Debatt

Ytringsfridom, men...

Noko viktig står på spel i Noreg når lærarane, som tradisjonelt har vore ytringsfridomens faneberarar, blir forsøkt skremde til tystnad av makthavarane slik.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Grunnlova slår fast: «Ytringsfridom skal det vere.» Punktum. Ikkje noko komma og ikkje noko «men». Ytringsfridomen er heilag. Den som seier «ytringsfridom, men …» krenkjer Grunnlova og ytringsfridomen.

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner sa det i Dagsrevyen 18. april. Direktør for utdanningsetaten i Oslo, Astrid Søgnen, skreiv det i Aftenposten 19. april. Ho gjentok det i Dagsnytt 18 dagen etter. Ho sa: «Det skal være full ytringsfrihet i Osloskolen.» Så slo ho seg sjølv på munnen: «Men lærere kan, altså … Det er noen begrensninger.»

Ille er det at utdanningsdirektøren signaliserer at dei tilsette skal begrense ytringane sine. Verre er det at ho forsøker å bli kvitt ein dyktig lærar og viktig systemkritikar. Verst er det at ho freistar å skape presedens for ei grotesk vrangpraktisering av opplæringslova §9 A-5, i det ho skuvar elevar framføre seg og set denne splitter nye og uprøvde lovparagrafen over §100 i Grunnlova. NRKs Sigrid Sollund tok henne fatt for det siste, og tvang henne til retrett, der og då.

Noko viktig står på spel i Noreg når lærarane, som tradisjonelt har vore ytringsfridomens faneberarar, blir forsøkt skremde til tystnad av makthavarane slik. Ytringsfridomen må vi verne om, fordi han er vårt vern mot totalitære og undertrykkjande krefter.

Ytringsfridomen er ikkje ei oppfordring til at vi skal såre og seie utrivelege ting til kvarandre. I USA har dei eit uttrykk: «drunk uncle at thanksgiving», om ein som øydelegg stemninga og det sosiale laget ved å ytre seg soleis. «Straffa» for det er at du ikkje blir invitert på kalkunfest igjen, med mindre du er onkel i Amerika og dei er nøydde til å ha deg der. Sosiale medium er ein tumleplass for slik «drunk uncle»-åtferd. Det er lov. Og lov skal det vere. Men «drunk uncle»-ytringar på Internett og i det offentlege rom gjer ikkje ære på ytringsfridomen. Og dei er for det meste tannlaust glefsande ufarlege. For dei manglar noko. Det dei manglar, er uttrykt av apostelen Paulus i Bibelen:

«Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.» (1. Kor 13,1)

Ytringsfridom har vi, ikkje for at alle ytringar er naudsynte, oppbyggelege eller høvelege, men fordi gode og sanne ytringar vil vinne over vonde ytringar og løgn, så lenge alle utan frykt for represaliar fritt og fullt kan seie det dei meiner om alt som vedkjem det offentlege rom, i det offentlege rom.

Det er kamp om ytringsfridomen i skulen i Noreg. Fremst i striden står lektor Simon Malkenes. Kampen er ikkje over fordi om utdanningsdirektør Astrid Søgnen og knektane hennar har avbrote åtaket på han. Det var reint taktisk. Bodskapen frå Søgnen og hennar folk til andre lærarar er klår, og den har dei lukkast med å formidle: Viss du kritiserer oss offentleg, slik Simon har gjort, leitar vi til vi finn noko å ta deg for. Så tar vi deg.

Difor er lærarar redde. Difor må eg vere anonym. Alle veit at påstanden frå Astrid Søgnen og rektor David Dunlop om at Malkenes har krenkt elevar, var eit påskot. Dei har venta på eit høve til å ta han i årevis. Dei lukkast ikkje i dette første forsøket.

Søgnens regime følgjer ein dynamikk der eit ideal om å lage noko som er meint å vere godt og synast som vakkert, blir til at ein forfølgjer dei som fremjar kritikk ope, slik Simon Malkenes har gjort. Vakkert er det ikkje.

Den som lyttar ut modige Malkenes, legg merke til to ting: 1. Han er kunnskapsrik, reflektert og velformulert. 2. Han er driven av kjærleik til dei elevane som rektoren hans og utdanningsdirektøren skuldar han for å mobbe.

Saka til Simon Malkenes er ikkje avslutta. Ho er nett starta. Kampen om ytringsfridom for lærarar i Noreg langt ifrå vunnen. Det finst berre ein måte dette kan ende godt på no: Søgnen må gå.

Dagsavisen kjenner identiteten til innleggsforfatteren.

Mer fra: Debatt