Kultur

Skandalen det ikkje vart blest om i media.

Heilt sidan rapporten BAK LUKKEDE DØRER, En rapport om Norges bilaterale og regionale frihandelsavtaler, kom ut i 2011, har det sjokkert meg at den fekk så lite gjenklang i media. Den inneheld rikeleg med sprengstoff til å gjere det.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Rapporten viser for eksempel at byråkratar i Handels- og Næringsdepartementet er totalt illojale i forhold politiske føringar frå den sittande regjeringa.

At dette skal interessere massemedia mindre enn truser og badstuvanar til enkelte ministrar, er mildt sagt skuffande...

Det er paraplyorganisasjonen Handelskampanjen som har publisert rapporten det her er snakk om og dei tre forfattarane er Heidi Lundeberg (dagleg leiar i Latin-Amerikagruppene og styremedlem i Handelskampanjen), Helene Bank (spesialrådgjevar i For Velferdsstaten og styremedlem i Handelskampanjen) og Marte Dæhlen (sekretær i Handelskampanjen).

Rapporten fokuserer på dei frihandelsavtalane Norge har inngått / er i ferd med å inngå dei siste åra, kor sterkt liberalistisk grunnhaldninga i desse avtalane er og, ikkje minst, kor sjokkerande udemokratisk prosessen rundt desse avtalane er.

I rapporten les vi ma fylgjande:

“Frihandelsavtalene bryter med norsk utenrikspolitikk.

Den norske handelspolitikken er definert av regjeringen i erklæringen Soria Moria II.

I følge erklæringen vil regjeringen "legge til grunn at WTO-avtaleverket ikke må ta fra fattige land styringsrett og virkemidler som har vært viktige for å utvikle vårt eget samfunn til et velferdssamfunn". Siden regjeringen er opptatt av koherens i utviklingen må vi anta at dette prinsippet også gjelder for de regionale og bilaterale frihandelsavtalene. Som vist i kapittel 1 inneholder avtalene flere klausuler som vil frata avtalepartene muligheten til å benytte seg av de samme utviklingspolitiske verktøyene som Norge brukte da vi bygde vårt velferdssamfunn. Avtalene bryter altså med denne visjonen."

I reine ord: Dei som utarbeider avtalane på vegne av Norge, ignorerer suverent klare politiske signal frå Regjeringa.

Sjå evt meir på http://www.handelskampanjen.no/files/documents/lukkede_dorer_web.pdf

Dette elendige politiske håndtverket, krydra med illojalitet frå byråkrathald, i saker som er direkte fundamentale for dei økonomiske rammevilkåra i samfunnet, har lenge irritert meg. Det burde også irritert og uroa langt fleire enn det no ser ut til.

Eksempelvis skreiv eg eit innlegg så tidleg som i 1998 om MAI-avtalen (multilateral agreement on investments), som også den omtalte rapporten viser til. Innlegget er å finne på www.framilyset.com. Det er skremande å registrere at dei kreftene som arbeider for særinteressene til dei store finansgigantane slik dei prøvde gjennom MAI-avtalen, framleis kynisk turar fram på tross av til dels kraftig sivil politisk motstand.. Det er altså tydeleg at desse kreftene har sine våpendragarar også i byråkratiet i Handels- og Næringsdepartementet i Oslo...

Mer fra: Kultur