29-06-2011

Systemet framfor individet

Erik Tysses kamp mot dopingdomen burde engasjere. Er det slik at systemet alltid er ufeilbarleg?

Eg er så gamal at eg gjekk i fakkeltog for å støtte sovjetiske dissidentar. Der borte var trua slik at om nokon argumenterte mot systemet, så trua dei kollektivet, og dei måtte vera galne. Difor fann systemet ut at dei kunne burast inne, anten i fengsel, fangeleir eller mentalsjukehus.

No er ikkje Tysse-saka av slike dimensjonar. Men eg konstaterer at sidan den påståtte positive prøva, har norske kommentatorar oftast vore meir opptekne av å verne systemet enn å setje spørsmål ved individets rett til rettferdig rettergang. Rettferd er bærebjelken både i menneskerettane og skal vera det i ulike domsorgan.

SPENT: Den dopingtatte kappgjengeren Erik Tysse er i retten for å anke dopingdommen mot seg. Foto: Cornelius Poppe / Scanpix

Dagbladet.no: SPENT:Den dopingtatte kappgjengeren Erik Tysse er i retten for å anke dopingdommen mot seg. Foto: Cornelius Poppe / Scanpix

Eit minne

Før eg går inn i Tysse-saka skal eg dvele ved eit minne frå mine unge år som major i UNIFIL, FN-styrken i Libanon. Der var ein del av jobben å administrere heimsending av soldataer til sine respektive heimland etter disiplinærbrot. Då oppdaga eg at når Norge sende ein ung mann heim i skam, hende det at grunnlaget var urimelig, tynt eller fråverande. I ei verksemd som jobba etter FNs menneskerettserklæring, skulle ein tru at å bøte på urett var eit sjølvsagt verdigrunnlag. So ikkje. Norske styremakter ville aldri bøte urett, av omsyn til systemet.

Dei gjekk i brodden for å bryte den einskilde soldat sine grunnleggjande menneskerettar. Nokre år seinare oppdaga eg at systemet var nett like eins. Ein soldat vart heimsendt for narkotikabruk. Han kom heim til slekta, der særleg far-faren - ein veteran, tok saka svært tungt. Han skulle framstellast for straffeforfylgjing, for dette var eit allment brotsverk som ikkje berre skulle handterast militært.

Så synte det seg at kontrollprøva på Rettstoksikologisk institutt var gullande rein. Saka vart bortlagt som inkje straffbart forhold. Dei som opererte måleinstrumentet i Libanon hadde ikkje fått god nok opplæring, dei tolka målinga feil. Guten skulle sjølvsagt fått jobben att på flekken. men korkje regjeringa eller forsvarsjefen ville trekkje systemet i tvil. Dei ofra guten, med opne auge.

Ei salgs oppreising fekk han etter mine artiklar i Ny Tid, særleg vart det viktig for farfar. Men regjeringa synte, som i så mange saker, at menneskerett gjer seg best i festtalar og på kvitt papir.

Doping

Jaudå, doparar fuskar, fuskarar lyg. Det heng i hop. Så hender det likevel at det utenkjelege skjer. Ein med dei beste haldningar og åtferd gjennom mange år blir felt. Ingen kan tru det. Skiskyttaren Sylfest Glimsdal var ein slik gut. Den gongen stod forbundet bak han, dei visste kva to han var av.

Han kunne ikkje medvite ha dopa seg. Doplaboratoriet sette difor opp eit testprogram for han. Resultata synte at kroppen sjølv produserte testesteron over grenseverdiane. Etter den saka måtte grenseverdiane hevast for å verne uskuldige.

Georg Andersen vart ikkje verna av systemet. Han vart kontrollert og var rein i konkurransen før Bislett games. Dagane før konkurransen på Bislett trente han i Olympiatoppens treningssal, truleg den staden på jorda med dei fleste dopingprøvar i verda, rekna i høve til talet på brukarar. Ingen, ikkje ein gong ein juksar, vil dope seg på denne plassen. Likevel var det her dei tok han. Han måtte gje frå seg VM-medalja etter at prøvesvaret var klart. Andersen er ein oppegåande mann. Kanhende var resultatet rett, men medviten dopar var han slett ikkje når ein ser desse dagane i samanheng. Vanæra må han likevel leve med, av omsyn til systemet.

Erik Tysse

Denne unge mannen har brukt tida si på antidopingarbeid, vore ambassadør for ungdom. Han har frivillig vore underkasta eitt av dei strengaste testregima i verda. Blodverdiane hans vart kunngjort på intenett, slik at kven som helst kunne kontrollere dei i høve til trening og konkurranse.

Slik var det i fleire år, alt var normalt. Så blir han teken i ein konkurranse i Italia. Han blir nekta å kontrollere om prøva faktisk er hans, ein DNA-analyse kan avsløre det.

No står ikkje saka på dette spørsmålet. Men som i saka til UNIFIL-soldaten; verdas fremste ekspertar meiner at prøven er tolka feil. Den syner ikkje spor av CERA som han er dømt for. Norsk idrett har dømt han til utestenging i to år. Dei set meir lit til at dopsystemet og deira akkrediterte laboratorium ikkje kan gjera feil. Systemet, makta, er ufeilbarleg! Og kanhende; vi som står øvst på barrikaden mot doping, må syne at vi tek vore eigne, skuld eller uskuld er underordna prestisjen i å vera best i klassa.

Tanken er sovjetisk, nordkoreansk, kinesisk, fascistisk eller kva ein nå vil samalikne med. Javel, så blir han truleg dømd, av eit korrumpert system som ikkje evnar å gå i seg sjølv.

Kan hende har Tysse likevel feil. Kan hende vart han sabotert av miljø som ser seg lei på ufeilbarlege Noreg. Då skal han vite at denne skribent ikkje tvilerpå at han aldri har dopa seg medvite. Hadde dette vore ei rettssak med meg som lekdommar, ville mi røyst vore frifinning, basert på den tvilen som dop-ekspertane har ført fram til støtte for han.

Eg minner om Stigmavakta sitt motto."Ingen skal dømast for sine feil, men for evna til å bøte dei." Eg adresserer orda til idretten sjølv. Men idrettens verdiar er på mange område devaluert i høve til samfunnet elles. Så vona mi er ikkje den heilt store. Tysse kan ofrast, det manisk ufeilbarlege får stå.

Omnipotensen står sterkt i landet vårt, og i ideelle organisasjonar.

Terje Marøy

Stigmavakta



Internasjonalen Arne Strand Radikale Røster Redaksjonens utvalgte innlegg Perspektiv Publisert på Dagsavisens debattsider samme dag. Blåmandag Grønn hverdag Publisert i Dagsavisens papirutgave samme dag. Ille til mote Anders Heger Diskuter nå Hege Ulstein Espen S. H. Rusdal Ivar A. Iversen Utvalgte innlegg Reidar Sollie Halvor Finess Tretvoll Henvisning 1 Henvisning 2 Cancun Til Dagsavisen.no Refleks Selvbilder Global Voldtekt Dagens leder

Blir du med i debatten ?

Vi ønsker at Nye Meninger skal være en plattform for opplyst og engasjert debatt. Vær saklig og unngå personangrep. Overtramp vil føre til sletting og kan føre til utestenging. Les mer om retningslinjene våre her!