Debatt

Verdiane

Redselen for å adressera problematiske sider ved innvandring, kan fort enda som ein gigantbjørneteneste overfor innvandrarar.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Valkampen 2017 er i skrivande stund inne i sin raudglødane innspurt, og vil sannsynlegvis bli huska for to ting, verdi-snakket som meir eller mindre kokte ned til eit spørsmål om brunost eller ikkje, og Sylvi Listhaugs herostratisk omtalte besøk i den svenske forstaden Rinkeby, kjent for høg kriminalitet, høg andel av innvandring og store sosiale problem.

Forstaden er eitt av 55 område svensk politi i ein rapport frå 2014 karakteriserer som utsatte område der kriminelle nettverk i stor grad gjer som dei vil. Rapporten fortel at kvinner og personar av jødisk opphav unngår enkelte stader for å unngå å bli trakasserte av muslimske menn og at folk vegrar seg for å vitne etter vald og trugsmål om vald.

Integreringsminister Listhaug oppgav læringspotensial som grunn for hennar tur til broderlandet. Det var det ingen som trudde på. Det indignerte hylekoret som steig frå politiske kollegaer og kommentariatet og pressevinklingane var unisont; Skam deg, Listhaug! Tenk å driva politikk midt i valkampen!

Litt vanskeleg var det å halda orden i logikken; på utpust blir problema i Rinkeby forsøkt snakka vekk, på innpust går gispa over Listhaugs manglande skamkjensle over å bringa dei inn i norsk valkamp. So which one is it?

Viss alt går så meget bedre i Rinkeby, er det vel fint for svenskane å få kommunisert det. Viss ikkje, er det vel all grunn til å bringa inn samanhengen mellom graden av innvandring og mulegheiten for vellukka integrasjon.

Sjølvsagt har Listhaug meir på agendaen enn å læra. Ho reiste til Rinkeby for å visa at ho er blotta for berørings-eller andre angstar. Og like sjølvsagt må det vera at ho også får kritiske spørsmål om sin motivasjon for reisa. Men moraliseringa hadde eit lydnivå det er vanskeleg å finna ei forsøksmessig fornuftig forklaring på.

Heime sit dei andre på høge hestar og kappar om å devaluere Listhaugs anstende-kjensle og å få litt pressedekningssmular frå svenskebesøkets rike bord. Venstre-leiar Trine Skei Grande meinte det ikkje var nokon grunn til å reisa til Sverige for å læra noko som helst. Kvifor Venstre-leiaren vil slutta å snakka om eit så sentralt tema som innvandring, når ho meiner integrering er viktig å snakka om, er mildt sagt vanskeleg å gripa. Arbeiderpartiets Jonas Gahr Støre satsa på statsmannsstilen. Der i garden skulle partiets statsministerkandidat utelukkande møta partileiarar til debatt. Men Listhaug forsvinn ikkje på den måten. Heller ikkje Rinkeby. I staden framstår Støre og Arbeiderpartiet som engstelege og skuggeredde. Støre ser ut til å vera overbevist om at debatten om innvandring og integrasjon vil måtta bli på Listhaugs premissar. Kvifor tar han ikkje med seg sine eigne premissar til debatten og presenterer dei der brennpunktet gløder?

Støre framstår som ein politikar som er redd for å få skit under neglene. Men det er det som skjer når ein stikk fingeren i jorda. Og det er nok også eitt av Støre og Arbeiderpartiets hovudproblem, uviljen mot å stikka fingeren langt nok ned i jorda. Rinkeby-reaksjonane antok dimensjonar som klart fortel om at innvandringstemaet er så glovarmt at oppegåande politikarar ser ut til å måtta ha på seg tre par hanskar for å berøra det. Det seier seg sjølv at fingerspitzgefühl blir vanskeleg.

Innvandring betyr innvandring av menneske, men også av tankegods og verdiar. Somt av det i sterk motstrid til verdiar me, blant andre takka vera arbeiderrørsla, har fått knesette som etterkvart nesten sjølvsagde. Likeverd mellom kjønna, fridom for individet, ytringsfridom og ikkje minst ein stat som er sekulær, er verdibjelkar i det norske samfunnet. Og det er vel all grunn til å tru at menneske som flyktar frå fundamentalisme nettopp søkjer den fridommen vårt samfunn har kjempa fram?

Mennesket er ukrenkeleg, men det betyr ikkje at alt tankegods og at alle verdiar menneska ber med seg skal møtast med stilltiande audmjukheit. Delar av den islamske ideologien forfektar verdiar i sterk motstrid til ein europeisk kultur- og verdiarv Norge har fått lov å ta del i. Venstresida har alltid vore ivrige i tenesta når det gjeld å konfrontera lågkyrkjelege miljø eller, for den del kyrkja, om det skulle komma standpunkt og praksisar som ikkje er tolerante nok når det kjem til for eksempel likestilling. Det er berre å notera seg at konfrontasjonslysta ikkje ser ut til å vera like stor når det gjeld islam.

Valkampen er som sagt over, men kampen for verdiane er det definitivt ikkje. Eg ønskjer meg politikarar som torer å seia det. Som ikkje finn det mistenkeleg å snakka om norske verdiar som fridom og likeverd, som ikkje er redde for å seia at det finst verdiar verd å forkasta og verdiar det er verd å kjempa for.

Alle skal med, men alt tankegods skal ikkje med. Servilitet overfor fundamentalistisk ideologi, uansett kva den kallar seg, er til sjuande og sist ein grov bjørneteneste mot dei ein i første omgang kanskje trur ein er høflig mot.

Mer fra: Debatt