DEBATT: I USA går det føre seg ein seriøs debatt om Donald Trump er ein fascist.FOTO: JONATHAN ERNST/NTB SCANPIX

DEBATT: I USA går det føre seg ein seriøs debatt om Donald Trump er ein fascist.FOTO: JONATHAN ERNST/NTB SCANPIX

Vis bildetekst
Foto:

26-05-2016

USAs val – vårt problem

Dersom Trump blir president, skal alt halde fram som normalt mellom Noreg og USA? Nei, det kan det ikkje.

Kva om verdas mektigaste land skulle velge ein autoritær populist utan respekt for det liberale demokratiet som leiar. Som i tillegg er grenselaust sjølvsentrert, totalt uforutsigbar og løgnaktig i sin omgang med verda. Søkt? Nei, ikkje no.

I så fall, kan tilhøvet mellom Noreg og USA halde fram som før?

Alle veit ein del om Donald Trump no. I Noreg ler og ristar vi oppgitt på hovudet, er kanskje litt skremt til og med. Eg har i det siste brukt litt tid på å sette meg inn i kva han meiner, og kva slags person han er, forbi overskriftene på nett. Eg er på ingen måte ein ekspert, men likevel langt meir opplyst enn for berre ei veke sida.

Og dette kan eg fortelje deg. Donald Trump er ingen spøk, han er ikkje ein komisk figur. Han er tvert imot det største politiske alvor som har gått på to bein i mitt vaksne liv. Han er ein fare for USA slik vi kjenner det. Han er ein fare for land som deler idégrunnlag og allianse med USA.

Han er ein autoritær populist med nasjonalistiske drag, utan synleg respekt for det liberale demokratiet og rettsstatens grenser. Han har truga med å deportere amerikanske borgarar, født i USA, frå landet. Å nekte muslimar å kome til riket. Han har prisa tidlegare tiders internering av borgarar. Og vil bygge ein mur mot nabolandet Mexico. Han støttar tortur, og forsvarer å ta livet av ikkje-stridande i krig. Han bygger ikkje på innvandringsmotstand, men på rasismen som finst mot alle som ikkje er kvite, og eit fiendebilete av omverda.

Han er autoritær, med sterk vilje til å bruke makt for å få det som han vil. Han har truga med å trekke tilbake lisensen til CNN, med å knuse avisredaksjonar han mislikar. Han har i fult alvor snakka om å stenge av delar av internett. Knapt ei veke går utan at han set spørjeteikn ved viktige rettstryggleiksgarantiar. Samstundes er han respektlaus og hatefull mot alle typar motstandarar. Ei kvinne med tøffe spørsmål har mensen, politiske motstandarar blir skjelt ut og mobba.

Samstundes er han totalt uføreseieleg som person, og gjennomgåande løgnaktig. Mange av uttalane kjem plutseleg. Han re-twitrar brått eit Mussolini-sitat, ein pågåande journalist med ei funksjonshemming blir stunt-parodiert under ein tale. Han har endra meining totalt i ei serie spørsmål. Samstundes kan han nekte for fortidas dokumenterbare feil som om dei aldri hadde hendt han.

Han er denne kombinasjonen av 1) nasjonalistisk og populistisk politisk plattform utan respekt for det liberale demokratiet 2) autoritær, med uavgrensa vilje til å bruke makt for å få det som han vil og 3) ein personlegdom som er uføreseieleg og utan evne til å skilje sanning frå løgn.

Det er ikkje særnorsk å diskutere dette, det vert derimot heftig og dagleg diskutert i USA. Ei rekke statsvitarar og kommentatorar omtalar han som autoritær. Det går føre seg ein seriøs debatt om Trump er ein fascist. Fascisme-forskar Robert Paxton seier at han viser stor vilje til å bruke fascistisk stil og tematikk, og den sentrale konservative akademikaren Robert Kagan kallar han ein fascist.

Det er amerikanarane sin sak kven som blir president, det er deira val. Vi kan ikkje hindre Trump i å vinne, og skulle vi prøve vil det neppe ha effekt. Men kva som skjer etterpå er også vår sak. Det er heile verdas sak.

Det bør vi førebu oss på, gjennom å starte diskusjonen no. Ikkje konkludere endeleg, men førebu oss.

Det er ein særleg grunn til det. For sjølv om USA skulle få ein løgnaktig og autoritær populist som president, er dei likevel eit avgjerande land for norsk tryggleik og forsvar, og eit nærståande land på ei rekke andre felt.

Ei serie moderate utnemningar og utspel det neste halvåret vil ha som formål å bygge ned frykta for Trump. Her heime vil det bli skrive notat som legg vekt på dei lange linjene, og ber oss sjå an situasjonen. Dei aller, aller fleste som arbeider med utanriks- og forsvarspolitikk – stort sett sterke motstandarar av Trump sin politikk – vil (med god grunn) ha i ryggmargen at det nære tilhøvet bør halde fram. Ja, no er det særleg behov for det vil enkelte seie.

Eg fryktar at det er så sterke interesser i å late som ingen ting, at ingenting skjer. Statsministeren sin kommentar i april er illustrerande: «Vi skal ikke være overvettes bekymret, for jeg tror at rollen vil gjøre noe».

Men overvettes bekymra er nett det vi bør vere. For der rolla og spelereglane kan setje grenser for ein moderat politikar, har autoritære populistar for vane å endre spelereglane og rolla.

Kombinasjone av populistisk og nasjonalistisk politikk, og autoritær personlegdom, har vist seg farleg før. På sine heilt ulike vis, i heilt ulike land, er det det som spelar seg ut med Putin i Russland, Erdogan i Tyrkia og Orban i Ungarn. Alle tre har fått makta på demokratisk vis. Alle tre har gradvis – først sakte, så meir og meir – innført lover og reguleringar som hindrar opposisjon, presse og domstolar. Alle tre grunngjev det med kulturkonservativ nasjonalisme. Alle tre er stadig viljuge til å flytte grenser, stoppe motstandarar, bruke makt for å få det som dei vil.

Det må ikkje bli normalen at Trump er greitt. Aldri. Forsvarsverket mot at det er greitt, det går over, rolla vil nok dempe han, må byggast på førehand. Krava vi vil stille til oss sjølv for kva vi aksepterer, må vi snakke om før vi står der. I Noreg, og i alle andre land.

Politiske parti i Noreg må i gong med å snakke om dette. Ingen har svaret no, men alle bør kunne erkjenne ein enkel realitet. Det må få konsekvensar om det sit ein president i Det kvite hus som vi ikkje kan stole på.

Donald Trump bør ikkje lede USA. Gjer han det, bør ikkje vi la oss lede av han. Om fundamentet for norsk atlantisme er verdifellesskapet over havet tilbake til 1945, kva gjer vi når verdiane hos den allierte ikkje lenger er våre?


nyemeninger

Blir du med i debatten ?

Vi ønsker at Nye Meninger skal være en plattform for opplyst og engasjert debatt. Vær saklig og unngå personangrep. Overtramp vil føre til sletting og kan føre til utestenging. Les mer om retningslinjene våre her!