Debatt

Sjå til nynorsken, groruddølar

Her kjem nokre samanliknande sveip mellom oslomålet og nynorsken.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

For tida viser Dagsavisen eit gledeleg engasjement for språket i Groruddalen og Oslo Aust. Det begynte med eit innlegg frå Jan Bøhler der han ønsker den same merksemda for det munnlege språket i sitt område som den merksemda som blir gitt til dialektene andre stader i landet. I eit intervju følger Finn-Erik Vinje opp og meiner at ein godt kan «sverme litt for Groruddalen». Så slår leiarartikkelen 8. september fast at det er på tide at nokon gir ei hjelpande hand til språket på austkanten.

Når eg les dette, blir eg freista til å gjere ein vri på Franklin D Roosevelts «Look to Norway»-tale og seie til groruddølane: sjå til nynorsken. Gjer som mange yngre oslofolk som har byrja å sjå samanhengen mellom lydverk, ordval og bøyingsformer i det gamle oslomålet og det nynorske språksystemet. Tre av leiarane i Norsk Målungdom dei siste 10 åra har vore frå Oslo.

Nynorsken er som kjent eit norsk skriftmål laga som ein fellesnemnar for dialektene. Oslo-målet er ein variant av austlandsdialektene. Skildra med faglege merkelappar ligg det mellom dei opplandske og vikværske målføra. Nokre former er meir like dei i Oppland og Hedmark, andre er meir like dei i Buskerud, Vestfold og Østfold. Oslomålet er dermed ei norsk dialekt, der ein finn sentrale trekk att i arbeidet til Ivar Aasen.

Her kjem nokre samanliknande sveip mellom oslomålet og nynorsken:

I lydverket har tradisjonelt oslomål vokallyden felles med nynorsk i ord som vogge, dokke, slokke, tjuv, sjuk. Oslomålet og nynorsken har også diftong felles, som i sein, skreiv.

I formverket har tradisjonell oslodialekt og nynorsk det felles at substantiva alltid har tre kjønn, og at ein brukar «ei» framfor hokjønnsord. Det heiter «alle bila» og «alle stola» i oslomålet, dette er forkorta former av «bilane» og «stolane» som ein finn i nynorsken og i dialektene sør for Oslo.

Som nynorsk har oslomålet a-preteritum i svake verb: «kasta, hoppa» (Bokmål har òg denne forma, men dei fleste synest ho blir for «gatespråkaktig» i skrift.)

Den nynorske vokalskiftinga i sterke verb er i ofte i samsvar med bøyingsmønsteret i oslomålet: Å skrive - skreiv - skrivi.

Ser vi til slutt på setningsbygning, så brukar både oslomål og nynorsk preposisjon der bokmål og Oslo Vest brukar genitivs-s: «bilen til pappa» heller enn «pappas bil».

I vår tid er språket i Oslo Aust sterkt prega av multietnolekter. Når eg les Zeshan Shakars Tante Ulrikkes vei, så finn eg likevel at element av tradisjonelt oslomål lever vidare i språket til karakterane der.

Om groruddølane ser ein gong til på nynorsken, så vil dei oppdage at i det andre norske språket får ord som «djup», «mjuk», «rein» og «skreiv» respekt og verdi. Dei er ikkje på noko vis «vulgære», slik mange vil ha det til andsynes bokmålet og Oslo Vest.

Som Tarjei Vesaas sa: «Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld». Det bør også gjelde dei fleire hundre tusen som framleis er glade i og brukar tradisjonelt oslomål.

Og til Dagsavisen vil eg seie at dersom de tar dykkar eigen leiarartikkel på alvor, så bør det ikkje bli så lenge til at avisa skiftar namn til Dagsavisa.

Les også: Slik blir Aasbrenns nysnorskinvitasjon mottat av fire grorøddøler Dagsavisen har snakket med

Mer fra: Debatt