig større oppgåver. Han kan setje i verk høyringer som ingen i partiet les og han kan grunngje med ideologiske tankespinn uten dekning i evidens, so lenge klakørane i samarbeidspartia dilter etter moderpartiet, klapper når dei skal klappe,og ein får klaska eit stortingsfleirtal i bordet ved enden av regnbogen.

Lærarane har pukka på eit argument om at dei, tilbakevirkande kraft eller ikkje, uansett vil videreutdanne seg,og difor ikkjetreng den tvangen som forskrifta legg opp til. Isaksen er like steil,taus og tilbaketrukkenfrådenoffentlege diskusjonen. Det har fått meg til å lure på om det verkeleg er lærarane sin velvilje til kunnskap han er skeptisk til. Det trur eg ikkje.Om han verkeleg er det, har han gløymt ei lekse eller to, og hadde sikkert fått høyre det av sine lærarforeldre.

I mine feberville spekulasjonar trur egnemlegat Isaksen har skepsis til at kommunane kjem til å følge opp viderutdanningstakten uten det juridiske imperativet som ligg i kompetanseforskrifta si tilbekeverkande kraft. Antageligvis trur han at kommunane utan den vil ta lettare på videreutdanninga, og avvise det med å vise til manglande midler. Med tvang er dei nøydde til å finne midler.

Om det er slik det heng i hop, er det krigsherrane Isaksen og KS som har ein konflikt i dette halvvegs dulde landskapet. I ingenmannslandet mellom dei kjemper allmennlærarane for anerkjenning for kompetanse opparbeidd i yrket over tid, med full respekt for at den kunnskapen som følger med videreutdanning vil verke både stimulerande og utviklande.For kvar dag vert denne positive haldningatil ekstra liner på CV-ensvekka.

Mange prøver å få kritikarane av tilbakeverkande kraft til å framstå som kunnskapsfiender. Det er heilt feil. Sjølv om alle er samde om at meir kunnskap alltid er av det gode, er det ikkje sjølvsagt at ein ny lærar med 60 studiepoeng i eit fag er betre enn ein erfaren lærar med 30. Yrkeserfaring er og utvikling av fagkunnskap, sjølv om denne kunnskapen ikkje er tallfesta med studiepoeng.

Det er rått av strenge Isaksen og simpelt av tause KS å la nesten 40000 lærarar ta denne kampen om anerkjenning og vørdnad, lærarar blir brukt som bønder i eit sjakkparti for å tvinge motparten i matt. KS burde ha skamkjensle nok til å anerkjenne og støtte desse lærarane, og Isaksen burde føle seg for god til å prøve å tukte kommunane på ein slik indirekte måte.

Kanskje kunnskapsministeren har forlese seg på ”Art of War” av Sun Tzu, det er som kjent god taktikk å halde seg i bakgrunnen medan striden blir utført av andre.

Sun Tzu sa for øvrig:”Forstyrr aldri fienden din i det han er i ferd med å gjere eit mistak”.

Det er kanskje då best å liste seg på silkepotar, og halde fingrane godt vekk frå tastaturet. Ikkje lett.

Det er synd at kunnskapsministeren har klart å gjere gyldig krigsmetaforikk i denne saka. Med ei anna vinkling hadde vi vore på same lag.

Mer fra: Kultur