13-11-2014

UD-leiinga upålitelege om TTIP og TISA

Er UD-leiinga sin informasjon om TTIP og TISA basert på idologisk ønsketenking?

Etter at Liv Signe Navarsete den 5. nov. stilte spørsmål i Stortinget om frihandelsavtalane TTIP og TISA, har UD-leiinga prøvd å bagatellisere den veksande kritikken og skepsisen til desse avtalane. Som eg har peika på i eit tidlegare innlegg her, http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/cat1003/subcat1010/thread306935/

så har utenriksministeren svært dårleg dekning for å påstå at desse avtalane vil vere svær vekst og jobbskapande.

Seinare har eit par statssekretærar også kome på banen i same ærend også med like lite pålitelege påstandar. Eksempelvis skriv Morten Høglund i Klassekampen den 12. nov. at "Vi har i forhandlingene ikke forpliktet oss til å åpne markedene for sykehustjenester". Dette er ei merkeleg utsagn ettersom det i Norge sine “inital offers” (sjå evt http://www.regjeringen.no/upload/UD/Vedlegg/Handelspolitikk/tisa_offer.pdf)

står på side 13 at det er ingen begrensing for utanlandsk bedriftsetablering i Norge (commercial presence) for Deliveries and related services, nursing services, physiotherapeutic and para-medical services (CPC 93191)” . (Med unntak av kvalifiksjonskrav til arbeidarane).
Ettersom deliveries and related services betyr fødestover og liknande, så vil eg meine at Høglund er på tynn is her. Fødestover er tross alt vanlege å finne i norske sjukehus...

Høglund skriv også at “Vårt åpningstilbud og annen relevant informasjon er lett tilgjengelig”. Det ser ut til at desse “inital offers” ikkje er lettare “tilgjengelege” enn at han ikkje har fått med seg at fødestove-tenester er del av dei norske “tilboda” under forhandlingane... Det hjelper lite at desse "initial offers" er "lett tilgjengelege" på pc-en, og forståelege for fagfolk som driv forhandlingar av denne typen, dersom dei er elendige som politisk informasjon.

I tillegg er det "år og dag" sidan desse tilboda vart presenterte, og mykje kan ha endra seg uten av vi får balansert informasjon om kva. Det einaste vi ser tydelege eksempel på i den tilgjendelege informasjonen, er at Regjeringa konsentrerer seg om å bedre norske storkonsern sin markedstilgang i utlandet. Norske defensive interesser er det lite fokus på...


Internasjonalen Arne Strand Radikale Røster Redaksjonens utvalgte innlegg Perspektiv Publisert på Dagsavisens debattsider samme dag. Blåmandag Grønn hverdag Publisert i Dagsavisens papirutgave samme dag. Ille til mote Anders Heger Diskuter nå Hege Ulstein Espen S. H. Rusdal Ivar A. Iversen Utvalgte innlegg Reidar Sollie Halvor Finess Tretvoll Henvisning 1 Henvisning 2 Cancun Til Dagsavisen.no Refleks Selvbilder Global Voldtekt Dagens leder

Blir du med i debatten ?

Vi ønsker at Nye Meninger skal være en plattform for opplyst og engasjert debatt. Vær saklig og unngå personangrep. Overtramp vil føre til sletting og kan føre til utestenging. Les mer om retningslinjene våre her!