Debatt

Skeiv økonomisk utvikling

Norske styringsparti sparar ikkje på sjølskryt om utviklinga i norsk økonomi.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Bladet Economist viser kvar veke økonomiske indikatorar for 42 land. For Norge gir dei siste tala liten grunn til skryt: Samla produksjon opp 1,1 % frå i fjor, prisane opp 3,5 %, arbeidsløysa 3,8 % og norsk krone over eitt år ned 8,1 % mot dollar. Dette er svakt – både samanlikna med andre europeiske land og historisk for Norge.

Verre er det at dei økonomiske skilnadene i landet aukar. Statistikken viser at dei rike vert rikare og folk flest kjem dårlegare ut. Den franske økonomi-professoren Thomas Piketty har analysert skeivutviklinga i inntekt og formue internasjonalt. Avkastninga av kapital har lenge vakse langt raskare enn arbeidsinntektene. Piketty meiner aukande økonomiske skilnader i eit land vil føre til politisk ustabilitet.

Skeivare fordeling av inntekt og formue har ført til at internasjonale organisasjonar som OECD og Pengefondet (IMF) tilrår vesentleg auka skatt på høg inntekt og formue (særleg eigedom). Tradisjonelt har norske regjeringar vore lydhøre for råd frå desse organisasjonane. Nå er regjeringa ikkje det og fører ein økonomisk politikk som skapar større skilnader.

Det er særleg fire skatteformer som kan skape utjamning av inntekt og formue mellom dei rike og andre: progressiv inntektskatt, formueskatt, eigedomskatt og arveavgift.

Inntektskatten kan ofte krympast urimeleg for dei som har store frådrag for gjeldsrenter. Næringsdrivande kan fordele inntekt mellom arbeids- og kapitalinntekt slik at det vert lite å betale til folketrygda. Svart arbeid fører sjølsagt til 0 inntektsskatt (og folketrygdavgift).

Formuesskatten er basert på verdiar plassert både i verdipapir, fast eigedom og utstyr som køyretøy, båtar o.l.. Verdiane er oftast lågt vurdert skattemessig og verdiar i utlandet er ikkje alltid lette å få registert for skattlegging.

Eigedomsskatt er heilt vanleg i andre land – ikkje minst i USA. Hus og hytter kan vanlegvis ikkje flyttast rundt for å sleppe slik skatt. Denne skatteforma speglar gjerne reell skatteevne, og kan unnta dei med vanleg bustandard (som i Oslo). Forsking viser at denne skatteforma ikkje har negative verknader samfunnsøkonomisk.

Arveavgift kan bremse opphopinga av verdiar på stadig færre hender over mange generasjonar. Avgifta høver godt til den norske sosiale modellen der alle ved fødselen bør vere likestilte og ha meir like framtidsutsikter. Det må finnast måtar å unngå at formuar vert fordelt før arveavgift er kravd inn.

Ein av dei aller rikaste, Bill Gates, har overført det meste av formuen sin til sosiale tiltak i u-land. Under ei gjesting i Oslo fekk han spørsmål om kva arvingane hans meinte om dette. Han svarte at like lite som søner og døtre av idrettsheltar får automatisk rett til å delta i OL bør avkom av rikfolk ha rett til stor arv før dei har kvalifisert seg.

Trass i tilrådingar frå dei fremste internasjonale økonomi-organisasjonar og verdskjente forskarar, fører regjeringa ein politikk for skeivare fordeling av inntekt og formue. Formuesskatt og eigedomsskatt er under nedskalering. Arveavgifta er fjerna.

Mer fra: Debatt