Debatt

Vi endrar farleg mykje

Naturavtalen – den viktigaste avtalen du enno ikkje veit om.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Neste år har verdssamfunnet, og vår eiga regjering, sjansen til å ta eit viktig miljøsteg. Å skape ein naturavtale.

Hausten 2020 er Kina og byen Kunming vertskap for eit internasjonalt naturtoppmøte. Kunming er nok ukjent for dei fleste nordmenn, men er regionhovudstad i det sør-vestlege Kina og med sine 6,6 millionar innbyggjarar større enn heile Noreg.

Toppmøtet er ei viktig hending, som kan få konsekvensar for oss alle – korleis vi produserer maten vår, korleis vi handlar mellom land, korleis vi tar vare på og brukar naturressursane, og korleis vi vernar om artsmangfaldet. Verdas land skal der forsøke å bli samde om ein global avtale for å ta vare på naturen. Og det trengst!

Kvifor treng vi ein global avtale?

Framleis er det mykje vi ikkje veit om naturen. Men det vi veit heilt sikkert, er at han er under sterkt press. WWFs Living Planet Report syner at 60 prosent av bestandane av verdas ville dyr har gått tapt, berre sidan 1970. I førre uke lanserte WWF Norge ein ny rapport, med bidrag frå to av Noregs fremste forskingsmiljø på naturområdet: Bjerknessenteret for klimaforsking og Norsk institutt for naturforsking. Den stadfestar biletet. Menneskeleg innverknad endrar naturen så mykje at det er fare for alvorleg svekking av naturlege økosystem som vi menneske er heilt avhengige av.

Det internasjonale naturpanelet, veslesøstera til klimapanelet på eit vis, har dokumentert at tap av naturmangfald er like alvorleg for samfunn og økonomi som det klimaendringane er. Naturen gjev oss mat, klede og medisinar. Stabilt klima, pollinering og vern frå flaum og ras. Og mykje meir. Men der klima er sett tydeleg på agendaen i store deler av verda, har ikkje det same skjedd med spørsmålet om naturmangfald. Naturen har framleis ikkje si «Parisavtale», med målsetningar og verktøy som i stor grad forpliktar og motiverer statar, næringsliv, organisasjonar og enkeltmenneske til handling. Det er der Kunming kjem inn i bildet.

For ni år sida vart 20 internasjonale naturmål framforhandla i Aichi i Japan, innan ramma av konvensjonen for biologisk mangfald. Dei har sin sluttdato i 2020. Problemet er berre at dei ikkje er i nærleiken av å vere innfridd. Landa har ikkje gjort heimeleksene sine – heller ikkje Noreg. Skal vi få på plass ein avtale som ikkje berre er fin på papiret, men tvingar oss til å handle, treng vi fleire verkemiddel.

Noreg har makt og moglegheiter

Det er ikkje mange andre land som stiller i Kunming med forutsetningane vi har. Noreg har ein tradisjon for å løfte frem viktige initiativ som bidreg til å trekke andre land i ei meir berekraftig retning. Til dømes har vi stor truverd på bevaring av regnskog, etter å ha jobba med regnskogssatsinga i over ti år. Det same gjeld på hav, kor vi nyleg spilte ei nøkkelrolle i skipinga av eit internasjonalt havfond med Verdsbanken.

Og så har vi ei regjeringserklæring som seier at regjeringa skal «bidra aktivt i arbeidet med å utvikle eit nytt globalt rammeverk for naturmangfald etter 2020». og ein statsråd som er engasjert i det.

Det betyr at Noreg, og miljøminister Ola Elvestuen, kan ta ein leiarrolle i forhandlingane om han vil. WWF har (minst!) to forslag til område der han kan utgjere ein forskjell.

1. Verden treng eit globalt kunnskapsløft

Samanlikna med dei fleste land, ligg vi heilt i front på å samle inn, forstå og gjere tilgjengeleg informasjon om artene som lever i naturen, og økosystema som bind dei saman. Diverre er det slik at mange av landa som har aller mest natur, også er dei som har minst informasjon tilgjengeleg om den. Skal vi treffe gode avgjerder om bevaring av artene, er denne kunnskapen naudsynt. Noreg bør fremme internasjonalt samarbeid kor land kan utvikle gode verktøy og bruke av verktøykassane til kvarandre.

2. Styrke naturlig karbonlagring

Grøne planter på land og i havet driv omfattande karbonfangst. Faktisk kan heile 30 prosent av klimakutta som verda trenger innan 2030, kome frå naturleg karbonbinding i økosystema og i jordbruket. Her heime betyr det til dømes å restaurere skogar, våtmarker og tareskog. Internasjonalt kan innsatsen for å bevare tropiske skogar styrkast. Ein meir intakt natur er bra for både artane og for klimaet.

Utfordringa i landbruket er å vite meir om korleis ein både kan drive skogen og samstundes styrke karbonlagringa i naturen. Den norske landbrukspolitikken har gode føresetnadar for å drive fram nye løysingar, fordi vi har mykje kunnskap og offentlege midlar som påverkar vilkåra i næringa.

Det har enorme fordelar å ta vare på naturen, slik det har å redusere klimagassutslepp raskt. Det er mykje billegare å ta vare på enn å reparere. Det tidlegare nemnde naturpanelet har rekna ut at vi allereie har forringa naturen og økosystema med verdiar tilsvarande 10 prosent av alt vi produserer i løpet av eit år – globalt. Tek du fordelane og legg til all den kjærleiken menneske har til natur, er det mogeleg å mobilisere det til å ta betre vare på han – både i Noreg og internasjonalt.

Mer fra: Debatt