Debatt

Stans dumping av gruveavfall i fjordene

Vil Ap i regjering lytte til vedtaket i IUCN, og sette i verk tiltak for å stanse dumping av gruveavfall i norske fjordar?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Innlegget er skrevet i samarbeid med Mads Løkeland, Naturvernforbundets gruveutvalg

14. juni 2016 hadde vi eit innlegg i Dagsavisen der vi utfordra Jonas Gahr Støre til å ta ansvar for eit friskt hav, og stanse dumping av gruveavfall i norske fjordar dersom Arbeidarpartiet får regjering i 2017. Utgangspunktet var at Støre hadde uttalt at han ville bli «havets statsminister».

Eit grunnleggjande vilkår for å kunne vidareføre og utvikle Noregs tusenårige historie med å hauste frå havet som ein økonomisk berebjelke for landet, er å halda havet friskt og artsrikt, og i det arbeidet er det viktig at Noreg stiller seg i spissen. Dessverre er havet sterkt truga av forureining av mange slag, men altfor lite blir gjort, og forskar Stein Erik Sørstrøm i Sintef er pessimistisk når det gjeld det internasjonale arbeidet: «Med tilsvarende tempo som på klimaområdet, kan vi forvente effektive, verdensomspennende tiltak mot havforurensning tidligst en gang mellom 2030 og 2050.»

Hausten 2016 tok IUCN, verdas naturvernunion, eit viktig steg i arbeidet for å stanse forureining av havet, då IUCNs verdskongress i eit nesten samstemt vedtak bad alle verdas land om å stanse dumping av gruveavfall i sjø. Noreg og Tyrkia var dei einaste landa på kongressen som røysta mot vedtaket. I tillegg til Chile, Indonesia og Papua New Guinea er Noreg og Tyrkia einaste landa som enno ikkje har stansa dumping av gruveavfall i sjø, og vi vil hevde at Noreg aldri vil få truverde til å kunne bli ein internasjonal pådrivar i arbeidet for å halda havet friskt og artsrikt så lenge dumpinga av gruveavfall i norske fjordar får halda fram.

Vi utfordra Støre på dette i juni 2016, men har så langt ikkje fått svar. Vi spør difor på nytt, for å få dette viktige spørsmålet avklart for veljarane før stortingsvalet 2017: Vil Ap i regjering lytte til vedtaket i IUCN, og sette i verk tiltak for å stanse dumping av gruveavfall i norske fjordar?

Mer fra: Debatt