Debatt

Staten som versting?

Då regjeringa i 2015 endra arbeidsmiljølova slik at den opna opp for meir mellombels tilsette, mobiliserte fagrørsla til kamp over heile landet. Vi vonar stortingpolitikarane tenkjer på dette når dei 12. juni skal vedta ei ny lov for tilsette i staten som skal erstatte dagens tenestemannslov.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Slik lova ser ut no, vil tilsette i staten få dårlegare rettar enn tilsette elles i arbeidslivet, og staten vil stå fram som den verste.

16 prosent av dei 166.000 tilsette i staten er mellombels tilsette, mot åtte prosent i arbeidslivet ellers. Ved universiteta er så mange som kvar fjerde utan fast stilling, og det er vanleg å gå i mellombelse stillingar i mange år. Dette skaper utryggleik for den enkelte, og det bidreg heller ikkje til den faglege utviklinga som gjev offentlege tenester av høg kvalitet.

For fagrørsla er fast tilsetting ei av dei viktigaste arbeidslivssakene. Òg alle partia på Stortinget meiner at bruken av mellombels tilsetting i staten er for høg. Bodskapet til politikarane er at det er no finst eit unikt høve til å leggje til rette gjennom lov, forskrift og forarbeid for å få ned mellombels tilsette i staten.

Det er særleg på eit punkt stortinghandsaminga må føre til endring. Og det er formuleringa «særpreget til staten». Dette er ei formulering som skal grunngje kvifor staten kan tilsetje meir mellombels enn det som er tillate i andre sektorar. Det er ikkje noko spesielt ved staten, på dette området, som tilseier at det skal vere andre reglar der enn elles i arbeidslivet. Tidsavgrensa prosjekt og ekstern finansiering er ikkje noko særpreg ved staten. Det er tvert imot normalen i det norske arbeidslivet. Det er ingen grunn til at tilsette i staten skal ha dårlegare rettar enn tilsette i det private.

Prosessen rundt ny lov om tilsette i staten er eit godt døme på vellukka trepartssamarbeid.

Det er difor viktig at Stortinget ikkje no «tuklar» med dette kompromisset.

Mer fra: Debatt